Det er ikkje mine sko du ser

02.05.2024
Det er ikkje mine sko du ser
Forlagshuset Publica
Tone Bakke

Viktig bok om ME

ME-pasientar har like dårleg livskvalitet som kreftpasientar. Dette vart slått fast av norsk forsking frå Fafo og SINTEF i det samfunnsvitskapelege prosjektet Tjenesten og MEg i 2023. Sluttrapporten viser at ME-pasientar ofte opplever å ikkje verte tekne på alvor innan helse- og sosialtenester, tvungne inn i skadelege tiltak hos Nav og verte mistenkeleggjorde i samfunnet elles, noko som samla sett er til stor meirbelastning for i utgangspunktet skjøre ME-pasientar. Kan ein ME-pasient sine refleksjonar om livet vere med på å spreie forståing for diagnosen?


«Med denne debutboka står Tone Bakke fram med ei sterk og særmerkt litterær stemme. Prega av ein alvorleg ME-sjukdom formidlar ho tunge kvardagserfaringar, men også eit boblande overskot av glede og kjærleik til livet. Tekstane gjev nærleik til ein alvorleg livssituasjon, men også med tydlege invitasjonar til å reflektere over tida vi lever i og samfunnet vi er del av.

 

Det er ikkje mine sko du ser er ei viktig bok -for alle.»Ove Eide, pensjonert lektor, forfattar

 

Tone Bakke (f. 1985) er oppvaksen på Davik i Nordfjord, og er i dag busett på Vassenden i Sunnfjord. Ho er mor til to tenåringar, men er også kronisk sjuk med ME, og er i kvardagen sengeliggande i 22 timar av døgnet. «Det er ikkje mine sko du ser» er hennar bokdebut.

 

BOKFAKTA:

Tittel: Det er ikkje mine sko du ser

Forfattar: Tone Bakke

ISBN: 9788284162263

Format: 13 x 20

Antall sider: 124

Innbinding: innbundet

Utsalgspris kr 329.00

 

Redaktør -

Nyheter

Kvinner og mén

Kvinner og mén

Hva skjuler seg bak fasadene? Bli med på ...

Desemberbarn

Desemberbarn

Hva faen gjør man med savn, liksom ...

Alle årstidene i mitt hjerte

Alle årstidene i mitt hjerte

En gripende diktsamling om forløsning, ...

Stråle 3

Stråle 3

Ei vakker og tankevekkande bok

Nekrotisk vev

Nekrotisk vev

Skuffa, seier du ? At ikkje du skulle bli ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...