MUNNSPELMANNEN

01.01.2006
MUNNSPELMANNEN
Georg Pollestad

No gruer eg meg. Du må ikkje skrive alt det eg har sagt. Du vel ut det meste håpar eg? Eg trur eg har sagt meir enn eg burde. Georg Pollestad har snakka i nesten tre heile timar. No er han litt uroleg for kva som kjem til å stå i avisa.

- Kva slags mål har du på dei luftespaltene?

Tre timar før han har begynt å grue seg for kva som kjem på trykk, snakkar Georg Pollestad i telefonen. Det høyrest ut som om samtalen handlar om munnspel. Det meste handlar om munnspel i kjellaren til det brune huset i Mærbakkveien på Bryne. På dei fire veggene, heng diploma for deltaking på munnspelseminaret i Seljord 97, Kragerø 03, Sunndalsøra 96, og så vidare. På bordet; bunkar med noter, og eit bilete av barnebarnet Alexander, med eit munnspel mellom hendene. I rommet attmed; alle dei små munnspeldelane og utstyret ein treng for å sette dei saman. Og, bak ein stor og overfylt skrivepult, munnspelmakaren sjølv.

 

- Eg begynn å bli tynn i håret og kunne godt tatt av litt. Håret kan eg ikkje gjere så mykje med, men eg har eit nyttårsforsett om å bli litt slankare. Om eg blir slankare, så får eg betre kondis, og god kondis er viktig når ein speler munnspel. Du speler betre om du har god pust, så det er der slankemotivasjonen ligg. Eg vil bli ein betre munnspelspelar.

 

Sjel

Eg har googla han. Georg Pollestad gav 272 treff. Ordet munnspel gjekk igjen i dei fleste av dei.

- Kvifor er du så opphengt i munnspel?

- Oi. Før eg svarar på det, må eg ha kaffi. Han forsvinn opp trappa, og kjem ned igjen med kaffikanna og restar av julebaksten.

- Munnspelet er eit instrument for sjela. Det er noko med den vare, vemodige klangen det lagar som eg synest er magisk. Når ein er i ei forsamling, drar opp munnspelet frå lomma og begynner å spele, så stilnar praten. Det er som om tonane frå munnspelet rører ved noko djupare i oss. Pollestad har stjerner i auga.

Det har han hatt sidan den gongen for lenge sidan då han for fyrste gong høyrde den verdsberømte Tommy Reilly spele munnspel i radioen.

- Det var så mange fine nyanser og klangar i spelet hans. Noko som eg aldri fekk til når eg spelte sjølv. Eg trudde nesten at han hadde ei rad med munnspel framfor seg som han bytta på å spele på. Eit slikt munnspel måtte eg ha.

 

Ein idé

Men eit slikt munnspel var veldig dyrt. Altfor dyrt for Pollestad. Dermed måtte han finne ein alternativ framgangsmåte for å få det munnspelet som laga den klangen han ville ha. Då eit anna av Pollestads store idol, Sigmund Groven, kom for å halde konsert i Gjesdal på sitt spesiallaga munnspel, greip Pollestad sjansen.

- Eg ordna meg audiens med han etter konserten. Etter å ha studert munnspelet ei stund, nemnde eg for Sigmund at det kunne vore løye å sett korleis det såg ut under dekselet.

Sigmund Groven syntest nok mannen som kom med den uvanlege førespurnaden var litt rar, men han let han skru spelet ifrå kvarandre, heilt til det berre låg ein haug med små delar igjen på bordet.

- Når eg hadde alle delane framføre meg, tenkte eg at dette her, det skulle eg klare.

Han brukte erfaringane han hadde frå mange år med trimming og mekking på motorsyklar, og sette i gang med å skru saman delar, no i ein mindre skala. Eit år etterpå var Groven tilbake på Jæren, og ein spent Pollestad møtte opp saman med eit nylaga munnspel før konsertstart i Klepp rådhus.

- Eg trur ikkje at Sigmund hadde så stor tru på det heimesnikra munnspelet mitt, men han gjekk med på å prøve det. Eg trur han vart meir overraska enn meg. Han brukte det til og med under konserten.

Dermed var historia til munnspelmakaren i gang. Den første leveringa gjekk til Telemark og Sigmund Groven. Pollestad heiv like så greit kona bak på motorsykkelen og leverte munnspelet personleg. Det blei starten på eit langt vennskap og samarbeid mellom dei to munnspeldiggarane. Deretter datt bestillingane inn. Ei av dei kom frå mannen som på ein måte hadde starta det heile, Tommy Reilly. Med bestillinga følgde også ein invitasjon til Reilly sitt gods i England.

- Det var som ein draum å endeleg få møte han. Ubeskriveleg. Stjernene i auga til Pollestad gnistrar.

 

Resultatet

”Takk for at du bygger verdens beste munnspill,” står det på Norsk Munnspillforum sin ærespris frå 1989.

Han har blitt verdsberømt i munnspelmiljøet. Og munnspela til Georg Pollestad har ført han jorda rundt.

- Sist var eg i Hong Kong. Eg var invitert for å sitte i ei arbeidsgruppe som skulle finne ut kva ein skulle gjere for å bringe munnspelet opp på eit høgare nivå, hehe. Eg fekk tittelen ”vi ai pi” gjest, og blei tildelt min eigen personlege assistent medan eg var der. Han fotfølgde meg overalt. Eg følte meg nesten som ein liten buddha. Smilerynkene bak brilleglasa blir tydelege, medan han tek ein slurk kaffi.

- Det er rart kva eit lite munnspel kan føre med seg av opplevingar. Og alle har eg hatt fordi eg ikkje hadde råd til å kjøpe meg eit slikt spesiallaga, dyrt munnspel som eg hadde lyst på. Det er tre viktige ingrediensar som skal til om ein vil få til noko, fortel Pollestad ivrig. Det er at interessa er tilstede, tålmodigheita er god, og så er armoda ofte ein god drivkraft. Tenk om eg hadde hatt pengar nok til å kjøpe det dyre munnspelet. Då ville eg gått glipp av alt det eg har opplevd. Nei, det mest verdifulle i livet er alle opplevingane, og dei kan ein ikkje alltid få for pengar.

 

Konservativ sosialist?

Telefonen ringer. Nokon vil booke Pollestad og munnspelet hans til ein konsert. Men før han kan svare ja, må den kommunale kalenderen sjekkast. Pollestad lagar ikkje bare munnspel, han har òg ein fot innanfor politikken. For tida representerar han høgre i Klepp kommunestyre. Tida er inne til å snakke politikk.

- Eg er eigentlig ikkje nokon politikar, og liker ikkje å stikke meg fram. Men så ringer dei og spør om eg vil stå på lista, og dei vil ikkje gi seg. Eg meiner det er ei samfunnsoppgåve å engasjera seg, og så er eg pensjonist og har ledig tid til disposisjon. Eg sto langt nede på lista, og tenkte at det ikkje var nokon fare for å bli valt inn. Men så blei eg altså det.

- Kvifor er du høgremann?

- Eg er tilhengar av at folk skal få bestemme sjølv. Staten skal legge forholda til rette slik at ein kan skapa noko på eiga hand, men den skal ikkje styre alt. Staten skal vere til for folk, og ikkje omvendt. Pollestad drikk kaffi, et peparkaker, og snakkar engasjert.

- Eg er nok ein gammaldags konservativ. Men eg er litt sosialist òg. For eksempel er eg radikal når det gjelder miljøvern.

- Er du nøgd med ditt eige parti?

- Jo, men eg er av den oppfatninga at det ikkje kunne skada om vi hadde vore litt opnare mot Framstegspartiet for eksempel. Det er litt arrogant av partileiinga å avvise eit eventuelt samarbeid med dei tvert. Ein skal ha respekt for kvarandre sine meiningar.

Kva saker engasjerer deg mest?

- Oi. Han tygg peparkaker og tenker.

- Eg er opptatt av trygge forhold for ungane. At vi skal ha ein god skole for eksempel. Men det er jo noko alle vil. Eg vil gjerne ha inn meir disiplin i skolen. Vi må stille krav til elevane. Dei har leika lenge nok. Ja, kva synest du?

Pollestad er opptatt av mykje. Han snakkar om oljefondet, standarden på norske vegar, sin motstand mot vegbommar, og om den raudgrøne regjeringa.

- Du må ikkje skrive alt dette her, hehe.  Pollestad blir klar over at han kanskje har blitt litt for engasjert.

- Eg er ikkje ein profesjonell politikar altså.

 

Det bankar på døra. Barnebarnet Alexander er på jakt etter notar. Bestefar leiter i bunkar med papir, og finn til slutt dei rette arka. Han fortel stolt om Alexander som kom heilt til landsfinalen i Ungdommens Kulturmønstring med munnspelet sitt, og blei plukka ut til å spele på fjernsynet.

- Då var det gildt å vere bestefar. Det er så fint å sjå at han plukkar tråden opp etter meg. Det er ei god kjensle at ting held fram når eg sjølv gir meg ein gong.

Tre timar er snart gått, og intervjuet nærmar seg slutten.

- Før du går må du høyre noko av Tommy Reilly. Bare vent litt. Han skundar seg bort til CD- spelaren og trykker play.

- Det er ein bulgarsk bryllaupsdans. Pollestad nyt tonane.

- Høyrer du dei fine nyansane? Nei, no har eg snakka altfor mykje. Du har vel vondt i øyrene. Du må ikkje skrive alt det eg har sagt. Eg kjenner at eg gruer meg litt til den avisa kjem ut.

 

 

FAKTA:

Namn : Georg Pollestad

Alder : 66

Sivil status : Gift med Berit, 3 born og 9 barnebarn.

Yrke : Pensjonist, munnspelmakar og lokalpolitikar

Aktuell : Er verdsberømt for sine spesiallaga munnspel

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Georg Pollestad, munnspel,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...