Tankar kan ikkje stengast av høge fjell

30.11.2023
Tankar kan ikkje stengast av høge fjell
Bjarne Greidung
Bjarne Greidung

Under dei høge fjell vaks Greidungs-brørne opp. Men tankar kan ikkje stengast av høge fjell.
Over tid vart tankane til ord.

Dei tre brørne Greidung – Bjarne, Lars og Erling — er aktuelle med diktsamlinga «Tankar over tid».

Bjarne Greidung fortel at han vel helst er det ein kan kalle ein heimføding; Han har aldri vore fast busett utanom heimbygda si. Han meiner likevel å kjenne storsamfunnet, både det som er nært og det som er langt borte. Både Bjarne og Lars har vore bønder på Greidung heile livet.

– Eg har alltid vore bonde og stelt om jorda og geiteflokken, fortel Bjarne.

Den tredje broren, Erling, flytta til Austefjorden og har arbeidd som møbelsnikkar og bygningsmann der. Alle tre har gjennom åra leikt seg med ord og forma dikt ut av tankane sine. Bjarne har skrive og utgitt også tidlegare. I 2002 ga han ut ei bok om dagleglivet i heimbygda si, «Erdal krets – Frå farne dagar», og i 2009 ei barnebok, «Håkon og Huldremartin». Han har også hatt glede av å sende historiske artiklar til lokalavisa og årsskriftet til det lokale historielaget.

– Når eg skriv, prøvar eg helst å ta ut små detaljar av ein større samanheng og setje ord på det, fortel Greidung.

Tittelen på boka han nå er aktuell med, fortel om korleis dikta har blitt til; Ein del av dei er av nyare dato, men mange av dei er blitt henta opp frå den «djupe skuffa». Det var aldri bondens tanke at dikta skulle bli bok, men etter dytt frå familien, er dei no komne mellom to permar, saman med dikt frå dei to brørne.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...