Morten Aanonsen tok initiativ til å opprette ein politipost

23.01.2006
Morten Aanonsen tok initiativ til å opprette ein politipost
Morten Aanonsen

Morten Aanonsen arbeidar oppsøkande og førebyggande blant ungdommen på Hommersåk. Han tok sjølv initiativ til opprettinga av ”Hommersåkposten” som er lokalisert på Bryggen Senter. Han har trua på å vere synleg og lett tilgjengeleg.

- Eg fungerer som bydelspoliti her, akkurat slik eg gjer det i dei andre bydelane i Sandnes. At politiet er å finne her på Bryggen Senter, gjer oss synlege for publikum. Utanom kontortida er eg dessutan tilgjengeleg på mobilen. Det meste av arbeidsdagen går likevel med til oppsøkande arbeid – noko som er viktig for å førebygge kriminalitet, seier Aanonsen; hos ungdommane best kjend som Morten-politi.
Morten Aanonsen er politibetjent ved Sandnes politistasjon, har jobba førebyggande dei siste 6 åra og trivst godt med det.

Klar rolle
- Kva er eigentleg oppsøkande, førebyggande politiarbeid?
- Eg er til stades. Er tilgjengeleg slik at dei som har noko på hjertet kan kome til meg. Når eg er rundt på skulane er eg veldig klar på kva som er mi rolle, og kva eg kan hjelpe til med. Eg tek ikkje røykarane på røykehjørnet, for å seie det slik, det er lærarane si oppgåve. Når eg er ute opplever eg at born/ungdommar tek kontakt med meg om dei er uroa for nokon dei kjenner. Til dømes om ein venn eller veninne har endra åtferd, har gjort noko ulovleg eller anna, fortel Aanonsen.
- Korleis opplever ungdom at nokon ”tystar” på dei?
- Eg likar ikkje ordet ”tyste” eller ”bisle” i denne saanheng. Det er ikkje det det dreier seg om. Det er snakk om å bry seg om venner og kjende. Å fortelle meg om bekymringar om andre, eller om at noen ikkje har det bra; det er utelukkande det same som å bry seg. Verken ungdom eller vaksne er flinke nok til det, men ungdommen er kanskje noko flinkare enn dei vaksne.
- Men likevel er det nokon som tolkar det som negativt å seie i frå?
- Dette vert takla ulikt. Nokre er sinte til å begynne med, men ofte vert dei takknemlege seinare. Men eg synest at foreldre bør verte flinkare å ta kontakt med oss, om dei er uroa for noko. Mange foreldre er engstelege for å ta kontakt med oss for tidleg, men det bør dei ikkje vere. Eg vil gjerne at foreldre tek kontakt også om dei er usikre på om det er det rette. Har foreldre gått og lurt på om dei burde ta kontakt, er sannsynlegheita stor for at dei bør gjere det – og kanskje burde dei gjort det for lenge sidan.
Aanonsen opplever også at ein del foreldre er for lite tilstades, og trur at somme rett og slett er for mykje opptekne med eigen jobb og eiga fritid. Han peikar på at mange let ungdommane sine mellom 15 og 18 år få drikke alkohol heime. Han forstår at alkoholpolitikken i heimen kan vere vanskeleg, men er uroa over signaleffekten og haldningane som foreldre viser og gir, om dei let ungdommane drikke heime.
- Dette seier eg absolutt ikkje som ei moralpreike, men heller som eit pust til ettertanke. Nokon fasit kan ingen av oss påstå å ha, dessverre. Det einaste som er heilt sikkert, er at alkohol er det rusmiddelet som fører til mest kriminalitet og øydelegging for ungdommen, sier han.

- Flott ungdom
Aanonsen vert bedd om å karakterisere ungdommen på Hommersåk. Svaret kjem med ein gong.
- Det er ganske lett å svare på. Det er mykje flott ungdom på Hommersåk. Ei tid kan det vere større utfordringar i èin bydel, medan det seinare foregår mest i ein annan. Slikt går i bølger. Utfordringa her på Hommersåk er at vi ofte er eit stykke unna. Avstanden var i all hovudsak grunnen til at vi ville opprette Hommersåkposten. Det er som i alle bydelar nokre ungdommar som fell utanom, men Hommersåk har mest kjekk ungdom. Men også dei som fell utanom er det mye flott og godt i. Dei har massevis av positive eigenskapar som kunne blitt brukt til deira eigen og andres fordel. Eg blir glad i desse ungdommane, og ønsker dei alle ein glad og trygg oppvekst - og eit godt liv, seier Aanonsen.
Aanonsen får stadig tilbakemeldingar på innsatsen han gjer for ungdommane.
- Tilbakemeldingar som ”- Hei, Morten! Takk for sist! Det går bra med meg no!”, gir meg veldig mykje. Eg får også ofte positive tilbakemeldingar fra skular, foreldre og ungdom. Det viser at denne type satsing er verdifull og samfunnsnyttig. Motsett vert eg faktisk lei meg når eg av og til ser at innsatsen min og andres ikkje nyttar, seier Aanonsen.

Redaktør -

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...