Tre stjernenamn prydar plakaten

27.05.2012
Tre stjernenamn prydar plakaten
Jonas Alaska

Jonas Alaska, Honningbarna og Stein Torleif Bjella er dei største trekkplastera på plakaten til årets Ranglerock, men Omund Norheim meiner publikum kan få like store opplevingar om dei får med seg dei mindre kjende artistane og banda.

Årets Ranglerock går av stabelen i Bryne Mølle 13. og 14. juli. Omund Norheim seier at arrangørane er veldig nøgde med årets artistar.

-Det gjekk godt i fjor. Det gjer at me har litt meir pengar å rutta med i år. Det kjem publikum til gode, seier Norheim, som freistar med fleire kjende – og mange spennande, men litt meir ukjende – namn på lista over artistar.

-Det er tre store namn, og mange små skattar blant dei andre, meiner Norheim.

Omund Norheim meiner særleg det norske bandet «The Captain and me» er ein ukjend skatt.

-Dette bandet gav ut ei plate som fekk gode kritikkar i fjor, og Dagbladet sette plata opp på lista over dei 20 beste norske platene i fjor. Dei kalla også bandet for det beste ukjende bandet i landet, seier han.

På plakaten er også band som husbandet Svenssen, Hold fast – Ukas Urørt-vinnar Stavanger, og HighasaKite frå Trondheim. Sistnemnde er bandet bak låta «Indian Summer». Debutplata deira i fjor fekk terningkast seks i Dagbladet, og fekk platemeldaren til å skrive at resten av musikkåret like gjerne kunne avlysast.

-Me satsar på god stemning og 300 i salen begge kveldane. Billettane er ikkje dyrare enn ein vanleg konsertbillett, men her kan ein få med seg fleire spennande band og kanskje ei aha-oppleving eller to, seier Norheim.

-Stein Torleif Bjella og Jonas Alaska blir trekkplaster kvar sin kveld, men resten av programmet kan vere like spennande, legg han til.

 

 

 

Bilde:

Jonas Alaska (Pressefoto)

 

Stein Torleif Bjella (Pressefoto: Knut Bry)

 

Om trekkplastera på Ranglerock:

 

Jonas Alaska

Unge Jonas Alaska hadde ikkje mindre enn tre spellemannsnominasjonar i vinter. Med sin vare, melankolske folkpop har han klimpra seg inn i hjarta til mange nordmenn, og no gjer han òg lukke nedover kontinentet. Mange har samanlikna han med tidleg Bob Dylan, og han legg ikkje skjul på inspirasjon derifrå. Samtidig er uttrykket sjeldan modent og i tekstane skildrar han vanskelege emne på ein direkte og enkel måte. Med seg i bandet har han Billie Van og urørtvinnar Mikhael Paskalev.

(Kjelde: www.ranglerock.no)

 

Honningbarna

Honningbarna er eit band som faktisk meiner noko. Frå eit opprørsk ungdomsperspektiv stappar dei låtane sine med skarpe og treffsikre skjennepreikener om det uforståelege vaksensamfunnet. Dei fingen på vestleg dobbeltmoral, statsleiarars feighet, løgn og bedrag. Dette leverer dei med sjeldan energy og raseri, som bare sinte tenåringar kan. Dei har spela på dei største festivalscenene over heile landet, og satt Roskilde i kok.

(Kjelde: www.ranglerock.no)

 

Stein Torleif Bjella

Stein Torleif Bjella solodebuterte i 2009 med albumet “Heidersmenn”. Ei lågmælt og intens plate fullstappa med høgdepunkt. “Heidersmenn” blei motteken med ovasjonar i ei samla presse og blei nominert til to Spellemannsprisar, beste viseplate og beste tekstar. Bjella turnerte konstant, og etter kvart blei ordet om denne “Tause Menns Talsmann” spreidd stadig vidare.

Derfor var forventningane til andre albumet “Vonde Visu” uvanleg høge. Men dei blei meir enn innfridde. Songane trengte endå djupare ned, og var velsigna med endå vakrare melodiar. Plata mottok fantastiske kritikkar og selde godt. “Vonde Visu” låg 21 veker på VG-lista, med 3. plass som bestenotering. Turnéen som følgde var ein suksess. 2012 har hatt ein bra start med både Spellemann og Prøysenpris til Stein Torleif.

(Kjelde: www.steintorleifbjella.no)

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...