DEI HÅPEFULLE

01.09.2005
DEI HÅPEFULLE
Sekretær i Bryne Esperantoklubb, Kari Hopland les tegneseria Asterix på esperanto.

Han ville skape større forståing mellom menneske, og dermed gjere verda til ein fredeligare plass. I 1887 hadde polakken L.L Zamenhof verkemiddelet klart. Eit nytt verdsspråk skulle bli bindeleddet mellom alle jordas folkeslag. Riktig slik gjekk det ikkje. I dag finst det om lag 50000 esperantistar i verda, og åtte av dei bur på Bryne.

Kie estas la plej proksima necesejo?

- Kvar er næraste toalett? O-en uttalast som ein å. Ellers kan du uttale det slik som det står skrive. Det er eit veldig lettlært språk med enkel grammatikk. 16 reglar og ingen unntak, pleier vi å seie. Sekretæren i La Vanelo – Bryne esperantoklubb, Kari Hopland, blar i eit tynt hefte med esperantoreglar. La Vanelo betyr for øvrig ”vipe” på norsk, og i over tjue år har Hopland vore trufast medlem i klubben som såg dagens lys i 1979. Kvar fjortande dag treff ho sju andre til høgtlesing og oversetting av deira felles lidenskap, det internasjonale språket esperanto.

 

Kva er vitsen?

- Er det ikkje bortkasta tid å lære eit språk så å seie ingen kan?

- Nei, det kan ha mange fordeler. For eksempel så er verdas esperantomiljø så tett samanknytta at om du er ute og reiser så får du omvisning og gratis overnatting av esperantistar på staden du kjem til. Dessutan får du sjanse til å treffe og snakke same språk saman med mange interessante menneske frå heile verda. Her på Bryne har vi fått besøk av esperantistar frå til dømes India, Frankrike og Argentina.

Kari Hopland blar i Emil i Lønneberget av Astrid Lindgren, på esperanto.

- Det finst masse litteratur som er omsett til esperanto. Og ikkje berre internasjonal. Både dei norske klassikarane Peer Gynt av Henrik Ibsen og Victoria av Knut Hamsun er å finne på esperanto, kan ho fortelje. 

 

 

Eit farleg språk

Etter at esperantoens far, Zamenhof, sa takk for seg, har esperanto med tida blitt utvikla vidare til å bli eit språk som dekker alle samfunnsområde. Bortsett frå litt mobbing frå dei eldre og større språka, har det vore greitt å kunna esperanto. Med nokre få unntak. Korkje diktatorane Hitler eller Stalin var særskilt glade i språket dei ikkje forsto. Hitler forbaud språket som eit jødisk og kommunistisk konspirasjonsspråk, og sende esperantotalande folk i konsentrasjonsleir. Stalin forbaud esperanto som eit kapitalistisk språk, og drap folk som kunne det.

- Esperanto blei sett på som noko suspekt. Diktatorane var redde for at det ikkje ville vere like lett å få kontroll over folk som kunne eit anna og ukjent språk. Dei så på esperantistane som spionar, fortel Hopland.

 

Enno håp

Esperanto blei aldri heilt det brubyggande og fredsskapande verdsspråket som det var meint å bli.

- Ein hadde trengt eit internasjonal språk i til dømes FN og EU. Det hadde forenkla kommunikasjonen ein heil del. Men nasjonalspråka har vore, og er sterke. Både fransk- engelsk- og spansktalande folk vil at deira språk skal snakkast av heile verda, så då blir kåra tronge for det nasjonalt nøytrale esperanto, seier Kari Hopland.

- Men likevel er det mange ting som starta i det små, så det går an å håpe. Ordet esperanto betyr jo faktisk ein som håpar.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...