Frå innsida av psykiatrien

04.11.2020
Frå innsida av psykiatrien
Lyrikkforlaget
Silje Gjøe Namdal

Silje Gjøe Namdal debuterer med diktsamlinga «Alt mellom himmel og jord. Utanom jord» på Lyrikkforlaget. Tekstane er laga på lukka avdeling.

– Ideen til boka fekk eg eit av mine fyrste år på lukka avdeling, då eg dreiv og skreiv saman med personalet på skjermingsposten, fortel Namdal. Ho er 34 år og har lang erfaring som pasient i psykiatrien. Ho er interessert i å lære frå livet gjennom å skrive om eigne erfaringar.

– Dette er mi fyrste utgjeving, men eg vonar det ikkje vert den siste. Boka handlar om psykiatri, tankar, kjensler, erfaringar, og om det meir humoristiske som går føre seg i hovudet mitt. Målgruppa er alle som har tankar, dermed alle, seier den ferske forfattaren.

Å skrive seg ut av nederlaget

Drivkrafta i skriveprosessen har vore å godta dei dårlege periodane i livet, altså å få noko ut av dagane etterpå. Namdal beskriv det som å «kunne skrive seg ut av ‘nederlaget’». Ho har fått inspirasjon frå helsepersonell som har gitt av seg sjølv og snakka med ho.

– Bodskapen i boka er at me alle har tankar. Tankar er berre tankar, men dei kan kome i mange forskjellige variantar, og vere både plagsamme, skumle og artige. Så vit berre at du ikkje er åleine. I boka kan du sjå alle dei rare tinga eg «slit med». Boka skiljer seg frå andre ved at eg blandar humor inn i psykiatrien, og samstundes med at eg skiljer dei to temaene, så går dei hand i hand ved å godta at eg har rare tankar.

Kan ha det kjekt

Silje Gjøe Namdal vonar utgjevinga skal gje ho ein moglegheit til å hjelpe andre, slik ho ynskjer å byrje med i livet etter utskrivinga frå institusjonen.

– Folk bør kjøpe boka for å fremme openheit rundt psykisk sjukdom og psykiatri. For det skjer mykje i psykiatrien som folk flest ikkje veit om. Både positivt og negativt. Folk veit for eksempel kanskje ikkje at me òg kan ha det kjekt innimellom på lukka avdeling.

Debutanten har fleire prosjekt på skriveblokka.

– Eg har byrja å skrive litt på bokmål att, og vonar eg får gje ut ei bokmålsamling etter kvart òg. Denne skal handle om tida etter psykisk sjukdom.

Audun Rømcke

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...