Likar å seie mykje med få ord

20.07.2021
Likar å seie mykje med få ord
Lyrikkforlaget
Elin Eika Bringa

Elin Eika Bringa likar å uttrykke seg i korte vendingar. No er ho aktuell med diktsamlinga Mjuk som kordfløyel.

Bringa er trebarnsmamma med jobb i PP-tenesta. Relasjonar er difor noko som opptek ho tjugefire timar i døgnet. Dikta i boka handlar om kjærleik og relasjonar til born. Men også om relasjonar til foreldre eller andre nære relasjonar.

Inspirasjonen hentar eg frå kvardagen. Ein del av dikta er skrivne mens eg ventar på at barna våre skal sovne om kvelden, spesielt dei dikta som omhandlar barneperspektivet i samlinga. Sjølv om mange av dikta er inspirert frå mitt eige kvardagsliv, handlar dei ikkje nødvendigvis om meg sjølv. Men at det er kort veg mellom himmel og helvete i nære relasjonar, det kan eg kjenne meg veldig att i, forklarer forfattaren.

 

Ho beveger seg mykje ute i det fri.

Mange av dikta har eg skrive mens eg har gått tur i skogen. Det er mykje inspirasjon å hente frå naturen, difor har eg mange natur-bilete i dikta; som vatn, trær også vidare. Eg trur dikta treff spesielt dei som har eigne born og familie, sjølv om mange av dei også omhandlar kjærleik generelt. Der kjærleik er i biletet, er det ofte store kjensler. Både gode og vonde. Eg skriv om savn, om å være oppslukt av nokon andre, om å kjenne seg einsam og om det å bety noko for nokon. Relasjonar er på mange måtar det viktigaste vi har i livet, men ikkje det enklaste å handsama.

 

Elin Eika Bringa er oppteken av kjensler i dikta. Ho håpar det treff lesaren på same måte som ho kjende det då ho skreiv dei. Sjølv om dikt treff menneske ulikt, likar ho at ein kan seie mykje med få ord.

Dikt har eg skrive i fleire år, og eg deler ein del av dei på instagramkontoen min (@poesi.elin.eika). Om det blir fleire diktbøker vil tida vise. Eg held også på med andre skjønnlitterære prosjekter. Draumen er å gi ut noko i denne sjangeren også. Ei barnebok hadde vore moro.

Redaktør -

Nyheter

Hold rundt meg når det snør

Hold rundt meg når det snør

Om naturen - og hvordan skiftningene i den ...

Et gjensyn og en samtale

Et gjensyn og en samtale

En sjelden visuell og litterær symfoni ...

Trøbbel i tårnet

Trøbbel i tårnet

Ord på det mange av oss ikke klarer ...

Hjertesnakker II

Hjertesnakker II

Vi minnes ikke dager, men øyeblikkene ...

Humor og alvor - hånd i hånd

Humor og alvor - hånd i hånd

Dikt om ordets makt Kunne man slette, kunne ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...