Cocktailsmaking på pensum

01.09.2005
Cocktailsmaking på pensum
bartendarkurse

Deltakarane på bartendarkurset oppheld seg bak bardisken det meste av skuletida. Denne kvelden fekk dei til ei forandring sitte på andre sida. Dei skulle nemleg gjere seg kjende med nærare førti ulike cocktailar.

Å sitte ved bardisken og ta små munnfullar av drinkar i alle regnbo-gens fargar, er likevel unnataket. I dei 4-5 vekene bartendarkurset varer, skal dei gjennom eit variert pensum. Dei må lære seg Alkohol-lova, arbeidstempo, arbeidsteknikk, produktkunnskap, kundebehand-ling, og miksing av 80 ulike cocktai-lar. ”Forelesningssalen” er bygd opp som ein ekte utestad med seks meter lang bardisk, barkrakkar og sitte-grupper. Rune Salomonsen i Bar-Akademiet har prøvd å få det så rea-listisk som muleg. Det einaste som avslører at dette ikkje er ein ekte ute-stad, er merkinga på ein tredel av flaskene. Dei er merka ”trening” og inneheld berre farga vatn. Også eksamenen deltakarane må igjen-nom, er laga så realistisk som muleg, og er slik ein travel arbeids-dag i baren kan vere.

Hard eksamen
- Eksamenen dei skal ta etter endt kurs, er ein av dei tøffare blant bar-skulane. I den praktiske delen må dei mikse 15 av dei 80 drinkane dei har lært seg, og dei har berre 15 minutt på seg, fortel Rune Salomon-sen, dagleg leiar for BarAkademiet på Forus.
Sjølv hadde han ein endå tøffare eksamen. Han fekk 15 minutt på å mikse 15 drinkar, og utvalet var heile 180 drinkar. Salomonsen klarte oppgåva på 10,5 minutt og fekk 100 prosent rett.
- Det var før røykelova, og senso-ren min sat og røykte ved bardisken. Eg måtte tømme, vaske og tørke oskebegeret inn i mellom miksinga. Når oskebegeret var sett på plass, la sensoren ein ny, utent sigarett for å sjekke om den vart fuktig. Hadde sigaretten vorte fuktig, hadde eg fått trekk for det, fortel Salomonsen.
Kveldens deltakarar på bartendar-kurset er glad for dagens røykelov.
- Kjempebra! Heilt supert! Det måtte vere stress å jobbe i den røy-ken, seier dei tre samstemt.
Etter eksamen håper dei alle å få seg jobb i bar, deltid og fulltid.
- Eg skal gå ”Hotell og ledelse” ved Universitetet neste haust og treng eitt år med relevant praksis på fulltid. Det var faktisk mamma som gjorde meg merksam på dette kur-, ho trudde gjerne det kunne vere noko for meg. No håper eg å få jobb i ein bar på fulltid etter kurset, seier Lene Håland.

Spennande yrke
- Men kvifor akkurat det å jobbe i
bar?
- Eg har alltid vore bestemt på at eg vil jobbe med menneske. I ein jobb som dette veit du aldri heilt kva som skjer eller kva menneske du vil møte – det synest eg er spennande seier Lene. Dei to andre som er til stades på
-”forelesninga” i dag, ønsker å jobbe i bar i tillegg til studiar og skule
gang. Glenn Salomonsen studerer økonomi, medan Anders Ueland
Moen skal bli tømrar. Dei drøymer om å jobbe på bar på kveldstid og i helgane. - Det er ein kul jobb der ein møter mange kule folk. I staden for å gå på byen sjølv, får du vere ute, møte masse folk – og i tillegg tene pengar
på det, seier Glenn og Anders. Dei legg til at jobben også vert kjekk når
ein kan det ein held på med.

Rune Salomonsen har vore i restaurantbansjen sidan 1988, og mellom anna vore restaurantsjef i seks år. Etter kvart vart førespurnadene så mange at han bestemte seg for å lage ein kursstad, og sommaren 2004 opna han BarAkademiet i Gamle Forusvei.

Populære kurs
I tillegg til å halde bartendarkurs har BarAkademiet mange andre tilbod. Vinsmaking og cocktailsmaking for firma, foreiningar eller enkeltpersonar, miksekurs, flairingkurs (kaste- flasker-opp-i lufta-og-ta-dei-igjen-kurs). I tillegg tek Salomonsen på seg større og mindre arrangement som kan leggast opp etter ønske
- Dei siste 2-3 åra har eg kursa om lag 2400 personar, og framtida til BarAkademiet ser lovande ut. Det er snart fullt i oktoberklassen, og påmeldingar til kurset i januar har allereie byrja å kome inn. Eg likar å
inspirere både profesjonelle bartendarar og hobbybartendarar. Måle mitt er uansett å lære folk å lage cocktailar med stoltheit, perfeksjonisme og kreativitet, fortel Salomonsen.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...