Sjarmerande sommerfuglar

01.01.2006
Sjarmerande sommerfuglar
Killing Butterflies frå Vigrestad skal vere i Ungdommens Kulturmønstring 4. februar. I år berre med eigenproduserte låtar. Frå venstre Ida Ueland, Benedikte Aarsland, Carina Myklebust Tønnesen og Malin Ueland.

Jentebandet Killing Butterflies har halde saman sidan i fjor sommar og øver i desse dagar til Ungdommens Kulturmønstring 4. februar. Tekstane varierer frå å vere barnslege til å vere meir ”psyco”. Å definere kva type musikk dei spelar, vert derimot vanskeleg for dei.

 

 

 

 

 

- Det er litt sånn alternativt. Veldig variert liksom, seier Ida Ueland. Ho spelar trommer og er Killing Butterflies sin ”bakgrunnsfigur”.

- Det er ikkje metal i alle fall, kommenterer Malin Ueland. Malin spelar bass i tillegg til å vere ein av tre vokalistar i bandet.

- Ok, kanskje litt punk/rock/pop då? Ida rekk berre så vidt å seie det, før dei andre protesterer høglytt.

- Nei, det er ikkje punk! Det er heilt klart. Gitarist og vokalist Benedikte Aarsland meiner ”alternativt” må vere den greiaste definisjonen.

 

Eigne låtar

Frå å berre spele cover-låtar, har dei farlege sommarfuglane teke steget ut, og opptrer no med eigenproduserte låtar. På Ungdommens Kulturmønstring i Storstova på Bryne 4. februar skal dei framføre to av dei. Kva for nokre, er ikkje bestemt enno. Låta ”Yoghurt” vert nemnt, men dei er ikkje sikre:

 

Frå “Yoghurt:”

You left me flowers by the stairs
Showing me how much you care
Then you follow me to my class
Still I think you are an ass

- Det er ikkje skummelt å spele eigne låtar i det heile. Faktisk kan det vere verre å framføre cover-låtar, for då kjem av og til nokon og klagar på måten vi framfører dei på, seier Carina Myklebust Tønnesen. Ho er gitarist og vokalist, og har kortast veg til øvingslokalet.

- Vi øvde her før også, men no har vi pussa opp og gjort det finare, forklarar Carina. Ja, for kven skulle ikkje ønske seg slike øvingslokale i garasjen sin? I tillegg til sjølve øvingsplassen med alle instrumenta, har garasjen også rikeleg med plass, sofagruppe og diverse spel ein kan kople av med.

 

- Litt sløve

- Av og til øver vi ikkje så mykje, men vert sitjande med X-boksen, innrømmer jentene.

- Kor ofte øver de til vanleg?

- Vi er ikkje så strukturerte, kan du seie. Vi har vore litt sløve i det siste, og øvd mindre enn vi har ambisjonar om. Men vi får som regel til ei øving i veka i alle fall, fortel dei fire sommarfuglane.

 

Frå ”Yoghurt:”

So you asked me to the prom
Well I tried to take it calm
I don't care for your shitty romance
Don't ever ask me to dance

 

- Kven er frontfigur i gruppa?

- Ingen! Det er ingen av oss som vil vere det! Vi bruker å seie at  trommis Ida er bakgrunnsfiguren vår, medan vi tre andre er frontfigurar, fortel Benedikte.

Killing Butterflies har heller ingen kleskode – alle kan ha på seg det dei vil – også når dei opptrer. ”Kostymar” vil dei ikkje høyre snakk om.

 

Eigen stil

- Vi tek på oss dei kleda som passar oss. Å måtte ha noko bestemt ”kostyme” vert tåpeleg og overdrive. Nei, det er ganske tilfeldig. Kanskje dei kleda som ikkje er til vask, liksom, ler jentene.

- Er det passeleg å vere fire i eit slikt jenteband?

- Ja, vi trur vel ikkje så mange ville ”overleve” oss. Når vi treffast, kan det bli litt ”mykje”, seier Benedikte og Carina.

- Ja, men eg trur ikkje vi ville sagt nei, heller, om det dukka opp nokon som passa inn hos oss, seier Carina.

 

Frå ”Yoghurt:”

Then you asked me out on a date
I wanna smash your face in a plate
You think you are what I need
I just think you are a dweeb

- I fjor gjekk det ikkje så godt for vi spelte berre cover-låtar. Vi fekk ikkje tilbakemelding i posten ein gong, fortel Benedikte og ler.

- Men i år satsar vi på våre eigne låtar, smiler jentene.

Redaktør -

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...