Det viktige bindeleddet har slått rot

01.09.2005
Det viktige bindeleddet har slått rot
Tora Aasland ønskjer å møte alle som enkeltmenneske – utan å misse den store samanhengen. – Arbeidet mitt er utfordrande og meiningsfylt på same tid.

Ho skal vere det viktige bindeleddet mellom folk på grunnplanet og den nasjonale politikken. Utfordringa er å sjå enkeltmennesket – samstundes som ho må vere profesjonell og sjå ting i større samanhengar.

Fakta:

Namn: Tora Aasland

Alder: 62

Sivilstatus: Gift med Tarald Oma.

Yrke: Fylkesmann i Rogaland

 

Tora Aasland har funne seg godt til rette på Jæren, og har slått seg til ro på Oma. Ho er blitt glad i jærbuane, og meiner dei har mange gode eigenskapar. Tora står ikkje fast når ho vert spurd om ho har funne noko karakteristisk for jærbuane.

- Jærbuane er arbeidsame, samstundes som dei veit å setje pris på naturen. Dei er glade i naturen og røttene sine og har ein god og underfundig humor. Eg trur også utfordrande vêr og vind har gjort dei praktiske og løysingsorienterte. Noko anna er at dei i tillegg har ein dimensjon ”over det jordnære” – dei maktar å setje ord på kjenslene.

- Sterk tilknyting til røtene og naturen… du prøvde aldri å overtale mannen din til å flytte til austlandet?

Tora smiler, før svaret kjem:

- Du flyttar ikkje på ein bonde.

 

Viktige familieband

Tora Aasland har vore fylkesmann i Rogaland i 12 år, og har etterkvart fått eit stort nettverk både profesjonelt og privat. Dei tre vaksne sønene med familiar er rett som det er på vitjing hos Tora og Tarald, og det er stor stas for barnebarna å kome til garden. Det vert også ein del turar frå Jæren til austlandet.

- Eg synest avstanden til austlandet er overkomeleg. Eg har flytta hit for godt, slår ho fast.

- Du har på eit vis slått røter to stader i landet?

- Ja, men det ser eg berre positivt på. I høve til jobb har det tydd svært mykje. Eg søkte meg jo hit og til stillinga som fylkesmann. Eg ønskte også ein større distanse til det politiske livet.

- Var du lei politikken?

- Nei, eigentleg ikkje. Men det var på tide å gjere noko anna.

Etter meir enn eit tiår i fylkesmann-stolen, har Tora Aasland ingen planar om å gi seg før ho har fylt 70, som er den høgste alderen ein fylkesmann kan ha. Ho føler ho enno har mykje ugjort.

- Kor gammal føler du deg?

- Eg føler meg i alle fall ikkje så gammal som eg er.

- Korleis opplever du det å verte eldre?

- Litt begge deler. På den eine sida er det litt vemodig, sidan det å verte eldre vert sett på som ein reduksjon, noko eg er usamd i. Men det er litt vemodig at det går den vegen. Men på den andre sida er det berre flott, synest eg. Erfaringar gir ein tryggleik – og ikkje minst er det flott å oppleve at borna veks til. Eg ser likevel på livet som epokar, epokar som er over og som det ikkje nyttar å lengte seg tilbake til.

- Du har eit nært forhold til borna dine?

- Ja. Og for meg kjennest det godt at avstanden i alder ikkje er så lang. Eg valde å få born under utdanning, og hadde fått alle tre før eg fylte 30. For meg har det vore eit rett val – eg trur ein får eit tettare forhold når det ikkje er så stor alderskilnad.

 

Partipolitisk nøytral

Før Tora Aasland tok til som fylkesmann i 1993, hadde ho mange år bak seg som SV-politikar på Stortinget. I dag kan ho ikkje vere ”farga” når ho går inn i sakene, og må halde seg partipolitisk nøytral. Men er det verkeleg muleg?

- Ja, det er muleg, og eg ser berre fordeler med å ha denne bakgrunnen. No er eg ikkje bunden av eit partiprogram, slik eg var det før. Dessutan går verdiane eg har med meg frå politikken, på tvers av partigrensene og er lite kontroversielle. Eg trur alle former for leiing må vere tufta på eit verdigrunnlag, og har ikkje opplevd at nokon har mislikt dette.

- Kva med livssynet?

- Eg er ikkje ein truande person, men eg føler at eg har ei brei tilnærming til livssyn. Sjølv om eg ikkje har eit religiøst livssyn sjølv, kjenner eg at eg godt kan la meg inkludere i religiøse samanhengar. Eg har eit humanistisk livssyn, men eg har med tida vorte meir varsam med å trekkje opp klare grenser mellom dei ulike livssyna. Fordi om eg ikkje er ein truande, tyder ikkje det at eg ikkje ser verdien i trua til andre. I arbeidet kjem difor livssynet mitt mest til syne i forsøket på å alltid utøve toleranse.

 

Inspirerande person

Vener skildrar henne som ein alle tiders person og som ei kvinne som er klar i tanken. At ho er god til å inspirere andre vert også trekt fram. Tora smiler. Synes kanskje det er vanskeleg å ”svare” på slikt.

- Eg er berre meg sjølv. Prøver aldri å spele ei anna rolle. Eg vert også raskt engasjert, og det verkar forhåpentleg inspirerande på andre.

- Kva gjer du for å få nytt påfyll?

- Forutan å gå ute i naturen, er lesing den store interessa mi. Særleg er eg glad i Arne Garborg sine tekstar. Eg ser på han som den største kulturformidlaren i Rogaland – han kunne jamvel ha vore ein god representant for Rogaland også i dag. Mykje er faktisk høgaktuelt, mykje av det han har skrive, står seg godt i dag. Akkurat som Ibsen har Garborg evigvarande problemstillingar.

Tora får spørsmål om kva bøker ein ”bør” ha vore igjennom i løpet av livet. Det synest ho er vanskeleg å svare på. Ho trur likevel at dei gamle, gode lesebøkene til Nordahl Rolfsen og Torbjørn Egner kan danne eit godt fundament for vidare lesing. At ein med desse bøkene kan verte sett på sporet til mange andre forfattarar. Eit anna råd er å lese litteratur frå mange ulike land. Til slutt i resonneringa kjem det likevel eit svært konkret boktips; ho meiner alle bør ha kjennskap til Snorre. Den siste boka ho las som gjorde sterkt inntrykk på henne, var Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafòn. Den klarte ho ikkje legge vekk.

 

Dagens kulturformidlarar

- Viss vi forlèt bøkene ei stund, og eg ber deg velje ut to kunstnarar som skal representere Rogaland i USA. Kven vel du?

Tora stråler opp. Førstevalet hennar er enkelt.

- Bjerkheimringen! Dei er flinke dansarar med gode formasjonar  og bind alt så flott saman. Dessutan har dei eit smittande humør , noko eg ser som ein viktig eigenskap i kulturformidlinga.

- Og nummer to?

- Det er heller ikkje så vanskeleg. Vamp! Kombinasjonen av gode tekster og musikk saman med den flotte energien deira – det er berre fantastisk!

Og av og til får ho nettopp høve til å ”løfte fram” folk. Nyleg var ho med i prosessen då fem par frå fylket skulle veljast ut til å kome på slottsball hos Kongen og Dronninga. Men jobben som fylkesmann er som regel meir utfordrande. Ho skal vere det viktige bindeleddet mellom folk på grunnplanet og den nasjonale politikken. Ho kan likevel ikkje peike på særskilde område som er vanskelege.

- Eg kan ikkje definere noko som er vanskeleg i den forstand, men det er til ei kvar tid utfordrande å vere eit slikt godt bindeledd. Men eg likar å jobbe med utfordrande saker sjølv om dei kan vere veldig krevjande, som til dømes ein del saker om vern og bruk. Då er det ikkje alltid så lett å ta ei avgjerd, og det må jobbast ein del med grunngjevingane.

 

Meiningsfylt jobb

- Kva saker er dei mest meiningsfylte for deg?

- Det er faktisk dei same! Når vi er ein nasjon på berre 4,5 millionar menneske, synest eg vi må kunne samarbeide godt. Å få vere dette bindeleddet mellom folk og nasjonalpolitikk er for meg svært meiningsfylt. Eg opplever det også som meiningsfylt å vere ”klageinstans” – det er naudsynt  at det finst ein  garantist for rettstryggleiken..

- Tek folk direkte kontakt med deg i saker?

- Ja, både per telefon og e-post , og nokre er svært krevjande. Då er det viktig å opptre ryddig, og handtere det sakleg og profesjonelt. Eg ønskjer ikkje å vere avvisande og arrogant, difor oppmodar eg folk til å ta kontakt med meg på kontoret. Der har eg gode medarbeidarar som òg kan hjelpe til.

Tora fortel at som menneske er det faren hennar som har påverka henne mest. Han viste henne at å bry seg om enkeltmennesket i det daglege godt kan kombinerast med å tenke i større samanhengar.

- Og det er viktig for meg i jobben som fylkesmann også. Å sjå kva påverknad noko har på eit enkeltmenneske, må også sjåast i ein større samanheng. Det er ein viktig del av jobben min.

 

Av Heidi Elin Nupen

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Tora Aasland,

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...