Stort engasjement for trafikksikringstiltak

03.11.2005
Stort engasjement for trafikksikringstiltak
Egil Songe-Møller

På bydelsutvalsmøtet for Eiganes og Våland 26. september, var Trafikksikkerhetsplan for Stavanger 2005-2008 ei av sakene som var oppe.

Planen er meint som ein reiskap for å synleggjere behova og prioriteringane innan trafikksikkerheit i Stavanger kommune. Planen representerer både fysiske tiltak og åtferdstiltak; hovudfokuset er trafikantåtferd og nullvisjonen – visjonen om ingen drepne eller varig skadde i trafikken. I planen finst det mellom anna ein analyse av ulukkessituasjonen i Stavanger. Eit vesentleg punkt er balansegangen mellom sikkerheit og framkomelegheit – og ei betre prioritering mellom desse.

Mange av utvalsmedlemmene fremja imidlertid framlegg, anten som framlegg til vedtak – eller som oversendingsframlegg. Rigmor H. Amundsens (Krf) framlegg vart samrøystes vedteke. I framlegget vart det slått fast at dagens hovudvegsystem ikkje er tilstrekkeleg. Det vart også peika på at småvegane i bustadområda vert meir belasta og at dette medfører auka fare for ulukker, samt at dagens hovudvegar er ei miljøbelastning for dei omliggande bustadområda. Til slutt heiter det at : ”Bydelsutvalet ber difor om at det prioriterast alternative hovudvegar som vert lagt under jorda”.
I tillegg til dette framlegget til vedtak, kom fleire med framlegg til oversending, desse var altså ikkje oppe til avrøysting.

Egil Songe-Møller (SV) fremja eit oversendingsframlegg med fire punkt. Det første gjekk på krysset Wesselsgt/Madlaveien og situasjonen her. I det andre punktet vert det foreslått at St. Svithuns gate frå Wesselsgate til Løkkeveien vurderast stengt for gjennomkøyring. I dei to siste punkta hadde Songe-Møller ulike framlegg til tiltak om sikrare ferdsel i trafikken.

Dessutan fremja Knut Redalen (Ap) framlegg om å vurdere merking av ulukkespunkt og ulukkesstrekningar, og Per Inge Torkelsen (V) fremja framlegg om at syklistar og kollektivtrafikken skal prioriterast høgare. Torkelsen fremja også framlegg om at deler av Eiganesveien bør opparbeidast med sykkelsti.

Redaktør -

Nyheter

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Når læreren Kay Karisari Solstad ...

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende diktsamling

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende ...

Ali Jakupovic (30) fra Arendal debuterer ...

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Lars Fredrik Høiby er vokst opp i Stavanger ...

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin debut som lyriker

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin ...

Med diktsamlingen en dråpe er nok trer ...

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Reidar Lund er en forfatter som ikke bare ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...