Småjobbsentralen er liv laga

01.06.2005
Småjobbsentralen er liv laga
Solveig Helliesen synest det er godt å få hjelp til luking i hagen. Ho er ein av fleire som bruker Småjobbsentralen flittig. Morten Bendiksen, framme, synest jobben er kjekk og synest det er kjekt å tene litt pengar.

Småjobbsentralen i Klepp kommune har vist seg å vere liv laga, og får stadig fleire oppdrag. Ikkje så rart kanskje, når sentralen tilbyr alt i frå luking og barnepass til sølvpuss og nisseoppdrag på julaftan.

 -          Eg klarer ikkje luke lenger, så det er veldig godt å få desse ungdommane heim så dei kan hjelpe meg, seier Solveig Helliesen.

Ho er plaga med hoftene, og klarer ikkje bøye seg ned til beda lenger. Då er det godt at Morten Bendiksen kunne stille opp i dag. Ho følger han ut i hagen for å gi han instruksjonar om kva ho vil ha gjort. Morten skal byrje på baksida av huset i dag, og i gong med kyndige hender. Han viser seg å vere ein rask og nøyaktig lukar.

-          Kva synest du om prisen – 60 kroner timen?

-          Eg synest det er altfor lite, og gir gjerne litt ekstra, seier Solveig.

Halvvegs i lukinga ropar Solveig til Morten:

- Eg må få nummeret ditt, så kan eg ringe deg om fleire jobbar seinare.

 

Morten Bendiksen har vore tilknytt Småjobbsentralen i Klepp i om lag ein månad, og trivst veldig godt med jobben.

- Det er gøy å ha noko å gjere i staden for berre å sitje heime, og eg likar arbeidet godt. Og så tener jo eg pengar på det også. Mor synest òg det er bra at eg gjer noko fornuftig, seier Morten.

I neste veke tek han til på ”mekanisk” ved Time videregåande skole. Han vil likevel halde fram med å ta oppdrag for Småjobbsentralen.

- Eg får tilbakemeldingar frå kundane på jobbane eg utfører, og har ikkje motteke klager hittil, fortel Morten.

 

Småjobbsentralen starta opp våren 2004, og er eit treårig førebyggingsprosjekt for ungdom mellom 14 og 17 år. Prosjektet er støtta av Rådet for Psykisk helse, og Helse og Rehabilitering. Eitt av måla er at småjobbane skal gi positive ringverknader der ungdommane får meistre nye utfordringar samtidig som dei tener pengar på det.

-          Men vel så viktig er det å prøve å fylle dagen med noko meiningsfullt. Vi rettar oss gjerne til dei som frå før ikkje er aktive i lag og organisasjonar i kommunen, seier Mai Ragnhild Svendsen, prosjektleiar ved Småjobbsentralen i Klepp kommune.

25 ungdommar er tilknytt sentralen. Dei tek mange slag oppdrag, og for alle aldersgrupper.

- Me ser at ungdommane blomstrar opp. Dei tør prøve nye utfordringar, og vert flinkare og flinkare. Mange får også eit større kontaktnett, og venner på tvers av generasjonane, fortel Svendsen.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Småjobbsentralen i Klepp,

Nyheter

Bilder og dikt

Bilder og dikt

Helle Enger er aktuell med boka «Søster ...

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...