Mykje å Jærmuseet

07.01.2005
Mykje å Jærmuseet
Sjur O. Anda
Jærmuseet

Enten du vil hoppa i høyet, eller testa korleis ein girkasse verkar. På Jærmuseet på Nærbø legg dei først og fremst vekt på at me skal læra gjennom å gjera.

- Hopp mor, hopp, det er ikkje så høgt, oppmodinga frå dei små gjallar i låven. Mora tek sats, og hiv seg uti høyet. Kven som helst kan gå i barndomen på ein stad som dette. 4H garden er ein del av Jærmuseet sitt anlegg på Kvia, og høyhoppinga var eit av høgdepunkta. Grisar og kyr har ikkje same tiltrekningskrafta. Heile utstillinga på Kvia er tufta på tanken om at me skal oppleva og gjera, ikkje berre gå og sjå.

 

Bygg

- Mor kor skal denne planken? Line Solem skal prøva å byggja eit jærhus, med lafta bord. Alt er svært pedagogisk lagt opp. Her kan du frå grunnen setja opp eit hus, med gamal teknikk.

- Det er skikkeleg gilt her. Det er så mykje å gjera. Det blir aldri kjedeleg, seier Line Solem. Ho går over til å byggja med stein istaden. Familien Solem frå Klepp synes Jærmuseet er topp.

- Det er noko for alle aldersgrupper. Her kan heile familien kosa seg, seier mamma Annbjørg Solem.

 

Arkitektonisk ligg byggningane fint inn i terrenget, og hukar seg for den evige vestlandsvinden. Det ser ikkje så stort ut frå utsida, men vel inne så er det som om huset veks, eller snarare søkk. Ein stor kjellaretasje, gjer mykje. Her finns plass både for gamle traktorar og ein masse spennande eksperiment som kan vera utfordrande nok både for liten og stor.

Dei vaksne får testa gammal steinrydningsteknikk. To steinar og to stokkar. Oppgåva er å løfta den eine steinen opp eit steg. Det krev sveitting, pusting og pesing, og til slutt ligg den eine steinen der han skal. Det er mykje enklare for minstemann å dytta han ned att.

 

Populært

Jærmuseet har gjort mykje rett. Besøkstala stig. At dei legg så mykje vekt på aktivitet, har nok gjort sitt til at det kvar dag kjem skuleklasser på besøk. Her kan ungane få både historie, biologi, teknikk og fysikk på ein gong. Så populære har dei blitt at fleire gjerne vil vera med. Det planlagde nasjonale Garborgsenteret på Bryne og 140 år gamle «Riskafjord II» har begge banka på døra på Kvia. I tillegg har politikarane i Hå gitt uttrykk for at dei godt kan tenkja seg at Hå gamle prestegard kjem inn under Jærmuseet.

 

Boller

Lukta av heimebakst og lappar siv frå kafeen. Her er det godt å setja seg ned og ta ei pause. Skulebollar, lappar og is. For dei som vågar litt meir tradisjon vert det servert mølje og lefse. Me saknar eit litt breiare utval. Etter ein travel dag, hadde det vore godt med litt skikkeleg mat i magen. Må ha det om ein skal orka ei økt til på låven.

 

Av Sjur O. Anda (tekst og foto)

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Jærmuseet,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...