Få og gi hjelp i juni

18.04.2012
Få og gi hjelp i juni
I juni kan du mellom anna få hjelp til å rydda i hagen, kanskje av denne blide gjengen. Frå v. Terje Steen, Helen H. Steen og Trine Rasmussen

Tidsklemma har vorte eit kjent omgrep dei siste åra, og dei fleste har som oftast nok med sitt og sine. Ein engasjert gjeng i Riska vil no gå litt mot straumen og bruka ei heil veke på å hjelpa andre. Riskaposten møtte dei ivrige hjelparane i ein hage på Hommersåk.

- Me hadde høyrt om Godhetsfestivalen i Stavanger, og fekk lyst til å prøva det same i Riska, seier Helen H. Steen, som er ein av initiativtakarane. Diakonen i kyrkja, Jenny Margrethe Bø, har òg ivra for å få til noko slikt i Riska.

Steen fortel at det er ynskjet om å spreia godleik og få gjera noko meiningsfullt som er drivkrafta. Dei som er med i styringsgruppa er aktive på ulike vis i kyrkja eller i pinsemenigheten Betel, men Steen strekar under at alle er velkomne til å vera med som frivillige. Ein treng heller ikkje ha noko tilknyting til kyrkje eller bedehus for å be om hjelp, snarare tvert imot, og dei treng ikkje frykta at nokon skal prakka på dei meiningane sine, smiler ho.

 

Treng hjelparar og oppdrag

- Reint praktisk vert me på Riska ein del av Godhetsfestivalen i Stavanger, så det er berre å gå inn på www.godhet.no og registrera oppdrag eller melda seg som frivillig, forklarar Espen Roland, som òg er med i styringsgruppa. Han fortel at hjelpa dei kjem til å tilby er såkalla handyman-oppdrag og gratis bilvask.

- Det kan vera til dømes hagearbeid, montera ei hylle, små malejobbar, skifta eit råte kledningsbord o.l. I det heile ting som vanlege folk som er meir eller mindre nevenyttige kan gjera, men som kan vera vanskeleg nok for dei som kanskje har dårleg helse eller økonomi. Me håper me får oppdrag nok til alle hjelparane, og at det er mange både erfarne handverkarar og vanlege folk som vil vera med å jobba. Men det er viktig å gjera merksam på at me kjem som amatørar og ikkje kan gje nokre garantiar, påpeikar Roland.

- Me er ein del av festivalen i Stavanger, og får mykje god hjelp frå dei, men økonomisk står me stort sett på eigne bein, fortel Helen H. Steen. For dei som mottek hjelp skal alt vera gratis, så me er svært interesserte i kontakt med potensielle sponsorar, legg ho til.

 

Gamle greiner

Alf Sigurd Kyvik (78) har masse gamle greiner liggjande i hagen, etter at han fekk hjelp med trefelling for fleire år sidan. - Det ser jo fælt ut slik det er no, men sjølv har eg ikkje helse til å gjera noko med det, seier han, og er glad for at han no får hjelp til å rydda opp.

 

Inspirasjon frå Australia

Trine Rasmussen har budd eitt år i Sydney, Australia, og var då med på eit opplegg der dei gjekk frå dør til dør i fattige nabolag ein dag i veka og tilbaud hjelp til folk, oftast hagearbeid. - Det hende òg at me berre snakka med dei som budde der, seier Rasmussen. - For somme av dei var det det einaste 'besøket' dei fekk den veka. Folk sette stor pris på å få hjelp utan at det vart forventa noko som helst frå dei, fortel ho. Draumen er at det òg i Riska skal bli eit slikt kontinuerleg tilbod gjennom heile året, avsluttar ho.

 

Faktaboks

Godhetsfestivalen:

Arrangert årlig i Stavanger siden 2006.

Kommer til Riska for første gang i år.

4. - 8. juni, kl 17-21.

Oppdrag eller ønske om å bidra kan meldes på www.godhet.no eller

Godhetstelefonen for Riska: 46 90 63 09.

Redaktør -

Nyheter

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Når læreren Kay Karisari Solstad ...

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende diktsamling

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende ...

Ali Jakupovic (30) fra Arendal debuterer ...

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Lars Fredrik Høiby er vokst opp i Stavanger ...

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin debut som lyriker

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin ...

Med diktsamlingen en dråpe er nok trer ...

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Reidar Lund er en forfatter som ikke bare ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...