Ser det store i det vesle

15.08.2006
Ser det store i det vesle
Thorvald Stoltenberg heldt fana høgt i Kulturhuset.

Verken styresmaktene eller private kan ta seg av alle oppgåver. Derfor trur eg frivillig arbeid får stadig større betydning, oppmuntra Thorvald Stoltenberg på verveturen til Suldal.

Presidenten i Norges Røde Kors møtte ei stor forsamling på Kulturhuset, der Suldal Røde Kors inviterte til Stoltenbergs foredrag om ”Det å vera menneske”. Ikkje uventa kom talen til å omhandla mellom-menneskelege prosessar. Han viste korleis han, som smågut, i møte med det menneskeleg mangfald på Oslos austkant, lærte repekt for menneskeverd og toleranse.

 

Brubyggjar

Med si erfaring frå humanitært og politisk arbeid nasjonalt og internasjonalt, har Stoltenberg eit hav av anekdoter for å levandegjera bileta for publikum. Om korleis han vart sendt frå hus til hus i Lakkegata då pakistanarar blei busette i området, noko som skapte uro blant folk. Me ser han for seg, meklaren, i kommunalt arrangerte teselskap, som brubyggjar mellom kulturane. Då han til slutt endar opp med dagens spente situasjon mellom muslimar og ikkje-muslimar, ber han folk hugsa at det Muslimske Rådet i Norge er det rådet som har takla situasjonen best. Kankje fordi dei føler dei som innvandrarar vart tatt imot med verdigheit.

 

Flott med solskinn

Håpet om ei betre verd gjennomsyra foredraget hans.

- Eg vil gjerne sjå det positive framfor det negatvie, vedgjekk han og illustrerte det med eit ferskt eksempel:

- Så flott å bli møtt med solskinn, strålte han ved ankomsten. Der alle andre berre ante ein flik blå himmel.

- Blå himmel er solskinn for meg, erklærte Stoltenberg og viste korleis sjølv ein katastrofe som tsunamien førte til noko godt ved at folk fann venner dei tidlegare ikkje visste om og hadde samarbeid dei ikkje trudde var mogleg.

 

Komlefest

Seinare kunne leiar i Suldal Røde Kors, Oddbjørg S. Nærheim, ønskja velkommen til komlemiddag med ein president som tydeleg viste å setja pris på maten. Hjelpekorpsleiar Lars Christian Benninghoff orienterte om bereidskapsgruppene, og fungerande ordførar Hans Sæter sende med heim suldalsbøker, og frå lokallaget vanka det Suldalskinke som niste.

Redaktør -

Nyheter

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Når læreren Kay Karisari Solstad ...

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende diktsamling

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende ...

Ali Jakupovic (30) fra Arendal debuterer ...

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Lars Fredrik Høiby er vokst opp i Stavanger ...

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin debut som lyriker

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin ...

Med diktsamlingen en dråpe er nok trer ...

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Reidar Lund er en forfatter som ikke bare ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...