Krussedullar vart bok

01.09.2005
Krussedullar vart bok
Jack Rostøl og Ingeborg Anzjøn

Gjennom mange år skribla Jack Rostøl ned små tekstar, dikt og songar. At det skulle verte utgitt nokon gong, hadde han aldri trudd.

Historiene i boka er mangfaldige og strekker seg over eit vidt spekter av betraktningar og hendingar i Jack sitt liv. Boka er personleg, og avslører mellom anna at han er sterkt knytt til familiestaden på Rostøl. Boka har også historier om oppvek-sten på Lurahammaren.

- Etter mange oppfordringar tok eg med meg nokre kladdar og gjekk til Tom Gaudland i Commentum Forlag. At vi no sit her med boka i hendene, er heilt utruleg for meg. Av og til trur eg at eg drøymer, seier Jack Rostøl.


Boklansering
13. september vert ”Kryssedulla” lansert med brask og bram på Sand-nes Kulturhus. Tekstane er skrivne av Jack, medan Ingeborg Anzjøn har laga illustrasjonane. Boka er skrive på skikkeleg ”sandnesisk”, og blandinga tekst, dikt og songar, gjer det vanskeleg å putte boka i èin kategori.

- Totalintrykket eg har av boka, er at tekstane er så nære. Det er kjekke betraktningar som folk vil kunne kjenne seg igjen i. Dei er så gode å lese, meiner Ingeborg Anzjøn. Ho har gått grundig inn i tekstane, for å kunne formidle med tusjen sin noko av det tekstane fortel.
- Eg vil seie det er ein hyllest til livet. Boka vil få folk til å tenke over livet sitt. Tekstane kan få lesaren til å reflektere over hendingar og opplevingar i fortida som dei kan ta med seg vidare i framtida, seier Rostøl.
Dei to har ikkje tenkt seg ut ei særskild målgruppe for boka, men trur vaksne over 30 år kan vere mest aktuelle. Dei har i alle fall ikkje laga ei ungdomsbok, mens heller ei bok for dei som har levd litt og som vil reflektere over livet sitt.


Fekk frie tøylar
- Korleis starta samarbeidet med ”Kryssedulla”?
- Då eg gjekk til forlaget, hadde eg Ingeborg i tankane som illustratør, sjølv om vi berre hadde snakka laust om det. Ingeborg og eg har vore arbeidskollegaer før, og eg visste at ho var dyktig i teikning, fortel Jack.
- Og eg kjende godt til tekstane til Jack. Av og til las han opp ein tekst på eit personalmøte, eller han lærte oss ein song på fjelltur. Eg likte ”tonen” i tekstane hans, og takka ja til oppdraget med ein gong, seier Ingeborg. Jack ga Ingeborg heilt frie tøylar, og var aldri uroleg for korleis illustrasjonane skulle bli. Dei to kjenner kvarandre så godt at dei tør seie i frå til kvarandre.
- Eg har gått inn i tekstane, og prøvd å fange stemningane som eg får når eg har lese dei. Men det er klart at dette er mine tolkingar, andre får sikkert andre bilete av tekstane. Eg har likevel prøvd å få fram ei stemning som er ”representativ” for fleire, fortel Ingeborg.


Smertefritt
- Du då, Jack. Korleis opplevde du at Ingeborg tolka dine tekstar med illustrasjonar?
- Eg følte Ingeborg klarte å underbygge tekstane mine på ein fantastisk måte. Når ho viste meg eit utkast, var det liksom berre; ”Dette klaffar jo!” og ”Ja, det er klart at det
er slik det skal vere!” Ingeborg klarer å få fram det eg meiner, og det var svært inspirerande for meg å kunne velje ein person eg kjende og hadde eit godt forhold til. Kjemien mellom oss gjorde arbeidet til ein heilt smertefri prosess, fortel Jack
- Ja, at vi har ein så god tone trur eg er ein verdi i seg sjølv i eit slikt samarbeid,
seier Ingeborg.


Jack og Ingeborg ser ikkje vekk i frå å samarbeide meir seinare, men førebels har ikkje Jack konkrete planar om ei bok nummer to. I mellom tida held dei to fram med dei ”vanege” jobbane sine. Ho som sjølv stendig interiørarkitekt, han som jobbkonsulent ved Sandnes Pro Service. Men likevel, lanseringsfest og boksigneringar må dei nok rydde plass til på timeplanane framover.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Jack Røstol,

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Det blir ellevill dramatikk og litt romantikk ...

Vilja vil ikke

Vilja vil ikke

En dag får Vilja gjøre som hun ...

De ropende tankenes hvisken

De ropende tankenes hvisken

Dikt om sorgens ansikter

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...