Kvardagspoet om alt og ingenting

08.05.2015
Kvardagspoet om alt og ingenting
Tore Vinjevoll

Tore Vinjevoll hadde ein draum om å spela for Manchester United – men fann ut at det nok var litt lettare å gi ut bok. Sjølv om det tok litt tid, det òg.

– Eg har skrive dikt i mange år. Då facebook blei oppdaga blei det lettare å dele dikta, og eg fekk stadig tilbakemeldingar om at eg burde samla alle dikta mine og gi ut bok. Eg har vel òg alltid hatt ein draum om å gi ut bok, men det var ikkje før i fjor haust eg eigentleg begynte prosessen, fortel Vinjevoll. – Eg googla "korleis gi ut diktbok", og det første som kom opp var Publica Bok. Så eg sendte dei ein e-post på rim med det eg hadde skrive, og resten er historie …

Om seg sjølv seier han at han har ein lett kvardagsleg humor, to aktive gutar som er over snittet interessert i fotball, og han hugsar åttitalet og korleis ting var då i forhold til no. Han legg til at Ørsta var og er ein fin plass å bu, og gir inspirasjon til humoristiske dikt og vers.

– Apropos det, inspirasjon til dikta får eg gjennom ein travel kvardag. Med to så aktive og nysgjerrige gutar så er det lett å stadig skrive nye kvardagsdikt. Eg får også inspirasjon gjennom sosiale media og internettet generelt. Som fotballnerd dukkar det stadig opp nye hendingar som er lette å skrive om. Og når ein er oppvaksen på åttitalet, så er det utømmelige kjelder for gode vers og dikt! Då skriv eg om ting som folk kjenner seg igjen i. Små og store episodar som skjer i ein hektisk kvardag.  
– Tittelen Alt og Ingenting viser til at ein kan skrive dikt om eigentleg alt mogleg, eller ingenting eigentleg. Ingenting er for stort eller for lite til å skrive dikt om, fortel Vinjevoll.

Det er  ingen grunn til å avgrensa publikummet i noko særleg grad, meiner han. – Målgruppa er vel alle som har barn, har vore barn, eller har planer om barn, eller som hugsar åttitalet, eller som lurer på korleis det var på åttitalet …

Vinjevoll er allereie storvegs fornøgd med boka. – Det er kjempekjekt at folk vil kjøpe ho! Om folk likar det eg skriv, så har eg snart nok materiale til ei bok til. Om ein ønsker å lese litt lun humor om korleis eg og mine opplever ein travel kvardag, og om mine minner frå både åttitalet og Ørsta, så er dette rett bok for deg.

– Eg kan vel også seia at eg er veldig inspirert av Arne Hjeltnes og dikta hans, og ein kan trygt seie at han er ein stor helt for meg! fortel Vinjevoll. Han røper stolt at Hjeltnes har lese dikta hans høgt i ei samling med 1 000 personar i Oslo.

Svein Kåre Gunnarson

Stikkord i denne artikkelen
dikt, poesi, kvardag, Ørsta,

Nyheter

Hold rundt meg når det snør

Hold rundt meg når det snør

Om naturen - og hvordan skiftningene i den ...

Et gjensyn og en samtale

Et gjensyn og en samtale

En sjelden visuell og litterær symfoni ...

Trøbbel i tårnet

Trøbbel i tårnet

Ord på det mange av oss ikke klarer ...

Hjertesnakker II

Hjertesnakker II

Vi minnes ikke dager, men øyeblikkene ...

Humor og alvor - hånd i hånd

Humor og alvor - hånd i hånd

Dikt om ordets makt Kunne man slette, kunne ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...