Spelte for sine eigne

27.05.2012
Spelte for sine eigne
Vind i gardhol

Bandet «Vind i gardhol» har gitt jærbuen songar som har blitt allemannseige. Så har også jærbuen visst å trykka bandet til sitt bryst etter at dei så smått sto opp frå ein 30 år lang dvale.

På Jærnåttå tok eit så og seie fullstappa Bryne torg vel imot bandet som gjorde eit lite comeback under Ranglerock i fjor. Songar som «Putlaa» og «Kortspel» sytte for høg allsongfaktor. Ei fin oppleving for godt tilårskomne herrar som berre delvis har vore utøvande musikarar dei siste åra.

-Det er spesielt for oss, ja, stadfestar keyboardspelar og låtskrivar Torstein Obrestad.

-Er de større stjerner no enn då de var på høgda av karriera for 30 år sidan?

-Ja, me er nok det, seier Obrestad , før han understrekar poenget om at stjernestatusen ikkje er faretruande høg.

-Kan me gjere unna fotograferinga litt fort. Eg må ein tur heim før me skal på scena. Det er ein lekkasje som må tettast i fjoset, ber han.

 

Lever på radio

Torstein Obrestad trur at NRK Rogaland er sterkt medverkande til at bandet dei siste åra har kjent eit sug frå folk som gjerne vil sjå dei samla att.

-Fleire av songane lever på radio. Dei siste åra har det vore stadig meir mas om å samlast att. Omund Norheim i Ranglerock prøvde i fleire år, men Ranglerock kolliderte med ein bluegrassfestival i Risør der fleire av bandmedlemmene i Vind i gardhol var opptekne med andre prosjekt. I fjor fekk me det til, og det var tydeleg at publikum sette pris på gjenhøyret, fortel Obrestad.

-Det er mange som kan songane våre. Det suget me har opplevd, skuldast nok mest at me er eit lokalt band som syng for eit lokalt publikum. Dessutan syng me også på dialekt, noko som gjer det endå lettare for folk og få eit forhold til songane, meiner han.

Og at ein song som Putlaa har blitt populær att, skuldast nok mest den statusen songen har fått medan det har vore taust frå bandet.

-Den treffer nok jærbuen «heime», og har fått eit lite nasjonalsongstempel, trur Obrestad.

 

Travelt opptekne

Torstein Obrestad og dei andre bandmedlemmene nyt det vesle, sporadiske comebacket dei har opplevd det siste året, men vil ikkje seia for mykje om framtida. Vind i gardhol har berre gitt ut ei plate. Den er så gamal som frå 1981, same året som bandet trekte inn årane. Men Obrestad vil ikkje seia noko om korleis framtida vil arte seg for bandet.

-På 70-talet var me ein del av både ei visebølgje og ei dialektbølgje. No flyt me på ei nostalgibølgje. Me kjem nok til å ta på oss nokre spelejobbar, men nye plater kan eg ikkje seia stort om. Me er sju musikarar i bandet. Alle må ha lyst og inspirasjon om me skal tenke i dei banar, men slik det ser ut i dag, har dei fleste andre prosjekt dei putlar med. Og så tenker me at vårt musikalske uttrykk også har endra seg på 30 år. Me gjer dette mest fordi det er kjekt, seier Obrestad, og illustrerer at comeback basert på nostalgi gjerne bør vera på nostalgisk vis.

-Alt har si tid. Mods samlar 25.000 på Viking stadion med ein konsert med gamle songar, men bandet vil neppe gjenoppstå av den grunn, seier han.

-Men på den andre sida; songane kan fint leve vidare. Mozart gav seg lenge før oss og Mods. Hans musikk blir framleis spelt, legg Torstein Obrestad meir spøkefullt til.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Vind i gardhol,

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Det blir ellevill dramatikk og litt romantikk ...

Vilja vil ikke

Vilja vil ikke

En dag får Vilja gjøre som hun ...

De ropende tankenes hvisken

De ropende tankenes hvisken

Dikt om sorgens ansikter

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...