Jarle utfordrar jærbuen til mindre bilbruk

01.04.2007
Jarle utfordrar jærbuen til mindre bilbruk
Jarle Fagerheim har forståing for at folk vel bilen i ein travel kvardag. Men han oppfordrar alle til å tenke gjennom kva alternativ som finst – og nytte desse.

Jarle Fagerheim forstår at folk i ein travel kvardag vel bilen. Han meiner likevel at dei miljøvennlege alternativa ofte kan brukast.

17-åringen frå Klepp er brennande engasjert i miljøsaka og er i dag 1. kandidat til fylkestinget for Miljøpartiet Dei Grøne. Han er også med i Grøn Ungdom, Natur og Ungdom og medlem i Framtiden i våre hender. Fagerheim merkar at folks engasjement for miljøet er aukande.

- Eg trur at mange kjenner seg ”fanga” i vande rutinar. Det krev noko av ein å ta miljøvennlege val og eg forstår at mange vel løysingar som ofte er tidssparande i ein travel kvardag.

 

”Kompiskøyring”

Jarle Fagerheim meiner at alternative løysingar for å få ned bilbruken burde gjerast lettare tilgjengelege, og nemner særskilt bildelingsringar og ”kompiskøyring” som eit stort uutnytta potensiale blant bilistane.

- Det burde ikkje vere så vanskeleg å få til dette her i jærkommunane til dømes. Ved hjelp av internett skulle det gått an å få til ei løysing der folk kunne skrive seg på lister med kvar dei ville køyre i frå og kvar dei ville køyre til. Så kunne ein samordna dette og færre bilar ville ha belasta vegnettet og miljøet.

- Kven burde i så fall ta initiativ til eit slikt system?

- Det er ingenting i vegen for at private kunne ha laga eit slikt system, men eg skulle tru at også fylkeskommunen kunne vere interessert i få dette til. Ikkje trur eg det er særleg krevjande å få til heller.

 

Effektivitet

Fagerheim ser to viktige grunnar for å bruke samkøyring som tiltak. Først og fremst for miljøet – klimaet og den globale oppvarminga – men også med tanke på vegkapasiteten.

- Fire personar i ein bil er fire gonger så effektivt som fire bilar med èin persom i kvar. Vi får då mindre forureining, mindre støy og mindre belastning på vegane.

Han minner om at 50 % av alle bilturar er på under fem km, noko han insisterer på er sykkelavstand, og at 28 % er under to km, noko han meiner er gangavstand. Jærbuen vel å setje han på ei lita prøve:

- Men ta ein familie med to barnehageborn. Busette på Klepp, mor jobbar i Stavanger, far jobbar  på Bryne og borna skal leverast i to ulike barnehagar før arbeidsdagen tek til…

Korleis skal dei få det til utan bil?

- Eg er med på den. Men eg meiner at det er samfunnsplanlegginga det er noko feil med. Samfunnet har lagt opp til bilbruk.

 

Uutnytta potensiale

Jarle trur likevel at langt fleire kunne ha nytta kollektivtransport.

- Eg opplever at mange vel det enklaste utan å sjekke opp alternativ, som buss og tog. Eg oppfordrar alle til å sjekke ut rutetidene – mange vil nok bli overraska over kor mange avgangar buss og tog har mellom til dømes Klepp og Stavanger. Men alt skal vere så forbaska effektivt. Og dei som køyrer til treningsstudioet…nei, det toppar alt!

 

 

- Prøv ei bilfri veke!

 

Framtiden i våre hender, Stavanger, oppfordrar alle bilistar til å å prøve ei bilfri veke. Slik kan ein sjå kva endringa ein må gjere i kvardagen for å redusere bilbruken permanent.

 

- Vi rår folk til å innføre ei bilfri veke der ein utnyttar tida til å utforske alternative måtar å ta seg fram på. I ein slik prøveperiode kan ein få lagt eit godt grunnlag for å redusere bilbruken permanent. Nokre gonger er det snakk om å endre lit på vanane. Vi nordmenn vel ofte bilen sjølv på dei korte strekningane, så her ligg det nok ein del utfordringar. Skjer ned på korte bilturar, og bruk heller beina. Skal ein til ein stad i nærleiken, kan det vere praktisk å bruke sykkelen. Det seier Norunn Gåsemyr i Framtiden i våre hender i Stavanger.

 

-Kva må til for at folk lettare skal kunne velje vekk biltransport?

Generelt er det viktig å styrke kollektivtilbudet, men også å legge til rette for gang- og sykkeltrafikk.

 - Kva val har småbarnsfamiliar som til dømes skal levere i barnehagen - barnehagen opnar 7.30 -  foreldra har jobb to mil unna - og arbeidstida er frå åtte - fire?

- Bilen er nok nødvendig for mange. Det viktigaste er at ein reduserer bilbruken når det er praktisk mogleg. Nokre gonger kan det vere eit godt alternativ at fleire går saman om å avtale køyring til og frå jobb, henting og bringing av born.

Gåsemyr trur ein må sjå på utskifting av bilparken i eit litt lengre perspektiv:

 

-Ein del vil sjå på miljøbilen som ei løysing, og det kan det nok vere på sikt, men det gagnar ikkje miljøet om vi skulle vrake fullt ut brukbare bensin- og dieselbiler. Produksjon av ein ny bil gir omtrent 7 tonn CO2-utslepp, så då kan ein like gjerne behalde den gamle bilen til den er skikkeleg godt brukt.  Må du kjøpe ny bil, rår vi til å bytte til ein el-bil. Desse sparer miljøet for store mengder skadelege utslepp –også CO2, avsluttar Gåsemyr.

 

Tekst: Heidi Elin Nupen

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Jarle Fagerheim,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...