Livsutfalding i naturen

16.01.2006
Livsutfalding i naturen
Borna ved Riskatun Natur- og Gårdsbarnehage bruker naturen som leikeplass. Turar i skog og mark, og matlaging på bålet, er daglegdags for desse smårollingane.

Riskatun Natur- og Gårdbarnehage ønsker å formidle verdiane naturen gir. Rett og slett gi borna gode sanseopplevingar som dei kan ta med seg vidare i livet.

Difor er barnehagen dagleg ute på tur i skog og mark. I terrenget har dei faste turbasar med lavvo og eldstad.
- Alle ber sin eigen vesle ryggsekk. Ofte er geitene våre, Snøkvit og Blåne, også med. Uavhengig av vêr og vind lagar vi mat på bålet nesten kvar gong, og for borna er dette dagens høgdepunkt, fortel Gunn Mattson, dagleg leiar ved barnehagen.
I tillegg til å vektlegge friluftsliv, har også barnehagen eigne dyr som borna får bli kjende med og stelle. I tillegg til barnehagens eigne dyr, får borna vere med til ponnyen Oliver.
- Når vi besøker han, får borna ri og stelle han. På denne turen bruker vi også å grille, fortel Mattson.
Mattson fortel at barnehagens sterke engasjement for å bruke naturen heng saman med overtydinga om verdiane naturen og naturopplevingar har å seie for borna si utvikling.
- Vi meinar naturen er den beste arenaen for leiking og læring, sidan naturen stimulerer både fantasi, kreativitet, samarbeid og sosial kompetanse. I skog og mark får ungane verkeleg brukt fantasien. Vi tek aldri med oss leiker på tur – dei må borna finne i naturen sjølv. Dei får klatre i trea, gå på ujamne stiar, ramle i søla, brenne bål og ete ute, seier Mattson.
Ho fortel at friluftsliv særleg stimulerer den motoriske utviklinga – som er grunnlag for all anna utvikling.
- Born med god motorikk får større kjensle av meistring, noko som igjen gir eit godt sjølvbilete. Undersøkingar frå til dømes NTNU har vist at born med god motorikk ofte er flinkare i fag som norsk og matematikk. Og skal borna få god motorikk, må dei få bruke kroppen sin, seier Mattson.

Redaktør -

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...