EIN HEILT NY JÆRBU

01.01.2006
EIN HEILT NY JÆRBU
Mor, Hildegunn, far, Gunnar og vesle Alfred.

Han er 4338 gram tung og 52 cm lang. Etter ein over 13 timar lang kamp søndag den 5. februar klokka 15.47, kunne han opne auga, og sjå på ei heilt ny verd. Han skal heite Alfred og bu på Bryne.

- Vi er enno litt usikre på namnet, seier Hildegunn Undheim.

- Det er ikkje så mange som heiter det lenger. Eg synest det er kult å ha eit namn som nesten ingen andre har. Dessutan er Aen etter far min som heiter Amund, fortel Gunnar Undheim.

Begge to er stolte. Dei er nettopp blitt foreldre til eit bittelite menneske som no ligg og sov i armane til mor si. Han er fire dagar gammal.

- Han er veldig snill. For det meste ligg han stille og søv. Du kan det, du, seier Hildegunn, medan ho ser ned på vesle Alfred. 

 

På besøksrommet på barselavdeling 7G ved Stavanger Universitetssjukehus er det stille. Det einaste ein kan høyre er lyden av tre heiser som durar opp og ned, lav mumling frå eit fjernsyn, og tassande skritt frå nybakte mødrer i tøflar, berande på små menneske godt innpakka i lag med tepper. Om ein ser ut vindauget, kan ein sjå det meste av kva som føregår utanfor sjukehuset. Barselavdelinga ligg heilt på toppen, i sjuande etasje. Hildegunn pleier å stå og sjå ut vindauget før Gunnar skal komme, og fortel han kor det er ledig parkeringsplass.

Alfred glipp med auga og gjespar mange gonger etter kvarandre.

- No vakner han, smiler Gunnar.

Alfred ser mysande på faren sin før han opnar munnen til eit par hulk.

- Eg trur ikkje han er heilt vand med meg enno, meiner Gunnar.

- Vil du halde han litt, spør Hildegunn.

Den nybakte faren tar imot den vesle bylten.

- Det er utruleg kor lett han er.

 

 

 

Han kom ikkje så heilt lett til denne verda. Etter at vatnet gjekk ein halv time etter midnatt natt søndag 5. februar, tok det over 13 timar før Alfred kunne trekke sitt første andedrag av frisk luft. Gunnar var med på heile prosessen.

- Eg var med på alt ja. Eg såg til og med når blodet spruta over alt.

- Du treng ikkje fortelje så mykje om akkurat det, skyt Hildegunn inn.

- Det var hardt å sjå på. Du føler deg så hjelpelaus, fordi det er ingenting du kan gjere, fortel Gunnar.

- Eg prøvde å vere støttande heile vegen. Eg hadde lest at faren helst ikkje skal seie så mykje under fødselen, så eg heldt handa hennar, og sa at det snart ville gå over.

- Det hjelpte jo mye etter to timer, når eg hadde over ti timer igjen av fødselen, ler Hildegunn.

Gunnar heldt ut saman med Hildegunn i alle timane fødselen tok. Han svima ikkje av slik som faren hans gjorde då han sjølv blei fødd, men innrømmer at det var ei påkjenning.

- Det var tøft når det sto på, men eg ville ikkje vore det forutan, seier Gunnar

- Det var fint å vere med på heile prosessen, og sjå resultatet etterpå.

Den nybakte mora ser overraskande pigg ut etter påkjenninga fødselen var.

- Det tok si tid, men eg er i god form etter omstendet, smiler Hildegunn.

 

Alfred ligg og gjespar i armkroken til Gunnar. Faren stryk han med ein finger over det vesle kinnet.

- Eg kjenner meg veldig stolt no. Det er ei veldig god kjensle å bli far.

- Det er helt spesielt å bli mor. Heilt utruleg, og heilt fantastisk. Det er mykje større enn ein kan førestille seg på førehand, fortel Hildegunn.

- Har dykk forventningar eller draumar for han?

- Eg vil at han skal bli lik far sin, ler Gunnar.

Hildegunn kikkar spørjande bort på han.

- Er det noko mål då?

- Nei da.  Gunnar ler igjen.

- Eg vil at han skal vere frisk og glad. Så skal vi støtte han opp om det han bestemmer seg for å gjere.

 

Gunnar studerer auga til Alfred.

- Eg trur dei er grøne, slik som dine, Hildegunn.

- Elles så likner han litt på Renate.

Renate er nettopp fylt tre, og er ei veldig stolt storesyster.

- Då ho besøkte han her sist, gav ho han ein klem og kyssa han på nasen. Ho sa at han kjentes mjuk og god. Ho hadde òg med ein bamse til han, men blei litt skuffa då ho såg at han ikkje kunne holde den, fortel Gunnar.

- No ventar både eg og ho utålmodig på at Hildegunn og Alfred skal komme heim.

 

Mor og far kikkar ned på Alfred som ligg og slappar av inntylla i teppe i eit varmt fang.

- Du og eg, Alfred, seier Gunnar Undheim.

Redaktør -

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...