Ordføraren

01.04.2006
Ordføraren
Katrine P. Mathiesen
Barnas ordfører. Elfin Lea viser stolt fram sitt andre ordførarkjede

Ute er sola så varm at smøret i matpakken smeltar inn i skiva. Innanfor murveggane til Klepp rådhus sit ein sommarkledd og smørblid Elfin Lea.

Rundt halsen hans glitrar det i gullforgylte konglar.

Korleis har du det i dag?

- Eg har det kjempegodt! Veret er strålande, og eg har nettopp vore ute på Særheim og sett poteter med 300 barnehageungar. Det er midt i blinken. Og det passer særs godt med partiet mitt sin visjon. Nemleg at barna er framtida vår. Derfor er det flott å få lov å treffe den oppveksande slekt. Det var ein glimrande start på dagen!

Du fekk ikkje berre lyst til å ta deg fri resten av dagen, og bli verandes ute i det fine veret?

- Jau, sjølvklart. Men eg har ein ansvarsfull jobb, og det er ting som skal gjerast.

Kva gjer du på?

I dag? Då må eg sjå i boka. Jo, først var eg ein liten tur hos tannlegen, og så var eg oppom lensmannen og leverte ei melding?

Kven melde du?

- Det er desse folka som har øydelagt 29 tre her på Klepp. Om eg berre hadde fått tak i dei. Da skulle dei få stå og planta nye trer til spott og spe for alle. Eg blir så sint.

Ja, og så har eg som nemnt sett poteter, akkurat no blir eg intervjua. Og etterpå så skal eg førebu ein tale eg skal ha på eit høgremøte i Oslo.

Kva skal du tale om?

- At partiet må bli mjukare. Eg skal synleggjere dei mjuke verdiane me har her på Klepp.

Det trengs kanskje, for det går ikkje så kjempebra med partiet ditt om dagen. Du er ikkje redd for at dagane dine som ordførar snart er talde?

- Ein har jo aldri nokon garanti for noko. Det er tre ting som bestemmer om eg forsett som ordførar i Klepp. Nummer ein; eg må bli einig med meg sjølv om eg vil fortsette. Nummer to; vil partiet ha meg? Og nummer tre og viktigast av alt; vil innbyggarane i Klepp framleis ha meg som ordførar? Alt det må avklarast før eg kan ta ein avgjerd.

Kva gjer du når du ikkje er ordførar lenger?

- Eg har ein jobb som avdelingssjef for fylkesskattekontoret i Rogaland som eg har tatt åtte års permisjon frå.

Korleis blir det å kome tilbake dit?

- Det blir nok fint det. Men det har nok skjedd ein del endringar i skattereglane på dei åtte åra, så enkelt blir det nok ikkje.

Drøymde du om å bli ordførar då du var liten?

- Hahahaha! Det var eit utruleg teit spørsmål. Skal eg svare like teit? Ja sjølvklart. Eg har drømt om å bli ordførar så lenge eg kan hugse. Hehehe. Nei, det var nok eit tilfelle. Eg vaks opp på gard, og trudde lenge eg skulle bli bonde slik som far min. Men så styrte tilfella meg i ein annan retning.

Du trur ikkje at det var lagnaden som ville at du skulle bli ordførar i Klepp?

- Hahaha. Nei, det var nok tilfeldig alt saman.

Du har jo ingen sjef som passar på deg. Er ikkje det herleg? Du kan gjere kva du vil.

- Eg har ingen sjef nei. Men folket i Klepp held meg i øyrene. Det er dei som har valt meg, og dei kan òg sparke meg. Derfor må eg gjere ein god jobb heile tida. Dei fylgjer godt med.

Kva slags kvalitetar er det viktig å ha for å vere ein god ordførar?

- Du må vere folkeleg, og så må du ha vilje til å samarbeide. Du må stå på, for folk legg merke til alt du gjer.

Kva slags kvalitetar bør du helst ikkje ha?

- Dei motsette. Haha! Du kan ikkje vere ein eigenrådig stabukk. Du skal vere ein ordførar for alle. Det er viktig å aldri gløyme.

Kva er det beste med jobben din?

-Hmmm. Det er eit privilegium å få lov til å jobbe for innbyggarane i kommunen. Å treffe positive og velvillige folk som alle gjer ein fantastisk jobb for lokalsamfunnet. Å vere med i alt det fellesskapet gir meg eit utruleg stort overskot.

Det verste då?

- Eg veit ikkje om det er noko. Det er jo mykje papir i denne jobben. Når møta står i kø og ein må bruke kveldar og helger på å førebu seg, då kan det vere litt negativt. Spesielt om veret er fint ute. Men for å få oppleve det kjekke, må ein og tåle det som er mindre kjekt.

Du, heilt til slutt, det ordførarsmykket, når brukar du det?

- Eg tar det på meg i høgtidelege samanhenger, og på konferansar og større møter. Av og til blir eg litt i tvil om eg skal ta det på meg eller ikkje. Då er det magekjensla som avgjer. Eg bruker det nok litt mindre enn andre ordførarar. Eg går ikkje rundt og spradar i det. Men når eg skal møte born og unge bruker eg det alltid. Dei synes det er veldig stas. Og så brukar eg sei at det ikkje er eit smykke, men eit kjede, slik at mødrene deira ikkje skal bli misunelege. Men du skal få sjå eit mye finare kjede som nokre barnehageungar laga til meg. Er det ikkje flott?

 

Elfin Lea trer på seg kongler av gull, og gliser bredt og stolt.

 

Tekst: Nina Kalvatn Opsahl

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Elfin Lea, Klepp rådhus,

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...