Trafikkbetjenten

01.03.2006
Trafikkbetjenten
Nina Kalvatn Opsahl
Tone Linn Skjæveland

Bortsett frå politikarar er det ingen som får meir kjeft på jobb

Kvifor i allverda velgjer nokre å leve av å gi parkerte biler bøter?

- Eg trivst kjempegodt. Ein treff så mange vennlige folk i denne jobben.

Utruleg, men sant. I snart eit år har Tone Linn Skjæveland vore Time kommune sin einaste trafikkbetjent, og ho elskar jobben sin.

- Eg hadde aldri tenkt å bli det. Eigentlig ville eg bli politi. Men så såg eg ei utlysing i avisa, og tenkte at dette høyrest spanande ut. Eg søkte, og det har eg aldri angra på. I alle fall ikkje på ein dag som denne. Då har eg den beste jobben i verda.

Det er fredag føremiddag, himmelen er knallblå, og trafikkbetjenten myser opp mot ei strålande sol. Ho er i blått som himmelen, og er på sin daglige inspeksjonstur i Bryne sentrum.

- Eg sjekkar at alle parkometra er i orden, at dei parkerte bilane har betalt avgift, og viktigast av alt, at ingen har feilparkert.

Tone Linn understrekar at det er skilnad på parkeringsvaktar og trafikkbetjentar. Ei parkeringsvakt skriv berre ut bøter til bilistar som ikkje har betalt avgift, såkalla tilleggsavgift. Medan ein trafikkbetjent i tillegg ilegg gebyr for feilparkering.

- Den viktigaste oppgåva mi er å kontrollere at ingen har feilparkert. På den måten ivaretek eg trafikksikkerheita for alle, og det ser eg på som ei viktig oppgåve.

 

 

Føler seg priviligert

Tone Linn sjekkar to grøne parkometer. Alt er som det skal, og ho treng ikkje dra fram blokka.

- Dei beste dagane på jobb er når eg slepp å skrive noko.

 Men nokre dagar er det nødvendig.

- Då eg starta i jobben, var eg veldig spent på korleis det ville vere å skrive bøter. Eg rekna med at eg måtte vere førebudd på å tåle ein god del.

- Og det har du vel vore nøydd til?

- Nei, eigentlig ikkje. Tone Linn smiler.

- Folk er stort sett veldig trivelige. Det er nokre som blir litt sure. Ingen likar å bli fortalt at dei har tatt feil.

- Så då kjeftar dei på deg?

- Nei, ikkje så ofte. Eg tenkjer at det er slik at det er tonen som lagar musikken. Så lenge eg forklarar folk på ein ordentleg måte kva dei har gjort feil, så er dei takksame for det. På den måten slepp dei å gjere same feil neste gong. Det er viktig å forklare at det er mi oppgåve å ta vare på trafikksikkerheita når dei har parkert feil. Det forstår folk stort sett.

- Alltid?

 Trafikkbetjenten tenkjer seg om under den blå capsen.

- Nei, ikkje alltid. Tone Linn hugsar møtet med ei hissig dame.

- Eg hadde lagt eit tilleggsgebyr under viskaren på ein bil. Ei stund etterpå kom den same bilen køyrande imot meg. Inni satt ei sint dame. Med eit stoppa ho bilen midt i vegen og kom springande mot meg. Ho kasta innbetalingsblanketten mot meg og ropte; ”Denne kan du få igjen”. Så snudde ho seg og sprang tilbake til bilen.

Bortsett frå denne litt dramatiske episoden, har ikkje trafikkbetjenten i Time måtta tåle så mykje kjeft.

- Eg trur at dette yrket har fått ufortent mykje negativ omtale. Trafikkbetjentar flest opplever at dei har ein kjekk jobb. Sjølv føler eg meg privilegert som den einaste trafikkbetjenten i Time. Det fylgjer mykje ansvar med det, men det betyr og at eg har ein variert jobb, og at eg får innhaldsrike og givande arbeidsdagar.

- Så det er altså ingenting negativt med jobben din?

-          Det er ikkje alltid like kjekt når veret er surt. Men då kan eg jo ta bilen, så det går bra.

 

 

SITAT:

”Eg trivs kjempegodt. Ein treff så mange vennlige folk i denne jobben.”

 

Tekst og foto: Nina Kalvatn Opsahl 

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Trafikkbetjente, Tone Linn Skjæveland,

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...