Ein gut med livslang læring

01.10.2004
Ein gut med livslang læring
Frode Olsen

Frode Olsen har akkurat starta sitt nye tilvere som fotballtrenar for fotballjentene i Klepp. Røynsler frå sitt verke som farande fotballspelar kan kome godt med når han i desse dagar legg planane for neste sesong.

Namn: Frode Olsen

Alder: 37 år

Sivilstatus: Gift, 2 born.

Yrke: Fotballtrenar i Klepp og kommentator for TV 2 extra

Bustad: Forus

 

Eg treffer han på sin nye heimebane. Buldrande liv framføre 15 000 livlege Viking-tilhengarar er bytta ut med Klepp stadion, der jubelen meir eller mindre blei stilna etter stordomstida på slutten av 80-talet. Ein meir eller mindre profesjonell administrasjon i byen, er erstatta med dugnadsånd i bygda. Olsen som for nokre få veker sidan forskansa seg bak 10 spelarar på banen, sit no bak eit skrivebord i Klepp Turnhall.

Rokeringane omkring har vore store for fotballmålvakten med kjennskap til opera. Frå å vere i ein eliteklubb med, la oss seie, titals med millionar i omlaup, mykje trening, høg kjendisstatus, vender han hovudet mot Jæren og den bondske ståpå-viljen.

For Olsen sjølv overlet ingenting til tilfella. Han er allereie i gong med å byggje sitt ”hus” på Klepp. Å trena jenter på høgste nivå er noko anna enn å trena spelarar i mennene sin 2. og 3. divisjon. Akkurat det er ikkje Olsen sein om å innrømme.

- Eg tykkjer det er betre å trene jenter som ofrar noko for fotballen enn spelarar i lågare divisjonar som ikkje berre prioriterer fotball. Mi hovudoppgåve er å få jentene til å tenkje fotball, ikkje berre spela det for moro skuld, strekar han under og lener seg godt tilbake i stolen.

 

Brei røynsle

Før han går vidare heller han kaffi oppi koppen. Spør på høfleg vis om eg og vil ha, men sidan eg i motsetnad til han, enno ikkje har blitt til ei kontorrotte avvisar eg blankt. Han plasserer føtene i nabostolen, og fortel om røynslene som toppspelar i Noreg og i hovudserien i Spania. Litt om landslaget streifar me og innom, men det er ikkje der han har fått dei største inntrykka.

Dei fekk han i Start og Kristiansand. Der kameratgjengen med fotballgeniet og trenar, Brede Skistad i spissen, blenda landet med makrellfotball og leikehumør.

- Tida i Start frå 1992-94 var kjempefin. Me hadde eit utruleg godt kameratskap både på og utanfor banen. Eg lærte veldig mykje av Brede. No det er sagt, er eg heller ikkje i tvil om at eg har lært ein heil del alle stader eg har vore, seier Olsen og trekkjer spesielt fram trenarane han hadde i Stabæk.

15 år i fotballtoppen er ein god plattform når Olsen tek fatt på trenarkarrieren. Ein karriere som Olsen antydar kan vare i mange år.

- Eg ser føre meg eit liv med fotball. Det er innan fotballen eg har min spesialkompetanse. No det er sagt, kan eg ikkje her og no seie at eg om fem år er trenar for eit lag i tippeligaen. Men eg har ikkje busatt meg for godt her i distriktet og ser for meg at eg truleg kan flytta på meg att, seier han og ber om å bli trudd.

For flytting tek på når ein har fotball som yrke. Berre spør familien Olsen om det. Øst og vest, nord og sør har turen gått, når Olsen skulle leve som fotballspelar. Og den vegen kan det også gå i framtida når guten skal trene lag.

 

Flymekanikar

Olsen tek tak i mobilen. Triksar med han som han tidlegare hadde for vane å gjere med fotballar. Så legg han mobilen frå seg på skrivebordet. Stikker handa i lomma på den nye joggedressen. Snart er fingrane på vei inn i munnen. Som born puttar godteri i munnen, nyttar Olsen høve til å døyva suget etter nikotin. Snusen plasserast trygt under leppa.

- Snus og idrett ?

- Snus har blitt ein vane for meg. Men eg ser no at eg får ei anna oppgåve som rollemodell enn eg hadde som spelar. No kjem eg ikkje til å bruka snus i front av alle folk, seier han.

Snus var neppe under leppa til Olsen då eg fyrste gong la merke til han som målmann. Det var seint på åttitalet, i 1989, då Viking spelte mot Vidar i cupen. Olsen var ung og lovande målmann i Vidar. Han hadde på seg ei rutete rosa og svart drakt. Takka Olsen, pressa Vidar Viking til ekstraomgangar. I den kampen viste Olsen fleire klasse-redningar. Redningar som seinare skulle sørge for at han fekk fotballen som levebrød. Han var mellom anna heilt nedi sitt høgre hjørne og fekk redda eit straffespark, hugsar eg. 

Same året sendte Olsen brev til Nils Arne Eggen i Rosenborg, og karrieren skaut fart. Men før fotballen tok han, ville han bli flymekanikar. Men så langt kom han aldri. Tre år med vidaregåande skule er alt han har av formell utdanning. Olsen har gått livets skule. Ein læreveg som har vore tøff, men lærerik.

No etter at karrieren er over, har han ein liten draum om å arbeida som journalist på si. Eigne spalter hadde han både Fædrelandsvennen i Kristiansand og i Aftenposten. Oppstyr blei det då han skreiv for Stavanger Aftenblad samstundes som han vokta målet for Viking. Ikkje godt for den journalistiske integriteten, meinte mange. Men han heldt seg unna fotballstoff.

I TV 2 slepp han det. Der er fotballen fagområdet når Olsen kommenterar kampar frå den spanske ligaen.

- Veldig moro, som eg vonar eg kan gjere meir av. Eg syslar litt med journalisttanken, seier Olsen, som mellom anna kommenterte Barcelona mot rivalen Real Madrid, og no grip rastlaus fatt i ei metallstong som ligg framføre han på skrivebordet.

Stonga blir bøygd, før han mistar ho i golvet. Det hendte han hadde såpe på keeperhanskane av og til, men det har han neppe no. Nervøs verkar han heller ikkje.

Kva kan du tilføre Klepp ?

- Fyrst og fremst skal eg sørge for at resultata blir betre. Målet mitt er å skape god lagånd. Det blir spennande, og eg ser verkeleg fram til å kome skikkelig i gong med neste sesong, seier Olsen.

For Olsen får ein ny start på fotballivet som trenar i Klepp. Jobben har han nettopp begynt i, og i sin grøne overdel ser han fram mot sesongstart, og han advarer like godt no med ein gong for utblåsingar.

- Eg blir engasjert, seier han og smiler.

 

Av Tor Gunnar Tollaksen 

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Frode Olsen,

Nyheter

Jerndikt

Jerndikt

Et forsøk på å forstå ...

Da bikkjene gikk løse

Da bikkjene gikk løse

Tilhørlighet Å bli tatt imot med ...

Aller helst vil eg danse

Aller helst vil eg danse

Det lakkar og lir … - Kom, lat oss snu timeglaset ...

«‘DAYÊ’» Er lyden av kjærlighet»

«‘DAYÊ’» Er lyden av kjærlighet»

En gripende reise gjennom generasjoners kamp, ...

Trollet på hytta hjalp til med kveldsstellet

Trollet på hytta hjalp til med kveldsste...

Kristine Buettner blander gjenkjennelig hverdagsproblematikk ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...