MORO MED MARIONETTAR

01.11.2005
MORO MED MARIONETTAR
Kongen og dronninga syng julesongar på den mobile, vesle scena. Alle dokkene er tradisjonelle tsjekkiske marionettdokker.

På ei scene som er så lita at ho får plass i bagasjerommet på ein bil, er prinsesse Katinka, dronninga og kongen i gang med juleførebuingane på slottet. Bak dei står Vibecke Nordbø og trekk i trådane. Rundt seg har ho eit konsentrert og engasjert publikum. Det er marionetteater for dei minste på Time barnebibliotek.

- Det var kjempekjekt, men dronninga skreik så høgt. Thomas Hodne på 5 år er ikkje imponert over dronninga si songstemme. Han har akkurat sett marionettførestellinga ”Katinkas jul” på barneavdelinga på Time bibliotek. No får han og dei andre barna sjølv lov til å trekke i trådane, og gi liv til prinsesse Katinka og dei andre dokkene.

 

- Eg er ikkje så redd for om dokkene blir skada. Det viktigaste er at ungane får vere aktive og delta, fortel skaparen av førestillinga Vibecke Nordbø. Det er første gongen ho framfører det nye julestykket, og ho er letta over at alt gikk som det skulle til slutt.

- Det må ha vore mye å huske på, seier Joakim Johnsen på snart seks år.

- Ja, eg hadde huskelapp bak scena, men eg gløymde å bruke han, ler Vibecke.

 

Magi

Marionettar er dokker med rørslige lemmer som blir brakt til liv ved hjelp av trådar eller strengar.  Vibecke Nordbø falt pladask for dei etter eit besøk i Praha.

- Der var det dokker overalt. Eg kjøpte nokre med meg heim, og prøvde dei framfor sonen min. Det var magisk å sjå korleis dokkene fekk liv når eg trakk i trådane, og korleis den vesle guten følgde med. Det er noko gammaldags og annleis over dokkene som eg blei fengsla av.

Året etterpå reiste ho tilbake til Praha på dokkekurs, og skar ut prinsesse Katinka. Ho hadde aldri tenkt på å lage teater av det heile, før ei venninne på Biblioteket i Stavanger oppfordra ho til å komme og vise seg fram. Sidan den gong har ho reist land og strand rundt med førestellinga ”Katinka og Dragen”.

- Eg lagde scena akkurat så stor at ho får plass i bagasjerommet på bilen, smiler Vibecke Nordbø.

 

Bevisst publikum

- Kor er det blitt av prinsesse Katinka, spør Vibecke.

- Der borte. Alle publikummarar peker med strak arm og stiv peikefinger.

- Å ha barn som publikum er kjempegøy, fortel Vibecke.

- Men det er krevjande òg. Ungar  bryr seg ikkje med å vere høflige. Om dei ikkje liker det dei ser, gidder dei ikkje å sitte stille. Du får alltid umiddelbar respons.  Det er kjekt å sjå korleis ungane trur på det dei ser, og lar seg gripe av det.

- Eg er opptatt av at ungane skal få delta aktivt i førestellinga. Slik får vi det kjekt saman. Vi leiker med dokker, faktisk, og det synest eg er jysla gøy, avsluttar Vibecke.

 

Thomas Hodne har fått tak i den høgrøsta dronninga, som for augeblinken er taus. Han trekk i trådane, og den plutselig så atletiske dronninga tar nokre giganthopp bortover golvet, før ho legg seg ned. Thomas fekk nemleg ein ide.

- Eg lurar på kva ho har under kjolen. Det fekk eg lyst til å sjå på.

Redaktør -

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...