– Eg kjenner meg modig

11.03.2024
– Eg kjenner meg modig
Lyrikkforlaget
Karen-Margrethe Erlandsrud

I Karen-Margrethe Erlandsrud si nye diktbok, «Aller helst vil eg danse», skriv ho opent og ærleg om eigne kjensler og opplevingar. – Eg kjenner meg modig som vågar å kle meg såpass naken.

Karen-Margrethe Erlandsrud er busett i Ål og trivst godt i den langstrakte fjellbygda. Ho nyt pensjonistlivet med gode vener, turar på kjende og ukjende stigar, og nye opplevingar. Lokalmiljøet på Ål dugnadsvilje høgt, og Erlandsrud er glad i å bidra. Før ho pensjonerte seg, arbeidde ho i skuleverket.

– Eg er ei litt gammal dame som har hatt ei mangslungen karriere innanfor skuleverket og som framleis har eit hardtbankande lærarhjarte.

 

Alle hennar innfall og idéar kan bli til dikt, og derfor går ho ikkje langt utan notisboka si.

– Idéane er alltid mange. Notisboka er alltid i nærleiken, og dagen går sjeldan utan at det blir krota ned eit vakkert ord eller ei setning det kan løne seg å ta vare på, smiler ho.

 

På bloggen sin, kjarefolk.com, prøver Erlandsrud ut dikt og forteljingar på lesarane sine. Ho skriv også om ting som opptek ho.

– Eg trur eg kan seie at eg har elska å skrive heile livet. Det fyrste diktet mitt skreiv eg som del av ein stil på barneskulen.

I vaksen alder har ho skrive alt frå små forteljingar til songtekstar og dikt. Då ho fann plassen sin i nynorskkommunen Ål, fall det seg heilt naturleg å skrive på nynorsk. Ho ønskjer å leggje nynorsken så nær inntil hallingmålet som mogleg.

 

– Eg likar å skrive om slikt som kan vere vanskeleg å setje ord på og som det kan gjere godt å få tale saman om.

I diktboka si, «Aller helst vil eg danse», har ho gjort nettopp det. Erlandsrud trur at diktboka ber preg av levd liv.

– Det handlar om knuste hjarte og mogen kjærleik, om å lande på kjellargolvet og å karre seg opp att, om lengt og sorg, om håp og tru, om små gleder og små ungar, om dansen og døden, forklarar ho.

 

På privaten er ikkje Erlandsrud ein så open person som mange trur. Ho likar å snakke med dei fleste, om det meste. Likevel er det få som får høyre det som finst aller inst.

– Sidan dikta i «Aller helst vil eg danse» handlar om kjensler, må det sjølvsagt vera personleg. Eg kjenner meg modig som vågar å kle meg såpass naken.

Redaktør -

Nyheter

Aldri hjemme

Aldri hjemme

De spør hvordan det var, å flykte ...

Kvinner og mén

Kvinner og mén

Hva skjuler seg bak fasadene? Bli med på ...

Desemberbarn

Desemberbarn

Hva faen gjør man med savn, liksom ...

Alle årstidene i mitt hjerte

Alle årstidene i mitt hjerte

En gripende diktsamling om forløsning, ...

Stråle 3

Stråle 3

Ei vakker og tankevekkande bok

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...