Frå pop til poesi

11.02.2026
Frå pop til poesi
Lyrikkforlaget
Katrine Langlo

Songar, låtskrivar og pedagog Katrine Langlo frå Stranda på Sunnmøre gjev ut si første bok. «Kunsten å danse på Lego» er ei diktsamling som kombinerer humor, alvor og skarpe observasjonar – og vegen dit starta med ein tilfeldig invitasjon frå Mållaget.

Det var eigentleg musikken som skulle vere hovudsaka. Katrine Langlo (42) har i mange år skrive låtar og opptrådd som artist, men då ho for eit drygt år sidan vart invitert til å halde ein akustisk konsert i regi av Mållaget, vart det starten på noko heilt nytt.

– Sidan mange av låttekstane mine var på engelsk og ikkje så mange på dialekt per då, vart det til at eg valde å dele nokre av dikta mine for å ha utelukkande norskspråkleg formidling denne kvelden. Det var første gong eg delte noko av poesien min offentleg, og faktisk var det berre nokre veldig få som visste om at eg skreiv dikt i utgangspunktet, fortel Langlo.

Responsen frå publikum vart sterkare enn ho hadde våga å håpe på. Ho vart tildelt Målblomen for sin bruk av dialekt og lokalt språk, og fleire oppfordra henne til å gje ut ei diktbok.

– Vegen fram mot boka vart til ganske tilfeldig og likevel på ein veldig naturleg måte for min del, seier ho.

 

Ei kreativ sjel

Langlo skildrar seg sjølv som ei kreativ dame som stadig har noko på gang i hovudet – anten det er ein låtidé som tek form, eit dikt, eller generelle betraktningar om livet og verda. Ho har truleg fleire hundre uferdige idear og skisser liggjande.

– Kunsten å fullføre påbegynte prosjekt er kanskje mi svakaste side som skapande, innrømmer ho med eit glimt i auget.

No har ho likevel fullført eit prosjekt som ho kan vere stolt av. «Kunsten å danse på Lego» spenner breitt i tematikk – frå humoristiske observasjonar til skarp samfunnskritikk, frå tunge opplevingar som har sett djupe spor, til dei gode, nære relasjonane som gjev livet meining.

– Fellesnemnaren er vel at det eg skriv er ganske ufiltrert, rått og ekte. Du finn ikkje mange typiske «Instagram-poesiflosklar» om å skape deg ein god dag og sånt i boka mi, seier Langlo.

 

Eit breitt publikum

Forfattaren meiner at målgruppa i hovudsak er folk som står midt i livet, i spennet mellom levd liv og liv som skal levast. Ho ønskjer å nå dei som har vore ute ein vinternatt og opplevd livets både lysaste og mørkaste sider.

– Det er vel tross alt det som gjerne er felles for oss menneske? Eg trur eigentleg at alle menneske, uavhengig av alder og kjønn, vil kunne finne noko i boka mi som treffer ein eller annan streng på innsida.

Tilbakemeldingane frå bransjefolk har vore oppmuntrande. Ho har fått høyre at kombinasjonen av humor, alvor og skarpe observasjonar gjer boka original, og at stilen er «klassisk Langlo» – noko som kjennest motiverande for ein debutant.

 

Pop og poesi saman

For Langlo handlar skriving om noko grunnleggjande menneskeleg. Ho meiner litteratur og tekst er den viktigaste og mest intuitive måten vi menneske kan prøve å skape meining og forståing ut av ei kompleks verd og eit ofte komplekst indre liv.

No ser ho fram til å samle dei to sidene av kreativiteten sin. Boka skal feirast med lanseringsfest og intimkonsert i april, og framover vert det meir av konseptet «Pop & poesi» – der musikk og dikt møtast på same scene.

– Det kjennest veldig riktig at desse to sidene av min kreativitet no blir fusjonert til eit slags samanhengande univers, seier ho.

Snart kjem òg ein ny song, «Paradis», som tematisk er tett knytt til boka.

 

Hage som terapi

Når Langlo ikkje skriv eller lagar musikk, er ho først og fremst mamma til tre barn. Fritida går til familie, litt sosialisering og kreative prosjekt. I sommarhalvåret tilbringer ho mykje tid i hagen med plantar og blomar i både drivhus og bed.

– Hage og dyrking har blitt ein stor lidenskap dei siste åra, og ein veldig takknemleg og terapeutisk hobby, fortel ho.

«Kunsten å danse på Lego» kjem ut på Lyrikkforlaget og markerer starten på det som ser ut til å bli eit spennande forfattarskap frå Sunnmøre.

 

Mer om boken her: Lyrikkforlaget

 

Redaktør -

Nyheter

Skriver seg gjennom livets mørkeste timer

Skriver seg gjennom livets mørkeste time...

Da datteren fikk kreft og han selv havnet ...

Styrkedrops fra skogen

Styrkedrops fra skogen

Synnøve Kristensen fra Skjeberg er aktuell ...

– Vi består av mange lag

– Vi består av mange lag

Lektor og poet Tora Ytterland Silseth er ...

Kjærlighetens mangfold i musikalsk form

Kjærlighetens mangfold i musikalsk form

Bjørn Ove Høyland er aktuell med ...

Krig, krise og konflikt

Krig, krise og konflikt

Bryr du deg? Gjør du noe? Kan du svare ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...