To lyse hundar

05.10.2021
To lyse hundar
Forlagshuset Publica
Per Jan Ingebrigtsen

Ikkje alt skal fram i lyset. Ikkje på liv og død.

Ei gryande uro av å vera sperra inne, tek kampen opp mot den tryggleiken som dei stengde romma stundom kan gi. I «To lyse hundar» får Den eldre tida til å gå ved å studera korleis skyene endrar fasong og karakter. Korleis dei kan framstå i så mange nyansar av gråfargar at talet nærmar seg det uendelege. Han kan det same om skyer som det ein røynd ornitolog kan om fuglar.


Ornitologen og han ser det som flyg dei fleste augo forbi. Ofte vert han forstyrra av Den yngre, som med sitt urolege sinn, ikkje kan gi opp håpet om å sleppa fri. Om å komma ut og gjera opp for noko han gjerne skulle sett ugjort. Den eldre finn trøyst i to lyse hundar, som stundom kjem diltande fram frå mørke krør, når han kallar på dei. Fotografia i To lyse hundar har som mål å utfordra lesaren og gi alternative og utvida tolkingar til teksten.

Per Jan Ingebrigtsen gav ut det førre skodespelet sitt, ”Ri vinden” i 2009. Sidan har han gjeve ut ei diktsamling, tre romanar og to barnebøker. ”Ri vinden holder mål både som poesi og teater. Ingebrigtsens tekst er full av fine språklige vendinger og originale metaforer” skreiv Bergens Tidende sin meldar, Ingvild Bræin, etter premieren i Bergen. Tordis Marie Espeland i avisa Sunnhordland skreiv: ”Hjelmen sine fotografi gjev ein ekstra dimensjon til teateropplevinga.” Skodespelet er innkjøpt av Norsk Kulturråd og vart pensum på så vel vidaregåande skular, som på fleire høgskular. Ein dramaturgisk DNA-test ville sannsynlegvis avslørt slektskapen mellom ”Ri vinden” og ”To lyse hundar”.


Øyvind Hjelmen har tidlegare samarbeidd med Per Jan Ingebrigtsen om ”Ri vinden” og diktboka ”Lys og skugge”. I tillegg til ”Sentimental” - ei bok med forfattarportrett, har han gjeve ut to monografiar. Den nyaste av desse, ”Moments Reflected”, er internasjonalt prisbelønna. Han arbeider med det meste innan fotografi, og har hatt utstillingar i 14 land.

 

BOKFAKTA:

Tittel: To lyse hundar

Forfatter: Per Jan Ingebrigtsen

ISBN: 9788284161426

Format: 15 x 21

Antall sider: 96

Innbinding: innbundet

Utsalgspris kr 279.00

Redaktør -

Nyheter

Hold rundt meg når det snør

Hold rundt meg når det snør

Om naturen - og hvordan skiftningene i den ...

Et gjensyn og en samtale

Et gjensyn og en samtale

En sjelden visuell og litterær symfoni ...

Trøbbel i tårnet

Trøbbel i tårnet

Ord på det mange av oss ikke klarer ...

Hjertesnakker II

Hjertesnakker II

Vi minnes ikke dager, men øyeblikkene ...

Humor og alvor - hånd i hånd

Humor og alvor - hånd i hånd

Dikt om ordets makt Kunne man slette, kunne ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...