Dikt om kjærleik, sorg, glede og sinne

08.11.2018
Dikt om kjærleik, sorg, glede og sinne
Lyrikkforlaget
Grethe Kjøsnes

Grethe Kjøsnes er aktuell med diktboka Utsikt. Her fokuserer ho på kor viktig det er å kjenne seg god nok som menneske.

– Eg håper lesarane vil kjenne seg att i bodskapet, og at boka blir som ei vandring gjennom tankar og kjensler som mange kan gjenkjenne frå sin ståstad i livet, sjølv om me har ulike livserfaringar. Det handlar om aldri å gje opp uansett kor mørkt livet kan verke til tider. Det er alltid håp så lenge me lever. Desse tankane og mine eigne livserfaringar, har gjeve meg mykje inspirasjon til å skrive denne boka, sier Kjøsnes, som med Utsikt debuterer som forfattar.

– Eg har ikkje utgjeve bok tidlegare, men har drøymt om det sidan eg var i tjueårsalderen og gjekk Skrivekunstakademiet i Hordaland sine sommarkurs to år på rad.

Grethe Kjøsnes er kjend i lokalmiljøet som ei optimistisk og kreativ dame, kunstnar og firebarnsmor, som alltid har likt å skape i ulike material.

– Sidan eg var liten, har eg likt å vere ute i naturen og studere det som kan krype og gå. Eg var ein dagdrøymar som likte å dikte heilt sidan eg gjekk på barneskulen. Etter kvart samla eg og på andre sine dikt og på songtekstar. Eg har og teikna og malt mesteparten av livet. Eg har og likt å spele, syngje og danse mykje ifrå eg var lita. Eg har og fotografert mykje i alle fall dei siste tjue åra, og det har vorte tusenvis av bilete frå mine turar, og i jobben min som journalist i mange år.

Livsfilosofi

Det var filosofering over livet som ga ideen til boka.
– Eg har skrive mykje som ligg i skuffa heime. Både dikt, noveller og romanar. Men eg fekk ideen til denne diktboka i februar i år, då eg sat heime og filosoferte over livet. Eg tenkte at no ville eg sende inn dikta mine for vurdering hos Lyrikkforlaget. Dermed var prosessen i gang.
Diktboka Utsikt handlar om kjærleik, sorg, glede og sinne, og om kor viktig det er å kjenne seg god nok som menneske.

– Å kjenne seg god nok, er den raude tråden i boka. Men og det å vere på veg i livet. Alle prosessane me skal gjennomgå som menneske fram til den dagen me ikkje er lenger. Difor kalla eg boka mi for Utsikt, fordi eg har tenkt på at det verkar som livet alltid har nye utsikter uansett kva prosessar me er inne i. Dette er lyset i tunellen, eller kanskje det evige lyset.Dikta byggjer på tankar og kjensler i møte med både meg sjølv og ulike menneske, på godt og vondt.

Spennande og lærerikt

Kjøsnes er veldig spent på korleis boka vert motteken.

– Ho er mi aller første bok, og det er difor ekstra spennande. Dette er ei veldig spesiell og personleg diktbok, der eg sjølv har valt ut ti av mine eigne målerier/teikningar som eg har malt i løpet av dei siste åra. Lite visste eg at desse bileta skulle kome saman med dikta mine i ei bok. Eg har stort sett produsert dikt og bilete kvar for seg. Men det var spennande og lærerikt for meg sjølv å oppdaga at dikt og bilete passa saman og gav meg nye dimensjonar på livet. Dei abstrakte måleria mine målar eg i ein teknikk som har vist meg vegen til ein intuitiv prosess, der eg får svar på mitt eige liv undervegs, og det har vore veldig spennande og lærerikt. Desse måleria har vist meg prosessar, og til og med spådd inn i framtida mi. Dette har eg sett i ettertid, når eg har kome steget vidare i livet. Dikta er skrivne i perioden 2014-2018.

Meir på lur?
Grethe Kjøsnes har meir på lur i skrivebordskuffa.

– Eg har mange andre dikt, noveller og romanar liggande, og stadig «poppar» det opp nye idear til historier i hovudet mitt. No når denne boka kjem ut, kjenner eg at dette er kjekt! Så kanskje det er ei viss fare for at det kan komme meir frå meg i framtida.

 

Forlag: Lyrikkforlaget

Forfatter: Grethe Kjøsnes

Tittel: Utsikt

15x21, innbundet

64 sider, med fargeillustrasjoner

Kr. 249

Redaktør -

Nyheter

Jerndikt

Jerndikt

Et forsøk på å forstå ...

Da bikkjene gikk løse

Da bikkjene gikk løse

Tilhørlighet Å bli tatt imot med ...

Aller helst vil eg danse

Aller helst vil eg danse

Det lakkar og lir … - Kom, lat oss snu timeglaset ...

«‘DAYÊ’» Er lyden av kjærlighet»

«‘DAYÊ’» Er lyden av kjærlighet»

En gripende reise gjennom generasjoners kamp, ...

Trollet på hytta hjalp til med kveldsstellet

Trollet på hytta hjalp til med kveldsste...

Kristine Buettner blander gjenkjennelig hverdagsproblematikk ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...