Gourmètiskrem frå Waldeland: Attåtnæring med suksess

01.04.2007
Gourmètiskrem frå Waldeland: Attåtnæring med suksess
Heidi Elin Nupen
Ole Kasper på snart 21/2 får is med pappa Ole Morten. I bakgrunnen mamma Grete og veslesyster Mathilde på 7 månader. – Vi er nok litt over gjennomsnittet glade i is, innrømmer gründarane på Vigrestad. No sel dei meir enn 1000 liter is kvar veke, produsert med mjølk frå eigen gard.

Dei unge mjølkebøndene på Vigrestad ville finne ei attåtnæring på garden. No sel dei meir enn 1000 liter is kvar veke.

Grete Waldeland Høiland og Ole Morten Høiland valde utradisjonelt då dei fann ut at dei ville ha ei attåtnæring på garden. Men no er dei svært godt nøgde med valet.

- Vi syntest det såg gildt ut med iskremproduksjon. Dessutan er det jo artig å gjere noko som ikkje alle andre gjer. Men før vi kom i gong, var det nok somme som meinte vi var litt sprø. No opplever vi at folk rett og slett er litt stolte over at det vert produsert is på Vigrestad, fortel Grete og Ole Morten.

 

Iskremlagedag

På garden har dei investert halvannan million i utstyr til iskremproduksjonen. Med eigne mjølkekyr har dei den viktigaste ingrediensen på armlengdes avstand. No vert det vanlegvis laga iskrem på Waldeland èin gong i veka, men då er til gjengjeld arbeidsdagen lang. Prosessen startar klokka 0600 og må nøye overvakast utover dagen. Når det er ”iskremlagedag” på garden tek ikkje paret kveld før i 22-tida.

Det unge gründerparet trur at dei er noko over gjennomsnittet glade i iskrem. Og no når produksjonen og salet går så det susar, må nye variantar stadig testast ut. Ole Kasper på snart 2,5 år og Mathilde på 7 månader ser ikkje ut til å ha noko i mot det. I dag er det iskrem med ”kinder-smak” som står på bordet.

- Vi testar grundig ut kva smakar vi skal setje i produksjon, og ber inn venner og familie i smakspanelet. Til no har vi seks ulike typar, men vi vurderer heile tida å utvide sortimentet, fortel dei.

 

-Litt stas!

Dei sel isen i fem utsalsstader, men fleire butikkar skal ta han inn. Som regel er det butikkane sjølv som har teke kontakt. At dei no sel meir enn 1000 liter iskrem kvar veke frå 5 butikkar er meir enn dei hadde trudd var mulig før dei sette i gong.

- Korleis kjennest det å sjå sitt eige produkt i butikkhyllene?

- Det er heilt kjempe det! Det er jo stas å sjå at isboksane våre forsvinn frå isdiskane. Men vi hadde aldri forventa å selje så mykje. Vi tenkte at gourmètisen vår ville vere såpass eksklusiv for folk at det var eit produkt dei ikkje kjøpte ”midt i veka”. Men der tok vi feil. Endåtil no midt på vinteren går salet ekstremt bra, smiler Grete og Ole Morten.

 

Føtene på jorda

- Kva legg de eigentleg i nemninga gourmètiskrem?

- Isen har mindre luft og meir konsentrert smak. Iskremen vi lagar er dessutan så fersk som det er mulig, sidan vi bruker mjølk frå eigen gard. Dermed vert mjølka varmebehandla berre ein gong i prosessen, noko vi meiner gir ein betre iskrem, fortel Ole Morten.

Grete og Ole Morten let likevel ikkje suksessen gå dei til hovuda. Dei tek eitt steg om gongen og vel å vere realistar. Førebels har dei innleigd hjelp ein dag i veka.

- Vi vil ikkje berre ”peise på”. For oss er det viktig at vi heng med sjølve også, seier dei to.

 

Tekst og foto: Heidi Elin Nupen

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...