Spennande museumshaust

29.06.2012
Spennande museumshaust
Helene Østby Larsen i Jærmuseet har planane klare for mange familieaktivitetar utover hausten.

Sjølv om hausten til Jærmuseet er prega av opninga av Garborgsenteret, er det planlagt mange aktivitetar for store og små i dei 12 anlegga museet rår over.

Jærmuseet er svært opptekne av å aktivisere sine besøkande. Det ber også haustprogrammet preg av. Museet legg vekt på å tilby aktivitetar som er tilpassa sesongen.

-Det er søndagane som er aktivitetsdagen hjå oss, og i haust kan publikum mellom anna vere med på slakting av sau på Vitengarden, fisking på Limagarden eller bakedag på Grødaland, fortel Helene Østby Larsen i Jærmuseet.

 

 

God sommar

Jærmuseet har hatt ein travel vår og sommar. Besøkstala så langt i år, viser at over 100.000 har besøkt dei ulike anlegga. Det er ein god auke frå i fjor.

-Me kan ikkje forklare det med vêret heller. Dårleg vêr er godt nytt for oss, men det var omtrent likt i fjor og i år, seier Østby Larsen.

Besøkstala er gode, særleg med tanke på at Jærmuseet sine anlegg ligg så spreidd. Dei har ikkje eitt museum i ein by med mange turistar, understrekar Østby Larsen.

-Me har eit litt anna publikum om sommaren. I år har besøk på sjøgarden på Grødaland vore eit tilbod for cruiseturistar i hamn i Stavanger. Det har vore spennande å ta imot dei gjestene. Det er stort volum over den marknaden, og dei utanlandske turistane har sett pris på å få sjå eit så autentisk anlegg, seier ho.

-Me merkar også at mange jærbuar tek med seg sine sommargjester – slekt og vener – på museum, og likar å vise fram det som er lokalt. Anlegga våre er dessutan enklare å finne. Skiltinga har blitt mykje betre, legg ho til.

 

 

Mykje for familien

Det er særleg familieretta aktivitetar som er aktuelt om hausten. Jærmuseet har også mange skuleklassar på besøk, og i haustferien går både barnehagar og SFO-grupper på museum.

-Det er mykje å oppleve for barn om hausten. Me viser fram kor maten kjem frå på Vitengarden 23. september, då me slaktar ein sau. Dette gjorde me også i fjor, og me såg at ungane syntest det var kjekt. Det var stort sett dei vaksne som rynka på nasen. I oktober skal me også ha ein dag med konservering av mat i oktober. På fiskedagen på Limagarden får barna vere med å trekkje garn og sløye og reinse fisk, og på bakedagen på Grødaland får dei bake eplekaker, seier Helene Østby Larsen.

Og når ho seier eplekaker, så meiner ho ikkje kaker av typen som blir serverte varme saman med is. Ho meiner sjølvsagt flate kaker med jordeple.

Medan Vitengarden og gardsanlegga gjerne fokuserer på mat, er det forsking og teknologi som står i sentrum på Vitenfabrikken. Der skal forskingsdagane markerast. I år er det vatn som er tema.

-Det er ikkje alle som kjem på kor mange anlegg me har. Flymuseet på Sola er også under Jærmuseet sin vengjer, og der har me utstillinga «Luft under vingene» no i september. Alle bør også prøve sjøsjukesimulatoren på Tungenes fyr på Randaberg, tilrår Helene Østby Larsen.

 

 

Gode på formidling

Dei fleste aktivitetane til Jærmuseet blir til i samarbeid med andre. Det kan vere både lokale lag og organisasjonar, privatpersonar eller forskarmiljø. Museet si rolle er å vere formidlar og tilretteleggjar, seier Helene Østby Larsen.

-Lag og organisasjonar ønskjer gjerne å vise fram kva dei kan og kva dei driv med, og det er mange som sit på ting som er interessante å vise fram. Det finst mykje kunnskap og kompetanse rundt om. Fagpersonar og forskarar har også nytte av å samarbeide med oss. Me er gode på å gjere faglege ting folkelege og forståelege for publikum, meiner ho.

Planane for 2013 blir lagde i desse dagar, og museet er opne for innspel frå folk eller lag som har idear om utstillingar eller aktivitetar.

-Me er dels bundne opp til det me er pålagde av aktivitet frå sentralt hald, men me har også rom for å leggje til rette for ting me ønskjer å gjennomføre, og høyrer gjerne frå dei som meiner dei kan bidra, oppmodar Helene Østby Larsen.

 

Jærmuseet sine anlegg

 

Vitenfabrikken, Sandnes

Vitengarden, Nærbø

Tungenes fyr, Randaberg

Science Circus, Omreisande

Garborgsenteret, Bryne

Grødalandstunet, Grødaland

Haugabakka, Klepp

Varden sjøredningsmuseum, Ogna

Vistnestunet, Randaberg

Limagarden, Ålgård

Flyhistorisk museum, Sola

Krigshistorisk museum, Soma

 

 

Jærmuseet sine aktivitetar i september

5.-9. Offisiell opning av Garborgsenteret

9. Husflidsdag på Vitengarden

9. Kulturminnedagen på Vitenfabrikken

16. Geologidag med naturlos på Limagarden

21.-30. Forskingsdagane på Vitenfabrikken

23. Aktivitetsdag med sau på Vitengarden

23. Luft under vingene på Flymuseet

28. Researchers night på Vitenfabrikken

30. Eplekaker og gamle spel på Grødaland

30. Fiskedag på Limagarden

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Jærmuseet,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...