Omkøyringsvegen i rute

01.04.2007

Bygginga av den nye omkøyringsvegen rundt Klepp sentrum held enno tidsskjemaet. Komande førjulsstri vil nok verte enklare for mange av oss, med færre bilar og mindre støy gjennom sentrum.

Rv. 44 gjennom Klepp sentrum er i dag ein sterkt trafikkert veg. Målingar som har vorte gjort viser at gjennomsnittleg 18.000 køyrety passerer i døgnet. I dag går mellom anna nesten all næringstrafikk mellom Stavanger/Sandnes og Time, Klepp og Hå gjennom Klepp sentrum.

- Vi har sett fram til denne omkøyringsvegen i årevis! fortel rådmann i Klepp, Ivar Undheim.

Det har vore arbeidd med vegen i nærare 30 år, og rådmannen er sikker på at den nye vegen vil gjere godt for Klepp og Klepp sentrum. Statens Vegvesens første anslag låg på at det ville gå 18 månader å få vegen ferdigstilt. Då entreprenør Skanska såg på planane, fann dei ut at dei kunne setje inn fleire folk og få vegen ferdig på berre 12 månader. Omkøyringsvegen vert i hovudsak finansiert med bompengar frå Nord-Jæren Bompengeselskap AS, 223 millionar, og eit tilskott frå Klepp kommune på 7 millionar.

 

Auka trafikktryggleik

- Den nye vegen vil tyde mykje for folk flest, men særleg mykje vil det ha å seie for dei som bur i sentrum. Med omkøyringsvegen vil det bli lite trailarar gjennom sentrum, og då særleg nattestid. Også trafikktryggleiken vil bli vesentleg betre, då mindre trafikk gjennom Klepp sentrum vil gi eit meir oversiktleg trafikkbilete. Mange kryssar i dag riksvegen gjennom Klepp sentrum, og det finst berre ein undergang. Med mindre trafikk på vegen, vil det bli langt tryggare for folk flest å ferdast i sentrum, fortel Undheim.

Han påpeikar vidare at den nye vegen vert bygd etter dei nye standardane med nødvendig støyskjerming mot bustadfelta i området.

 

Opning i desember

Omkøyringsvegen vart påbyrja i november i fjor og arbeidet er per i dag i rute. Den nye vegen er planlagt opna i desember i år. Byggearbeidet har ikkje bydd på nemneverdige vanskar, fortel Gunnar Nærum, prosjektleiar hos Statens Vegvesen.

- Vi har ein del jordskiftesaker pågåande, men desse har ikkje seinka arbeidet. No vert det arbeidd med vegen over heile linja, frå Braut til Storhaug. Forutan sjølve vegen, vert undergangar og overgangsbruer bygd parallelt.

Også sprengingsarbeidet med tunnelen under Kleppevarden er nesten heilt ferdig.

- Vi har som mål å opne omkøyringsvegen i desember, men vi har ikkje sett nokon dato.

 

 Tekst: Heidi Elin Nupen

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
omkøyringsvegen rundt Klepp,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...