Profesjonelle sangamat

19.01.2006
Profesjonelle sangamat
Sangbrødrene har eit repertoar på om lag 50 songar og hadde meir enn 30 oppdrag i fjor

Sangbrødrene har to heile skuletimar med korøving på Skipper Worse Ledaal kvar måndag. Men dei lik-nar ikkje ein vanleg skuleklasse. Ingen ser på klokka og lurer på når det er friminutt. Alle er oppslukt i songen, og har blik-ket festa vekselvis i noteheftet og på dirigenten.

Og for den som trudde dette var noko vanleg amatørkor; Sangbrød-rene er profesjonelle og ettertrakta. I fjor heldt dei om lag 30 konsertar. Og skulking av korøvinga er det ikkje snakk om.
- 41 i feber eller nybrote bein er einaste gyldige fråversgrunn, seier Bjørn Lorentzen, formann i koret, og smiler. Eg tenker at det er ein slagferdig kommentar, men kan ikkje la vere å gruble på kvifor leia-ren for koret sa nybrote bein. Ser for meg korleis songarane trassar vêr, vind og føreforhold for å kome seg til korøvinga kvar måndag, året igjennom. Ein av dei som aldri skulkar, er Jostein Kvame.

3 timar reiseveg
- Eg bur i Årdal i Ryfylke og bruker 1-1,5 time kvar veg. Men den reisa tek eg med glede - eg gler meg til kvar einaste øving! Eg har vore med frå første dag, og i tillegg til sjølve songen har vi eit svært godt kameratskap som også betyr mykje for meg. Dessutan er Rannveig ein veldig dyktig dirigent som også spreier rundt det gode humøret sitt til koret, fortel Kvame.
Dirigenten Rannveig er Rannveig Westvik Skiri, den profesjonelle klassiske songaren som har halde styr på Sangbrødrene dei siste 4,5 åra. Forutan Sangbrødrene dirigerer ho to andre kor - samtidig som ho lever som frilanssongar. Ho har ikkje ein særskilt stilart ho foretrek-ker framfor andre, men syng på eit vidt spekter; alt frå musikalar, pop, jazz og Evert Taube-viser.

Best muleg
- Takk for komplimentet, men Sangbrødrene er eit amatørkor. Men vi prøver å bli best muleg -utan at det skal bli kjedeleg, seier Rannveig Westvik Skiri. Ho opple-ver at songarane har stor glede av koret, uavhengig av kor høgt dei legg lista sjølve.
- Går eg meir avansert til verks, seier eg: "Ta det til deg du som vil". Eg forlangar ikkje så mykje - det skal vere kjekt! understreker Skiri.
- Her skal dokke få lov til å puste litt - her vert det for langt å "halde over". Høyrest ikkje det bra ut? Rannveig kjem med klare, vennlege - men bestemte meldingar til songa-rane sine. Av og til må ho hysje litt på dei også. Det kan bli "sollete" når 30 menn småsludrar - om dei gjer det aldri så lågt.
- Går dokke ned no, andrebassar? Ikkje noko juks no! Rannveig smi-ler medan ho instruerer.
Men andrebassane ristar på hovu-da sine, og lovar å gå ned på akku-rat rette staden. Litt seinare gir diri-genten ekstra ros til førstetenorane etter at songen er ferdig. Då stram-mar dei seg opp, nikkar til kvaran-dre, medan dei humrar stolt.

To kriteriar
Fleire av oss var med i "Domkoret" tidlegare. Men då vi
kom i stemmeskiftet, spora vi liksom av. Jan Didrik Skibelid tok så initiativ til å danne eit nytt kor for godt vaksne menn, og noko seinare laga Wenche Helgøy Nilsen - den
førre dirigenten vår - kor av oss. I fjor hadde vi 10 års jubileum, og har ingen planar om å gi oss. Vi ha berre to kriteriar; ein må vere mann, og ein må vere pensjonist, seier Bjørn Lorentzen.

I kaffipausen hukar eg tak i nokre av songarane for å høyre korleis det er å vere med i koret. Men dei 15 minutta går raskt, og like raskt som, dei gjekk til pausen, har dei funne stolane sine igjen. Gjengen er disiplinert. 15 er 15 minutt. No er dei klare for å øve på kjende songar og innøve nye. Alle ser ut til å ha stor glede av å bruke stemma si. Nokre syng høgare enn andrenokre kjem med små kommentararsom får godlåtten fram innimellom songane. Felles for dei 29 songarane er likevel at dei gir alt når det
trengst.
- Å vere ein del av eit kor gir ein flott identitet og tilhøyrsle. Eg er veldig glad i dei. Både i kvar enkelt og i koret som heilskap, fortel dirigent Skiri.

Redaktør -

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...