Syskenkjærleik og humor trass alt

14.09.2016
Syskenkjærleik og humor trass alt
Ida Kinden Jonassen

Ida Kinden Jonassen frå Kvernevik har skrive ei barnebok med eit tema utanom det vanlege. Her handlar det ikkje om prinsar eller prinsesser, men om det å ha eit barn eller søsken for lite. Korleis vart boka til?

– Eg heiter Ida, er snart 24 år, og studerer ved Universitetet i Stavanger. Eg er mamma til ei jente på 3 og et halvt år, og englemamma til ein gut som skulle ha vore 5 år. Spør du meg om eg har barn, då svarar eg ja. Spør du meg kor mange, kva skal eg svara då?

Det skulle ha vore éin meir

Brune auge byrja eg å skriva då eg fekk dottera mi i 2013. Ho er blant dei barna som veks opp i ein litt annleis heim, der det skulle ha vore ein til. Etter kvart som eg skreiv fann eg ut at dette kunne verta noko meir enn ei historie berre for mi dotter, og eg var heldig som fekk med meg syskenbarnet mitt i prosjektet, som illustratør.

– Boka er laga for barn i same alder som hovudkarakteren Dina, som er sju år gamal. Ettersom eg byrja på dette prosjektet for mi eiga dotter handlar det om det å veksa opp med eit sysken du aldri får verta kjend med, men boka kan også passa for dei som har mista yngre sysken. Vidare kan den vera god for barn og vaksne som kjenner andre som er i ein slik situasjon, eller som berre har lyst på ei litt annleis historie.

Ikkje ei trist bok

– Dette er ikkje ei historie som fortel om kva som hender når eit barn dør, men ei historie om eit fantastisk eventyr som Dina får vera med på. Tanken er å ufarleggjera temaet barnedød. Brune auge er ikkje ei trist historie, men ei historie bygd på syskenkjærleik, humor og spenning. 

Svein Kåre Gunnarson

Nyheter

Hold rundt meg når det snør

Hold rundt meg når det snør

Om naturen - og hvordan skiftningene i den ...

Et gjensyn og en samtale

Et gjensyn og en samtale

En sjelden visuell og litterær symfoni ...

Trøbbel i tårnet

Trøbbel i tårnet

Ord på det mange av oss ikke klarer ...

Hjertesnakker II

Hjertesnakker II

Vi minnes ikke dager, men øyeblikkene ...

Humor og alvor - hånd i hånd

Humor og alvor - hånd i hånd

Dikt om ordets makt Kunne man slette, kunne ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...