Nært og sterkt

21.04.2012
Nært og sterkt
Marianne Kåstad (til venstre) og Camilla Ystanes i Fantefølge har funne seg godt til rette i tronge Kjellerteateret i Storstova. Mennene Bård Ystanes og Kurt Kåstad snikrar amfi i staden for scene.

Teatergruppa Fantefølge har spelt klassikaren «Reisen til julestjernen» for fulle hus i Storstova på Bryne dei to siste åra. No går dei i ei heilt anna retning med «Edel har fest» - eit sterkt drama med to karakterar og publikum ein meter unna.

Det kjennest tett og lite, Kjellerteateret i Storstova. Jo, dette lokalet må vera godt eigna til intimteater, er den første tanken som slår ein når ein entrar rommet. Med 35 i salen vil det kjennast endå tettare. Og med aggressivt drama og sterke kjensler frå skodespelarane Else Strøm Larsen og Brigt Skrettingland ligg alt til rette for at einaktaren «Edel har fest» kan krype under huda på publikum.

-Det blir ein intens time der det svingar frå dei store kjenslene til dei heilt nære. Det er ein kjenslemessig berg- og dalbane, lovar regissør Camilla Ystanes.

 

Intimt og avslørande

Einaktaren handlar om den einsame kassedama Edel som har invitert veninner til fest, men i staden for veninnene dukkar bråkjekke Ruben opp og forsyner seg av whiskyflaska. Møtet mellom dei to blir ein konfrontasjon som tvingar begge til å utlevere seg sjølv.

-Dette er eit tett og intimt drama som ikkje kan spelast på ei stor scene i ein stor sal. Dei to skodespelarane har jobba mykje med å skape gode og truverdige karakterar, og det har vore krevande sidan dei er veldig ulike karakterane dei skal gestalte. Spelet må vera levande og organisk. Intimteater er avslørande. Publikum ser alle detaljar i spelet, seier Camilla Ystanes.

-Men me er i rute. Dei to har øvd 4-5 kveldar i veka no i slutten. Det har vore ein veldig spennande måte å jobbe på, legg ho til.

Scenaografien i Kjellerteateret er også litt spesiell til premiera på «Edel har fest». I staden for å bygge opp scena, har Ystanes flytta spelet ned på golvet og løfta publikum i staden. Eit lite amfi er bygd i det tette rommet.

 

100 på kurs

Gruppa Fantefølge med «Edel har fest» opp sin tredje produksjon. Dei to første har vore to rundar med «Reisen til julestjernen» - med både barn og vaksne på scena. Fantefølge skal også vera eit teater med plass til både barn og vaksne.

-Formålet vårt er todelt. Me skal ha kurs i drama og dans for barn, og me skal produsere og spele teater med og for vaksne, fortel Camilla Ystanes og Marianne Kåstad.

I vår har 100 ungar vore opptekne med danse- og dramakurs i Fantefølge sin regi.

-Det er stor etterspurnad etter slike kurs. Me har hatt fire teaterfantgrupper, to dansefantgrupper og to prinsesseballettgrupper for dei minste gåande i vår, seier Marianne Kåstad.

 

Opera og bruredans

Fantefølge har også planane klare for nye teatersatsingar for vaksne. Seinare i år startar øvingane til folkekomedien «Bruredansen» av Norvald Tveit – ein god, gammal buskis med dans på brygga og alt som høyrer til av kjærleik og intrigar. Planane er også klare for eit opera-prosjekt, men det er ikkje sett noko nærare tidspunkt for kva tid det skal presenterast for publikum. Men først skal altså «Edel har fest» visast til jærbuen. Det er sett opp sju framsyningar, men stykket skal også testast på publikum heile fire gonger før premiera.

-Me skal spela tre framsyningar for skuleklassar på ungdomstrinnet og vidaregåande. Me også opp ein førpremiere på Unge Spor sin teaterfestival. Det er nyttig å teste ut det intense dramaet før me inviterer jærbuen til å kome og sjå, meiner Camilla Ystanes.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Teatergruppa Fantefølge, Camilla Ystanes,

Nyheter

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Ene-Bjarne - Forloverens makt

Det blir ellevill dramatikk og litt romantikk ...

Vilja vil ikke

Vilja vil ikke

En dag får Vilja gjøre som hun ...

De ropende tankenes hvisken

De ropende tankenes hvisken

Dikt om sorgens ansikter

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...