Syng for dei uskuldige offera

06.12.2022
Syng for dei uskuldige offera
Lyrikkforlaget
Ole Skytterholm

Samfunnsengasjement er ikkje det mest typiske trekket ved dagens diktsamlingar. I så måte skil Ein song for Alan Kurdi seg ut.

Lyrikar Ole Skytterholm har eit brennande engasjement for menneske i nød.

– Verda har nok til alle, men vi øydelegg naturen, milliardar svelt, vi undertrykkjer og rustar opp meir enn nokon gong, sukkar Skytterholm. Men det er håp.

– At organisasjonar som «Dråpen i Havet» yter sine dropar i flyktningeleirar og at ungdom som Greta Thunberg og hennar mange medsamansvorne står opp, er lysglimt, meiner forfattaren.

 

Ole Skytterholm er frå Olsvika i Ålesund, er statsvitar med yrkeserfaring frå Kommunaldepartementet, Veidekke og Oslo kommune. Han var mellom anna i fleire år sjef for søppelkøyrarane i Oslo. I yngre år var Skytterholm engasjert i studentpolitikken og SV.  Han har og vore aktiv i bedriftsidretten. Når han no tek til pennen for å skrive dikt, hentar han inspirasjon frå samfunnet kring seg.

– Skrivelysta kjem mykje frå eit samfunnsengasjement, men inntrykka frå eit kort opphald som frivillig i ein flyktningeleir ved Middelhavet for eit par år sidan, er også viktig for at denne diktsamlinga vart til.

 

15. september 2015 vart den tre år gamle Alan Kurdi funnen drukna på ei aude Middelhavsstrand. Det ikoniske biletet gjekk verda rundt. Saman med familien sin rømde han frå krigen i Syria. Dei fleste som berga seg over havet havna i overfylte flyktningeleirar i Hellas. Diktsamlinga er tileigna Alan Kurdi og alle verdas flyktningeborn som er uskuldige offer for meiningslaus krig.

– Samlinga famnar vidt, fortel Skytterholm. – Om dei svakaste, om miljøsak, om rasisme og solidaritet, men også om livet og kjærleiken og gjerne med eit glimt i augo. Mange av dikta er inspirert av menneskje eg har møtt.

 

Skytterholm ynskjer å skrive for folk flest.

– Eg er oppteken av rytme, og når eg skriv tenkjer eg ofte på dikta som songar. Fleire av dikta er det alt sett musikk til.

 

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...