Farvel til plenklipparen!

01.02.2007
Farvel til plenklipparen!
Heidi Elin Nupen
Geir Åge Liland

No kan du få grøn plen året rundt med kunstgras. Nærast vedlikehaldsfritt er det også.

Hagen til Sissel Liland er spesiell. Så spesiell at folk stoppar opp. Og det berre for å sjå på graset. Sissel og familien fekk lagt kunstgrasplen for vel eit halvt år sidan, og har berre positive opplevingar med det. Og med fire born og ein stor hund har graset verkeleg fått køyrt seg, fortel ho.

- Eg er veldig fornøgd. Kunstgraset blir ikkje bløtt og sorpete og vi kan bruke plenen gjennom heile året. Vi har hatt ute både trampoline og badebasseng, og borna har spent masse fotball og spelt golf. Likevel viser det ikkje noka slitasje på graset, fortel Sissel Liland.

Det er Anleggsgartner Liland og Hetland på Kverneland som har stått for arbeidet. Geir Åge Liland fortel at dette er ein av dei første privathagane i Norge med kunstgras. Han trur at dette vil slå godt an hos dei som ønskjer vedlikehaldsfrie hagar.

- Tidlegare har alternativa for å få ein tilnærma vedlikehaldsfri hage vore belegningsstein, barkebed og treplattingar. Men det er jo veldig kjekt med plen for til dømes born som vil spenne fotball eller leike seg på eit mjukt underlag. Då er kunstgras eit godt alternativ.

Kunstgraset er ikkje likt kunstgras som brukast i ballbingar og på kunstgrasbaner med gummigranulat nedi. Slikt gummigranulat kan feste seg på klede og difor bruker Anleggsgartner Liland og Hetland i staden to centimeter med finkorna sand for å få graset til å stå pent. Kvadratprisen ligg på 5-600 kroner, men kostnadene for arbeidet som må gjerast under grasmatta vil variere etter kva som må gjerast. I hagen til Sissel Liland måtte firmaet grave seg 70 cm ned for å verte kvitt all jorda. Skifte av masse er nødvendig for å lage skikkeleg drenering for vatnet og for å gjere det umuleg for ugras å setje rot. Den nye massen består av eit lag med grus og eit topplag med singel. Så vert ei støtmatte lagt på, før sjølve kunstgraset og to cm med sand.

- Kunstgras er omtrent heilt vedlikehaldsfritt. Det må sopast skikkeleg èin gong i året. Elles er det nok å plukke vekk blad og rusk inn i mellom. Ein sparer mykje tid og arbeid med ein slik plen, slår Geir Åge Liland fast.

- Kan kunstgras leggast i alle typar hagar?

- Ja, det er ikkje problem om ein har ein meir kupert hage med vollar og bakkar. Kunstgraset vert tilpassa underlaget og ligg på plass når ein er ferdig.

Sissel er så fornøgd med den eviggrøne plenen at ho funderer på om familien skal få kunstig plen på andre sida av huset òg. Og etter å ha prøvd ut den nye typen gras, ser ho fleire stader kunstgras kan vere aktuelt.

- Eg trur kunstgras må vere ideelt som underlag der ein har sitjegruppa, sidan det er mykje tørrare enn på ein vanleg plen. Dessutan vil det kanskje vere greit å legge kunstgras om ein har eit sommarhus langt vekke, så slepp ein bekymre seg over plenen som skulle vore klipt der også.

- Kva har du gjort med plenklipparen?

- Den røyk rett før vi fekk kunstgraset, så det passa jo i grunnen veldig fint, smiler Sissel.

 

av Heidi Elin Nupen

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Sissel Liland, kunstgras,

Nyheter

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Når læreren Kay Karisari Solstad ...

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende diktsamling

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende ...

Ali Jakupovic (30) fra Arendal debuterer ...

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Lars Fredrik Høiby er vokst opp i Stavanger ...

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin debut som lyriker

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin ...

Med diktsamlingen en dråpe er nok trer ...

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Reidar Lund er en forfatter som ikke bare ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...