Kultursommar på Jæren

01.05.2007
Kultursommar på Jæren
Høydal Fru

Konsertar og kunstutstillingar i mangfald. Jærbuen går ein travel sommar i møte! Her er nokre av høgdepunkta i jærkommunane frå midten av juni til slutten av august.

Harestad og Rommetveit på Fotland bygdemølle

- Frå 15. juni er Arvid Harestad på mølla. Han stiller ut etsingar og trykk, fortel kulturformidlar Sigbjørn Reime i Time kommune.

- Sommarutstillinga byrjar 1. juli. Kunstnaren heiter Stine Rommetveit og er keramikar, seier Reime. Rommetveit vil stille ut keramikk i ulike former, og utstillinga heng fram til 15. august.

Reime kan og fortelje at det er ope på Fotland mølle, Garborgheimen, Knudaheio og Bryne mølle med Andreas Bø-galleriet og Bryne kunstforeining kvar dag frå 1. juli til 15. august frå klokka 12.00 – 1700. Løyser du billett ein av desse stadene, gjeld same billetten på dei andre stadene òg.

 

Dyrisk på Bryne
Bryne kunstforeining arrangerer også i år sommarutstilling i Bryne mølle. Dette året står kunstnarar som bruker dyr som meiningsberande element, i fokus.

- Me har vald ut kanadiskfødde Jeannie Ozon Høydal, danskfødde Anne Kampmann, og Anna-Kristin Ferking, som alle jobbar innunder dette temaet, seier Karin Sunderø i Bryne kunstforeining.

-Nokre av dei har vist arbeid i vår region før, andre ikkje. Uansett gler me oss til å presentera ei utstilling me vonar er spanande og interessant for eit breitt publikum.

Utstillinga opna laurdag 26. mai, og vil vere open til 12. august. I juni er utstillinga open i helgene, frå juli kvar dag. Andreas Bøe-utstillinga i 2. etasje på Mølla er open i same tidsrom.

 

Olga Grimsmo Nilsen er født i Kristiansund, men bur nå i Flekkerøy. Ho har bakgrunn som interiørarkitekt og grafikar, med vekt på tresnitt, og har deltatt i ei rekke separat- og kollektivutstillingar, nå nyleg i Portugal. Ho er og innkjøpt av mange kommunar og institusjonar. Arbeida til Nilsen er frydefullt naivistiske. Ho refererer til eventyr og myter me alle kjenner til, som dei tre bukkane bruse, myten om Adam og Eva i Paradis, uskylden i barndommen osv. Titlane speglar då også dette: ”Det var en gang” ”De første”, ”Tenk om”…

 

Anne Kampmann er fødd i Danmark, men nå busett i Hamar. Ho har hatt ei rekke utstillingar, både separate og kollektive. Blant anna har ho vore utstillar på Hå gamle prestegard i 2005.

"Anne Kampmanns maleri, gouacher og tresnitt åpner for den poetiske drømmen, for lengselen etter et landskap og en åndelig verden hinsides den trivielle hverdagen. Det er en intim, fortrolig og dypt personlig billedverden; men samtidig er den også en bærer av arketypiske urbilder. Den befolkes med eventyrlige fabelvesener som unndrar seg enhver entydig bestemmelse - halvt dyr, halvt mennesker," sa Trond Borgen da ho stilte ut på Hå. Og bilda hennar har då òg noko drømmande, alvorleg ved seg, i motsetning til humoren hos dei andre utstillarane.

 

Jeannie Ozon Høydal er født i Halifax, Canada, men bur nå i Kristiansand.

Høydal er utdanna ved Nova Scotia College of Art and Design, Canada, som

Bachelor of Fine Art, og har Diploma in Fine Art frå GrantMcEwanCommunity College.

Nå bur ho altså i Noreg, og hohar hatt mange utstillingar over heile landet. Også i Sandnes og på Klepp, men ikkje i Time før no.

-Ein skal vere varsam med å tolke inn meiningar i Høydal sin kunst, men ein finn mangt å reflektera over i dei humoristiske saueportretta hennar. Sauene er ikkje lenger flokkdyr når Høydal malar – dei er individ, med menneskelege trekk. Slik sett er ho i god fabeltradisjon, der dyr får roller som verkar som spegel for oss som ser. Med det pussige poenget at Herr og Fru (sjå vedlagt bilete) sau både er produsentar og konsumentar av ulla si. Kanskje har Fru sau til og med strikka koftene dei har på seg, seier Karin Sunderø.

 

Anna Kristin Ferking er født på Karmøy 1962. Ho er busett i Skudeneshavn, der ho har  atelieret og den grafiske verkstaden sin.

-Ferking er truleg den best kjende av kunstnarane våre, her i distriktet, seier Sunderø.

Ferking er sjølvlært som kunstnar. Ho er populær og har stor produksjon og mange utstillingar på lista. Ho har også jobba som illustratør.

-Også Ferking bruker dyr for å fortelje oss noko om oss sjølve. Men Ferking bruker ikkje dyr slik til dømes Høydal gjer det. Dei er ikkje individ, dei har ingen eigen personlegdom. Sauene i bileta hennar er stilistisk forma og uttrykker omgrepog kjensler, som til dømes forholdet mellom mor og barn i bileta ”På vei” og ”Mammadalt”. Ferking viser og at menneske kan få kontakt gjennom det å ha dyr: For kva har mennene i ”Ekte menner” til felles, anna enn hundane dei luftar? Ville dei stoppa å snakka med kvarandre, dersom dei ikkje hadde lufta bikkjene?

 

 

 

Fullmånekonsertar og sommarkonsertar

Klepp kommune er aktiv på kulturfronten. I sommar blir det både fullmånekonsertar og sommarkonsertar. Her er programmet:

 

17. juni kl. 19.00
Videvanke
Friluftshuset på Orre
Sommarkonsert

Rocka visesang med jærske røtter: Ole Gjerde på toradar, Kenneth Andersen på

congas og Kenneth Mikalsen på gitar og sang. Det blir eit møte mellom rock og folkemusikk,

som gir ein spanande kombinasjon av instrument og tonar. Tonesettinga spenner frå tradisjonell visesang, innom vals og jazz til fengande folkerock.

 

24. juni kl. 19.00
Friluftshuset på Orre
Sommerkonsert: 8-aren

Mannsoktetten 8-aren, med dei unge sangtalenta: Kjartan Grønvik og Mari Danielsen Lunde, hyller våren med eit vårlig Erik By-program.

 

30. Juni kl. 20.00
Friluftshuset på Orre
Fullmånekonsert: Luka Bloom

Irsk gitarist og songar med 36 års konserterfaring. Fantastisk fine songar og med ei formidlingsevne utan sidestykke. Høyr Luka ein gong, og det er ingen veg tilbake!

 

JULI
30. juli kl. 20.00
Feistein fyr
Fullmånekonsert: John Josefsen & Bjarte Edland

Den lokale duoen Steel’n Pole vert med oss ut på Fullmånekveldane sitt svar på ekstremsport, den årlege konserten på Feistein fyr. Blues, viser og anna spelt på utradisjonelt vis på både fabrikk- og heimelaga instrument. Med atterhald om vær og sjø. Friluftshuset på Orre står klart som reserve.

 

AUGUST
5. august kl. 19.00

Friluftshuset på Orre
Sommarkonsert: Hege Kristin Kjærvoll & John Gunnar Akerø

Programmet denne kvelden spenner frå vise til jazz, musical, pop og folkemusikk. Songar Hege Kristin Kjærvoll og pianist John Gunnar Akerø inviterer deg med på ei musikalsk reise du garantert kjem til å kjenne deg igjen i, med kjente og kjære perler frå fjern og nær.

 

12. august kl. 19.00
Friluftshuset på Orre
Sommarkonsert: Kjerstin Løvdahl & Harald Kvasnes

Kjerstin Løvdal og Harald Kvasnes spiller folketonar av Edvard Grieg og Benjamin Britten, argentinsk tango av Astor Piazzolla, barokkmusikk av John Dowland og spanande samtidsmusikk av John Duarte og Jan Erik Mikalsen.

 

19. august kl. 19.00
Friluftshuset på Orre
Sommarkonsert: Elisabeth Barstad & Katerina Svendsen

Fløyte og cello er som jordbær med fløte: velsmakande, vakkert og balsam for sjel og kropp.

La deg beruse av fransk og norsk musikk ispedd jærske dikt.

 

 

 

Hå gamle prestegard

Sommarutstillingane startar 9. juni

”JÆRPERLENE- lokal attåtnæring og danske dronningsmykke”
Heilt sidan 1600-talet har me gode kjelder på at førekomsten av perlemuslingar var stor i elvene på Jæren. Da var fangsten eit kongeleg privilegium, og perlene vart sende til det danske kongehuset. Frå midten av 1800-talet vart fangsten frigitt, og det var på nytt bøndene på Jæren som kunne fiska etter perler. Til denne utstillinga har me samla mange forteljingar, informasjon, fakta og ikkje minst perler og smykke som skal presentera ein heil del av denne historia. Nokre bønder hadde i si tid god nytte av inntektene dei fekk av å selja perler til dei lokale gullsmedane, ungane hadde gleda og spenninga med å jakta på perlene, og ikkje minst har perlene i mange tilfelle blitt til flotte smykke. Men nærare vår tid har tilhøva for muslingane blitt stadig dårlegare. Frå 1993 vart muslingbestanden freda. Den er i dag ein ansvarsart for Noreg, som no forvaltar om lag halvparten av den europeiske bestanden.

Kunstutstillingane vert òg mangfaldige denne sommaren. I stallen viser Olga Grimsmo Nilsen utstillinga ”Vakkert og vondt – vondt og vakkert”. Ho er oppteken av livet og døden, som to motpolar som er heilt avhengige av kvarandre. ”Mine opplevelser av døden er ikke bare vonde.”…”Det at noe blir igjen og noe forsvinner, opptar meg veldig”. Gjennom blyantteikningane sine formidlar ho lys, skugge, kulde og varme, som alt er knytte til temaet for utstillinga. Grimsmo Nilsen har hatt fleire separat- og gruppeutstillingar og ei rekke offentlege innkjøp.
I løa viser me fire individuelle utstillingar med fellesnemnarar som barndom, ungdom og utfordringane dei ulike livsfasane gjev oss. Erna Størkson og Ruth Roland har saman arbeidd fram installasjonen HUN. Istallasjonen tek utgangspunkt i ein tekst skriven av Roland om  minne ho fekk og erfaringar ho gjorde som liten og aleine på sjukehus med ein alvorleg sjukdom. Dei har skapt eit rom i både fysisk og mental forstand med figurar og forteljingar som omfattar livet i både sin komiske og sørgjelege tilstand.
Stine Karlsen tek oss med attende til 1977 og viser oss foto frå sitt eige album. Tittelen ”Elskerdatter” viser til hennar første møte med si russiske stemor som kalla henne nettopp det for å skildra at ho var ”sin fars elskede datter”. Ho overlet til publikum og tolka vidare. Sjølv seier ho at ho fortel historiar. Det er ingen sanningar. Karlsen har hovudfag frå Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design i Bergen.
LIVSFASER er ein fotoserie av Elisabeth G. Berge. Utgangspunktet for serien var ei gamal pappeske med gjenstandar ho fann i ein kondemnert mursteinsgård. Utifrå dette har ho skapt denne livssyklusen som er knytta opp mot mennesket si utvikling og ulike livsfasar.
Liv Tandrevold Eriksen seier dette om utstillinga si:” Ungdomstiden og dei tanker og drømmer ein har i utviklinga frå barn til voksen er sentrale tema for mine arbeider.” Ho konstruerar abstrakte historier med element av samtida sitt språk og symbol, og mellom røynda og fantasiane vert det skapt nye rom for betraktaren. Teikningane hennar er i hovudsak på ark, men ho arbeider òg stadspesifikt og bryt då ut av rammene bileta vanlegvis skapar. Tandrevold Eriksen har hovudfag frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo.

 

 

 

Sommarutstilling på Orre

Friluftshuset på Orre har sidan 1987 arrangert sommarutstillingar. I år tek dei eit tilbakeblikk, og synar bilete frå alle tidlegare utstillingar. Det vert godbitar frå mellom anna Eli Skatvedt, Ole Nesvik, Kjell Pahr Iversen, Ruth Bersås, Torunn Thrall og Liv Eiene.

 

 

 

Kyrkjelege arrangement i sommar:

Dei ulike kyrkjelydane på Jæren har gått saman om ei rekke arrangement:

 

PILEGRIMSVANDRINGAR

Onsdag 27. juni kl. 18.00

Frå 1000-årsplassen på Obrestad til steinkrossen på Njærheim. Roald Byberg.

 

Sundag 29. juli kl. 16.00 (Olsok)

Frå 1000-årsplassen på Obrestad til Varhaug gamle kyrkjegard. Arne Berge. Friluftsgudsteneste på Varhaug gamle kyrkjegard kl. 19.00. Jan Roald Dahlstrøm.

 

KVELDSSONG I TIME KYRKJE

Sundagane 1.,8. og 15. juli kl. 21.30.

Leif Andenes – Per Olav Egeland

 

SOMMARANDAKTAR i Orre gamle. kyrkje

Onsdag 4. juli kl. 20.00 Andreas Haarr

 

Onsdag 15. august kl. 20.00 Jarle Minnesjord

 

OPEN KYRKJE

Ogna kyrkje er open heile sommaren, måndag – fredag kl.08.00-13.00

 

SOMMARKONSERTAR I TIME PRESTEGARD

Sundag 1. juli kl. 19.30 Rita Heigre, sopran - akk. :Beth Elin Byberg 

Sundag 8. juli kl. 19.30 Alexander Borlaug og Georg Pollestad, munnspel- akk. Olga Lund

Sundag 15. juli kl. 19.30 Sindre Fjetland Øgaard, baryton- akk.: Timothy Miller

Bill. kr. 150,- på Time kyrkjekontor, tlf. 51 77 03 77 eller mobil 920 42 346.

 

Av Tom Gaudland

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Kultursommar på Jæren,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...