KU ELLER KAFFE LATTE?

01.09.2005
KU ELLER KAFFE LATTE?
Sosiolog Erik Fossåskaret snakkar om kulturforskjellar mellom by og bygd, medan han drikk kaffe au lait på kafeen ved Universitetet i Stavanger.

Sau, ku og køntri, traktor til skolen, råning i styla biler og mekking på mopeden – Eller - Kaféliv med kul kaffidrikk, teaterbesøk, abstrakte kunstutstillingar og kvasikulturelle diskusjonar over eit par flasker raudvin. Finst der kulturforskjellar mellom by og bygd?

- Førestillingane vi har om kvarandre ligg i etterkant av den faktiske utviklinga. Vi overser mangfaldet når vi ser på kvarandre utanifrå, fortel Erik Fossåskaret, sosiolog ved universitetet  i Stavanger. Han meiner at måten by og bygdefolk ser på kvarandre sin livstil eller kultur er dominert av karikaturar frå tidligare tider. Vi er likare enn vi trur

- Dei siste tiåra har byverdiane nådd utover på bygdene. Det å møtast på byvis, på kafear og pubar, har blitt vanlig og på bygda. På bygda finn du i dag det som i alle år har kjenneteikna byen; kafear, spesialbutikkar, galleri og eit yrande kulturliv. For eksempel er Hå gamle prestegard noko av det mest såkalla urbane som finst, og det finst like mange sortar kaffi på ein kafé på Bryne som i Stavanger. Byen ligg ikkje lenger foran i nyskjerrighet for nye impulsar lengre. Vi blir likare kvarandre. Du kan ikkje plukke ut kven som kjem frå Jæren ein kveld i lysløypa i Stavanger.

 

 

Bedehuskulturen slepp taket

Men slik har det ikkje alltid vore. Medan Stavanger på syttitalet vaks og fekk nye innbyggarar og impulsar frå andre stadar, tok det lenger tid før ein slakka på spenna i bibelbeltet lenger sør.

- Bedehuskulturen var mer seigliva her. Den dominerte lenge alle sider av livet på bygda. Medan det i byen var kort avstand mellom kafé og katedral, var kafébesøk regna som dekadent i bedehusmiljøet på bygda. Ein var redd for alt som var nytt, og følte seg trygg i den gamle og kjente livsstilen, fortel Fossåskaret.

- Men slik er det ikkje lenger. Bedehuskulturen har mista sitt normative hegemoni på bygda. Kulturtilbodet er blitt større, og ein tillet at det blir brukt. Å drikke eit glas vin på kafé betyr ikkje lenger at ein er dekadent og syndig. Bygdene har blitt romsligare og opna for eit større mangfald. Bygdefolket har lært å leve på byvis, og dei er mykje flinkare til å opptre på byen sine arenaer enn byfolk er på bygda sine. Om du plasserar ein bybebuar i eit fjøs, ser han som oftast heil hjelpelaus ut, ler sosiologen.

 

 

…..Nesten

Likevel kan Fossåskaret bevise at sjølv om bedehuskulturen ikkje lenger har den same posisjonen i folk sine liv, så har den enno noko av si påvirkningskraft. I Rogaland gifter unge par seg istadan for å bu i lag.

- Rogaland er ein av dei regionane med lavast sambuarprosent hos unge par mellom 20 og 29 år i landet, fortel Fossåskaret.

- Og overraskande nok ligg og storbyen Stavanger godt underlandsgjennomsnittet. Her er det ikkje stor kulturskilnad mellom by og bygd, men heller mellom regionane. I tillegg blir vi i dag ikkje i like stor grad forma av om vi kjem frå byen eller bygda, men heller på kva utdanning vi tar og kva vi velgjer å bli, seier sosiologen.

 

 

Hipp eller harry?

By og bygdeungdommen blir åltså meir og meir like. Men nokre kulturforskjellar finst der vel ennå?

- Jo, dei er der, medgir Fossåskaret

- Det virkar som om ungdom i byene er meir opptekne av korleis dei framtrer enn bygdeungdommen. Medan ein i byen er opptatt av å vere hipp og trendy, synest ungdommen på bygda at det er greitt å vere harry. Ein er ikkje like ivrig etter å vere à jour med siste utgiving til det rette bandet, men lever bokstavelig talt eit meir jordnært liv. Å gå i felleskjøpsdress, og køyre traktor til skolen er greitt.

- Minuset med å vere ung på bygda kan derimot vere at det finst få alternative miljø. Det er færre og meir dominerande ungdomsmiljø på bygda enn i byen. Faktisk kan det vere lettare å vere kristen i byen i dag enn på bygda, meiner Fossåskaret. Mange bygdeungdommar har og følt det som befriande å komme til byen der det fanst folk på deira eigen alder som var intereressert i andre ting enn å mekka på moped, fortel han

- I byen finn ein framleis fleire alternative ungdomskulturar enn på bygda.

- Så det er eit snev av sanning i at i byen er befolka av hippe mediefolk og bygda av harry bønder?

- Eit snev av sanning er det i alle karikaturar og stereotypiar, seier sosiologen.

- For å sei det slik; det er framleis ein større andel av ungdommane i Hå som kler seg i kjeledress enn det er blant ungdommane på Våland. Men den andelen er ikkje så stor som vi trur.

 

Tekst og foto: Nina Kalvatn Opsahl

Redaktør -

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...