Lyrikkforlaget
							Siri Gossé
						 
					 
				«Vi er inderleg forbundne med jorda» og samstundes dei som «øydeleggjer ho i villelse» 
				Dette er poesi som tør å sjå inn i det som skremmer mest
 
Vi flyt på tynne flak av stein, varme og eksplosive som frø. Men kva skjer når jorda vert lei, når ho sluttar å svelle mot ljoskvervet?
 
I denne diktsamlinga møter vi ei verd der vi må velje mellom 23 forskjellige tannbørstar i ein vanleg butikk, der 90 000 tonn klede dumpast årleg i eit lite land. Her er forbrukskulturen og klimakrisa ikkje berre politiske tema, men eksistensielle røynder som pressar seg inn i det mest intime.
 
Med eit skarpt auge for kvardagens absurditeter skildrar forfattaren vår tids største paradoks: Vi er «inderleg forbundne med jorda» og samstundes dei som «øydelegg ho i villelse».
 
Dette er poesi som tør å sjå inn i det som skremmer mest – og som finn skjønleik sjølv i verdas samanrot.
 Siri Gossé er lærar. Ein trønder som stranda langt frå havet, men ofte lengtar dit. Ho interesserer seg for mykje, men mest av alt for menneska.
 
BOKFAKTA:
Tittel: Enno er vi her
Forfatter: Siri Gossé
ISBN: 9788283984989
Format: 13 x 20
Antall sider: 56
Innbinding: innbundet
Utsalgspris kr 298.00
 
Redaktør -