LISTEFYLL

01.06.2006
LISTEFYLL
Ruth Thu står nederst på Rogaland Arbeiderparti si valliste. Det berre ler ho av.

Dei er 274, men det er bare 13 som kjem inn. Nokre få av dei er sikre på ein plass, andre er avhengige av eit godt resultat for å komme inn. Medan resten veit at dei ikkje har sjans.

- Hehe, Nei, eg veit at eg ikkje kjem til å bli valgt inn, og det vil eg ikkje heller.

Ruth Thu frå Bryne ler godt medan ho leiter fram namnet sitt på Rogaland Arbeidarparti si liste til haustens Stortingsval. Ho finn det på syttande plass. Nederst på lista.

- Eg ville ikkje stått lenger oppe om dei hadde spurt meg. Eg har vore med i politikkken i så mange år no, så eg har ikkje dei store ambisjonane lenger. Dessutan har eg ikkje tid.

 

Om ein månad er det duka for Stortingsval. I Rogaland stiller 15 små og store parti med eigne vallister. På dei finst der tilsaman 274 kandidatar som skal kjempe om 13 Stortingsplassar. Dersom ein tek i bruk enkel matematikk, finn ein raskt ut at 261 av desse ikkje blir Stortingsrepresentantar etter valet. Ifølge Vallova, må kvart parti fylle opp listene sine med så mange kandidatar som det kan bli valgt inn frå fylket. Det vil sei at til dømes Abortmotstandarane som i år stiller liste i Rogaland, må fylle ho opp med 13 navn. Dette i tilfelle alle stemmeberettiga rogalendinger veljer å gi si stemme til nettopp abortmotstandarane. For i politikken si verd må ei vere førebudd på at alt kan skje. Det som likevel er rart her, er at alle dei 15 partia som stiller med valliste, har ført opp fleire enn 13 kandidatar. Dei fleste har lister med heile 19 namn. Hvis eit parti til dømes skulle få alle stemmene i fylket, står der framleis seks kandidatar tilbake på lista. Kva er vitsen med det?

- Nei du kan så sei, eg veit ikkje, humrar Ruth Thu.

- Eg lo faktisk litt når partiet spurde meg. Men eg sa ja.

 

Heilgardering

- Ifølge vallova så må vi ha 13 kandidatar på lista. Og så har vi alltid hatt ei prosedyre på å føre opp fire ekstra, forklarar sekretær i Rogaland Arbeiderparti, Kjell Sund.

- Kvifor fire ekstra?

- Ein veit aldri kva som kan skje i løpet av dei fire åra Stortingsperioden varer. Det foregår alltid ein god del utskiftning av kandidatar, og då er det ein fordel å ikkje ha mangel på folk vi kan ta av. Det gjeld å gardere seg.

 

- Vi må gå ut ifrå at alle stemmer på oss. Derfor har vi så mange kandidatar på lista vår, seier sekretæren i Rogaland Fremskrittsparti, Aksel Solvik-Olsen.

- Men 19 stykker? Det kan berre veljast maks 13 representantar frå fylket.

- Jau, men nå er det jo slik at alle desse 13 må ha varamenn og. Så dermed kan vi komme til å trenge alle på lista.

 

Sjølv om partia tydeligvis er opitimistiske før valet, veit dei fleste av oss at toppen to eller tre kandidatar som regel blir valde frå kvar partiliste. Så viss ein står på 17, 18 eller19 plass, så har ein ikkje nokon sjans. Kvifor veljer dei då å vere listefyll?

- Når partiet har bruk for meg, så stiller eg opp. Det handlar om pliktfølelse. Dei trengte eit navn, og då fekk dei mitt. Sjølv om det ikkje gir meg nokon personleg glede av å stå på lista, så er eg solidarisk og seier ja, konstaterar Ap- veteran Ruth Thu.

 

På Rogaland Fremskrittsparti sin nittande plass står ungdomskandidaten Leon Skretting frå Time.

- Eg er fornøgd med plassen min. Eg står på lista fordi eg er engasjert og interessert i politikk. Dessutan treng vi unge namn på lista. At eg står på lista viser at eg støtter opp om partiet mitt.

 

 

Ein veit aldri

Om ein tenker heilt hypotetisk, så kan faktisk dei siste på lista og få sin sjanse til å ta plass i Stortingsbygningen. Ta til dømes Arbeiderpartiet. I dag har dei berre to representantar frå Rogaland på Stortinget. Men dersom dei gjer eit brakvalg, og får inn 13 stykker, og fire av desse blir forhindra i å dra, så er det klart for kandidaten på 17 plass, Ruth Thu.

- Ja sjølvsagt ville eg reist til Oslo dersom eg fekk sjansen. Men det er heilt hypotetisk. Så hypotetisk at det overgår min gode fantasi. Eg reknar meg sjølv som så normalt utrusta, at eg skjønner at den teorien er langt frå verkeligheita, ler syttandeplassen Thu.

- Men dersom du hadde blitt valgt inn på Stortinget, kva saker ville du kjempa for då?

- Eg ville gitt nokre milliarder ekstra til eldreomsorgen. Og gitt meir til psykiatrien. Det er eit forsømt område. Eg trur eg ville gjort ein innsats på å betre fordelinga her i landet. Retta opp den skeive skuta etter denne regjeringa.

 

- Så vi finn ikkje deg høgare oppe på arbeiderpartiet si liste ved neste val om fire år?

- Hehe, nei det gjer du ikkje. Hadde eg vore ung i dag, hadde eg sikkert vore meir ambisiøs. Men no vil eg trappe ned og gjere andre ting. Men lokal valgkamp, det skal eg drive i haust. Eg har på følelsen at det blir eit regjeringsskifte snart. Kall det gjerne kvinneleg intuisjon. Men eg er ganske så sikker på at det peikar den vegen.

- Men trur du det raud- grøne alternativet klarar å samarbeide?

- Nei veit du kva, det lurar eg jammen på.

 

Bildetekst : Ruth Thu står nederst på Rogaland Arbeiderparti si valliste. Det berre ler ho av.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Rogaland Arbeiderparti, Ruth Thu,

Nyheter

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Debuterer med poetisk nysgjerrighet

Når læreren Kay Karisari Solstad ...

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende diktsamling

Norsk-bosnisk kunstner debuterer med tankevekkende ...

Ali Jakupovic (30) fra Arendal debuterer ...

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Di rare tingå me seie te dyrå våre

Lars Fredrik Høiby er vokst opp i Stavanger ...

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin debut som lyriker

En dråpe av livet – Geir Grindstein om sin ...

Med diktsamlingen en dråpe er nok trer ...

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Ordets kraft i etterkrigstidens skygger

Reidar Lund er en forfatter som ikke bare ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...