BOKORMANE SNAKKAR SAMAN

01.09.2005
BOKORMANE SNAKKAR SAMAN
Ei uhøgtideleg og lattermild stemning pregar boksirkelen denne tordagskvelden i oktober. Frå venstre Tore Gunar Sandve, Gøril Haugseng, Astrid Fisketjøn og Anne Lin Høglund.

I BOKSIRKELEN SITT INDRE

Astrid har komme til side 183, Tore Gunnar har lese 15 sider, Anneli har hatt det travelt og berre fått sett på dei tre første setningane, medan Lissbet og Gøril har gjort heimeleksa si, og har lest ho ferdig. Det er siste torsdag i månaden og tid for boksirkel på Bryne.

 

 

- Eg synes ho er knallkjekk så langt, seier Astrid. Eg har falt heilt pladask for hovudpersonen. Eg blei overraska då eg såg at forfattaren berre var eit år eldre enn meg sjølv.

- Det er den første boka som har fått meg til å grine, seier Lissbet.

- Ikkje røp kva som skjer,avbryt Astrid.

- Eg synest bokvalet ser spennande ut, kommenterar Tore Gunnar, medan han blar i eit eksemplar.

- Det var ei fantastisk bok, er Gøril einig i. Kanskje ho var litt heseblesande i starten

- Eg forstår ikkje heilt forholdet han hadde til mora. Eg fekk inntrykk av at dei ikkje stod så nære kvarandre.

- Nei Astrid, då må du lese resten først, avbryt Gøril og Lisbeth i kor.

 

Ein liten time tidligare

- Det å lese er ein einsam aktivitet. Men ofte når ein har lese ei bok som engasjerar eller provoserar, så har ein behov for å snakke om det med nokon andre etterpå. Hehe, det høyrest litt spesielt ut, men eg er glad i å lese bøker, og å snakke med andre om bøker, så enkelt er det.

Gøril Haugseng, initiativtakar og organisator av boksirkelen på Bryne, fortel kvifor ho starta opp sirkelen i vår. Klokka nærmar seg sju, og Gøril ser utålmodig på klokka. I etasjen under har det starta opp ein rockekonsert. Gøril rynkar bryna. Dette er ikkje akkurat boksirkelmusikk. På bordet framføre ho ligg ”Ekstremt høyt, utrolig nært” av Jonathan Safran Foer, samtaleemnet for kvelden.

- Sirkelen er et slags in opplegg, og ikkje så veldig forpliktande. Men vi er ein fast kjerne på omlag sju, som møtast her ein gong i månaden. Eg veit at det finst mange boksirklar i privat regi rundt omkring. Men ved å møtast her så slepp ein å vaske huset og bake kake kvar gong. Det er veldig greitt, ler Gøril, og held fram.

- Med å vere medlem i ein boksirkel får ein lese bøker som ein i utgangspunktet aldri ville lese. Og når ein etterpå samlast og snakkar saman om boka, kan ein oppdage nye ting ved ho som ein ikkje såg når ein las ho sjølv.

- Å vere med i ein boksirkel høyrest ut som ein dameaktivitet?

- Jo, vi er bare damer førebels. Kvinner les generelt meir enn menn. Og så har vel ikkje menn så stort behov for å snakke om det dei har lese heller, hehe. Men Gøril kan fortelje at det første mannlige medlemmet skal dukke opp i kveld.

 

 

Mannen

Klokka er sju. Han er punktlig, og første ankomne medlem.

- Dette høyrest ut som ein rocka bokklubb, kommenterar Tore Gunnar.

- Det brukar ikkje å vere så bråkete som dette her, forsikrar Gøril

- Sirkelen sitt nye, mannlige innslag ser litt bekymra på alle dei tomme stolane. Gøril forsikrar om at dei andre kjem nok snart.

- Kvifor vere med i ein boksirkel Tore Gunnar?

- Stikkordet er inspirasjon. Eg ønskjer å bli kjend med andre bøker, og med andre folk som er glad i å lese. Dessutan treng eg eit spark bak for å halde lesefrekvensen oppe. Men eg fekk beskjed om når møtet skulle vere først i går , så eg har ikkje fått lese så mykje av boka.

 

Snakking

Venting. Ti over sju.

Så kjem to  trufaste medlem, Astrid og Lissbet.

- Å lese ei god bok er noko av det kjekkaste som finst. Då sluttar alt anna rundt meg å eksistere, fortel Lissbet.

- Eg liker å få høyre andre sine meiningar om det eg har lese. Det er kjekt å krangle litt dersom ein er ueinige, meiner Astrid. Men du Gøril, eg har berre fått lest til side 183. Det har vore så travelt på den nye jobben.

Kveldens siste medlem kjem. Anneli har heller ikkje fått lese så mykje.

- Det er lov å ikkje ha lest alt det ein skal, fortel Gøril.

- Det viktigaste er at ein kjem, så får ein heller vere litt stille, og lytte istadan for å snakke.

 

- Hovudpersonen i boka var så søt.

- Trur du mora ikkje brydde seg om kor han var?

- Nei eg trur ho visste det frå før av.

- Men var han homo?

- Nei, hehe, det var han ikkje.

- Eg likte boka veldig godt, og så utruleg fin tittel på ho.

- Nå fekk eg veldig lyst til å lese ho.

- Ja, det bør du absolutt!

 

 

FAKTA OM BOKSIRKELEN

Kva : Boksirkelen på Bryne er for alle som likar å lese, og å diskutere det dei har lese med andre.

Når og kor : Møtast siste torsdag kvar månad i etasjen over kaffebaren i Hognestadveien 3 på Bryne.

Korleis : Veljer ved avstemning ei bok kvar månad som skal lesast ut til sirkelen møtast igjen

Pris : Kostar 35 kroner for kvar gang.

Meir informasjon : www.inspirasjonbryne.no

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
BOKSIRKELEN PÅ BRYNE,

Nyheter

Jerndikt

Jerndikt

Et forsøk på å forstå ...

Da bikkjene gikk løse

Da bikkjene gikk løse

Tilhørlighet Å bli tatt imot med ...

Aller helst vil eg danse

Aller helst vil eg danse

Det lakkar og lir … - Kom, lat oss snu timeglaset ...

«‘DAYÊ’» Er lyden av kjærlighet»

«‘DAYÊ’» Er lyden av kjærlighet»

En gripende reise gjennom generasjoners kamp, ...

Trollet på hytta hjalp til med kveldsstellet

Trollet på hytta hjalp til med kveldsste...

Kristine Buettner blander gjenkjennelig hverdagsproblematikk ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...