Min bokanbefaling

01.07.2004
Min bokanbefaling
Saynab – min historie

Saynab – min historie

Eva Norderhaug, Saynab Mohamud, Aschehoug forlag 2004

Saynab – min historie er den sanne, sterke historia til Saynab Mohamud, som veks opp i Hargeisa i Somalia og som kjem til Norge som flyktning i 1990, 12 år gamal. Foreldra skulle eigentleg ikkje gifte seg med kvarandre, begge var lova bort til andre. Men dei rømde og gifta seg hemmeleg. Faren er utdanna journalist, og på grunn av sterk kritikk av det somaliske regime i artiklane han skreiv, vart han fengsla og torturert. Etter han vart sett fri igjen, reiste han til Saudi-Arabia. Familien hans liker ikkje ekteskapet, så dei presser på for å få ein slutt på det. Etter at mora ikkje har høyrt noko frå mannen på lang tid, får ho eit brev der det står at dei er skilde.

Faren reiser så til Norge og får politisk asyl her. Han ender opp i Risør, og arbeider for å få Saynab og broren til Norge. Dei har det fint den første tida, men etter ei stund får faren problem med sosialkontoret, og dei flyttar til Kristiansand. Då vert alt mykje verre. Faren byrjar å drikke og Saynab og broren vert mobba på skulen. Saknet etter mora er stort for dei to barna. Faren har fått ei ny kone, og etter kvart flyttar dei til Holmlia i Oslo der det er eit veldigt tøft ungdomsmiljø.

Boka er skriven av Eva Norderhaug, og den har eit muntleg og direkte språk. Kapitla vekslar mellom det som skjer i Norge og oppveksten i Somalia. Det gjer at det er eit godt driv i boka. Saynab hugsar mykje av det ho har opplevd, og me får eit godt innblikk i kulturen og leveviset i Somalia. Me får og vite korleis det er å leve med to kulturar, kor mange misforståingar som kan oppstå, og kor vanskeleg det kan vere å kome inn i norske miljø. Men ho er ei tøff jente som tør å kjempe for det ho trur på. Boka anbefalast på det sterkaste til ungdom. Både fordi ho inneheld mykje som ungdom har godt av å lese, og fordi ho er på 170 sider og kostar 198 kr. Men vaksne bør absolutt og sette av eit par timar til Saynab!

 

Av Siv H. Undheim

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...