Rafarta

16.04.2024
Rafarta
Forlagshuset Publica
Per Jan Ingebrigtsen

Spennande norsk roman for ungdom og vaksne

Me er i år 870 etter Kr. - nokre få år før Harald Hårfagre legg ut på erobringstokta si. Den irske ungjenta, Rafarta, vert røva av vikingar og teken med på ferda mot den norske vestkysten.

 

Etter å ha styrt gjennom eit valdsamt uver ute i Nordsjøen, legg eit utsliten skipsmannskap seg til ro på sørsida av Stord.


Om natta maktar Rafarta å rømma frå skipet.


Det vert opptakten til ei farleg og spanande flukt for å komma seg unna mannskapet, som tek opp jakta.


Per Jan Ingebrigtsen debuterte med diktsamlinga «Rotbløyte» i 1975 og har sidan skrive skodespel, høyrespel, diktsamlingar, romanar, barnebøker og læreverk. Fleire dikt og eitt skodespel er omsett til engelsk. Han har elles skrive tekstar til om lag 120 songar, mange av dei utgjevne på plate og strøyming.

 

Ingebrigtsen fekk Stord kommune sin kulturpris i 2011.

 

OM RAFARTA:

Handlinga føregår kring år 870 etter Kr. - nokre få år før Harald Hårfagre erobrar kystlina.

Den irske ungjenta, Rafarta, vert teken til fange av norske vikingar og ført til ei øy ute i Irskesjøen, kalla Træleøya, før ferda går vidare til Island, der trælar vert bytta i kvalrossolje og reip av kvalrosskinn.

Den brutale vikinghovdingen, Bjørn Raudskjegg, ser ut til å ha spesielle planar for Rafarta, for ho vert med på ferda vidare mot den norske vestkysten. Etter å ha styrt gjennom eit valdsamt uver ute i Nordsjøen, kjem eit utslitt skipsmannskap inn til Eldøyane på sørsida av Stord, og søkjer der ly i smulare farvatn.

Om natta ser Rafarta sin sjanse til å stikka av frå eit snorkande mannskap. Ho smyg seg over ripa og let seg siga ned i sjøen.

Ungjenta er ein god symjar. I nokre blenkjande lynglimt, skimtar ho landet, og eit skipsnaust inne på den høgreiste øya, Stord.

Det skal bli ei farleg og spanande flukt gjennom delar av Hirotha, som var irane sitt keltiske namn på Norskekysten. Ho vil heim til Irland, der bestefar Austmann er ein berømt skipsbyggjar, og der ho sjølv har fått prøva seg med kniv og øks. Men først gjeld det å komma seg unna Bjørn Raudskjegg, som tek opp jakta på henne, og som lovar ut dusør til den som kan komma dragande med henne - levande eller daud …

 

BOKFAKTA:

Tittel: Rafarta

Forfattar: Per Jan Ingebrigtsen

ISBN: 9788284162409

Format: 13 x 20

Antall sider: 65

Innbinding: innbundet

Utsalgspris kr 329.00

 

Redaktør -

Nyheter

Hold rundt meg når det snør

Hold rundt meg når det snør

Om naturen - og hvordan skiftningene i den ...

Et gjensyn og en samtale

Et gjensyn og en samtale

En sjelden visuell og litterær symfoni ...

Trøbbel i tårnet

Trøbbel i tårnet

Ord på det mange av oss ikke klarer ...

Hjertesnakker II

Hjertesnakker II

Vi minnes ikke dager, men øyeblikkene ...

Humor og alvor - hånd i hånd

Humor og alvor - hånd i hånd

Dikt om ordets makt Kunne man slette, kunne ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...