POTETPREDIKANTEN

01.07.2005
POTETPREDIKANTEN
Olaf Ausdal

Ho kom til Europa frå Sør-Amerika for 500 år sidan, men fekk ingen varm mottaking. Frå preikestolane i England blei ho fordømd, og styresmaktene i Frankrike meinte ho var årsaka til spedalskskap. I det vesle landet Noreg derimot blei ho elska. Ho fekk til og med sin eigen festival.

- Du har vel høyrd om potetprestane i Noreg?

Festivalsjef og potetgeneral Olaf Ausdal sitt lett hengslengd på kontorstolen sin bak ein stor pult dekka av potetplakatar. Ein smilande potet med armane i veret dekorerer både caps og jakke.

- Dei forsto kor viktig poteta kunne bli i et land der befolkninga sulta. Derfor talde dei varmt om ho frå preikestolane, og lærte folket korleis ho skulle dyrkast, oppbevarast og tilbredast. På festivalen har vi ei eiga potetgudsteneste. Det er faktisk den best besøkte gudstenesta i løpet av heile året her på Jæren.

 

For åttande året på rad har poteta blitt feira på Jæren. I løpet av fire dagar i september er ho blitt beskua, beundra og bespist. For kvart år har festivalteltet vokse i omfang for å få plass til ein stadig større strøm av besøkande.

- Alle har trykt potetfestivalen til sitt bryst. Den har klart å engasjere alle, opplysar potetsjef Ausdal. Sjølv etter å ha arrangert sin åttande festival, hevdar han bestemt at han ikkje er lei poteta. Tvert imot et han ho framleis til middag kvar dag.

- Det beste eg veit er å kutte potetene opp med skallet på i fire delar, ha på olivenolje og krydder, og så bake dei i omnen.

- Det er vel det som kallast greske poteter.

- Greske? Nei, det veit eg ikkje. Jaja det kan vere det same. Eg har ikkje tenkt å snakke med dei etterpå likevel.

 

 

Universalgrønsaken

- Ho kan brukast til alt. Visste du for eksempel at du finn potet i iskrem og seigmenn?  Poteter kan også bli kunst. Heime på veggen har eg eit maleri av to pimpernellar som står og smugtittar inn på ei naken beate. Nei, når det gjeld poteta så finst der ingen begrensingar. Det er bare utruleg med mogligheiter.

Han prediker varmt om poteta, som potetprestane i landet gjorde for over 200 år sidan.

- Men kvifor lage ein fire dagar lang festival til ære for poteter?

- Du veit, det er noko ujærsk med poteta. Landbruket har alltid betydd mykje her. Og så finst det så mange kjekke linkar til poteta, det er bare å la kreativiteten sleppe til. Og så kjem lista over kva potetfestivalen har på programmet i år. VM i greiphiving, komlekåseri, potetsafari med helikopter, potetblues, potetkafé, potetdrøs og potetnachspiel.

- Ja, og så arrangerer vi og konkurranse i eplekjerringbæring.

- Hæ?

- Mannfolka tar kvar si kjerring på ryggen, og kjemper om å springe fortast. Hehe. Og så er det sjølvsagt kvart år alltid fullt hus på akevittseminaret vårt.

 

 

Populær potetfeiring

50 tonn poteter blir seld, og over 4000 komlemiddager fortært på fire festivaldagar kvart år på Bryne.

- Kvifor har festivalen blitt så populær?

- Oi, bare vent litt. Potetsjefen sin telefon ringar. Den påfølgjande telefonsamtalen varar i omlag fem minutt, og dreier seg i all hovudsak om komler.

- Eg trur festivalen har slått så godt ann blant folk fordi den inneheld ein god blanding av mat og kultur. Vi har noko for alle her. Festivalen er ekte og jærsk. Den har etterkvart blitt noko som folk ventar på, og ser fram til. Nokon må bare gå på VM i greiphiving, medan andre gler seg til å kappspringa med ei kjerring på ryggen. Dessutan så er det fire dagar med gratis underhaldning.

Og dei meir eller mindre potetfrelste festivaldeltakarane strøymer på i stadig større mengder for kvart år poteta feirast. Både jærbuar og byfolk kjem for å oppleve kva poteta kan tilby.

- Til og med Stavangerfolk tek turen ut til Bryne under potetfestivalen. Det er ikkje ofte. Dei trur jo det er dobbelt så langt frå Stavanger til Bryne enn det er andre vegen, ler Ausdal.

Også utstillarar og seljarar kjempar om å få komme og tilby sine varer på festivalen.

- Eg kunne fylt opp Bryne over femti gonger med boder om eg skulle sagt ja til alle som hadde spurd. Men festivalen har eit bestemt krav. Kva enn det er du skal stille ut eller selje, så må det ha ei link til poteter. Se her til dømes.

Ausdal viser fram eit slips med potetmotiv.

- Det var det ein som lagde til festivalen i år.  Festivalen har og sin eigen potetpin. Han syner meg ei lita sølvpotet lik den har på capsen, t-skjorta og jakka si.

- Til festivalen i år fekk vi og ein splitter ny komlepin. Han held fram eit miniatyrfat med ein komplett komlemiddag balansert på ei nål.

- Som du ser, så kan poteta brukast til alt. Det gjeld berre å vere kreativ. Han festar komlenålen på jakka ved sidan av poteta.

 

 

Truande skyar i horisonten

Nå er ikkje det bare for poteta si skyld at det arrangerast potetfestival på Bryne kvart år.

- Ei viktig målsetting er å sette Bryne på kartet.

No er det ikkje berre potetsjefen, men og sentrumsleiaren i Bryne handelsforeining, Olaf Ausdal, som snakkar.

- Vi er så vidt eg veit den einaste potetfestivalen her i landet. Den gir oss ein flott høve til å vise folk kva Bryne har å by på. Eg er opptatt av å fremje den identiteten, kulturen og tradisjonen vi har her på Jæren,og då er potetfestivalen eit glimrande høve til å gjere nettopp det. Det er under festivalen vi opplev den største handlehelga i året på Bryne.

Men sjølv om poteta blir elska og ete fire dagar til endes kvart år på Bryne, er ho ikkje lenger like populær blant folk flest. Dei siste tretti åra har forbruket av poteter her i landet nesten blitt halvert. Poteta tapar stadig terreng for både ris og pasta.

- Kva skal gjerast for å hjelpe poteta å få fleire vener?

- Potetfestivalen, kjem det kontant. Potetgeneralen smilar.

- Det som er viktig er at alle ledd i potetbransjen tar dette problemet på alvor. For poteten er eit godt råstoff med stort potensial. Visste du forresten at poteter er godt i pizza?

Fedon Lindbergh sin kontroversielle ernæringsfilosofi har slått godt ann hos mange nordmenn dei siste åra. Og Fedon har ikkje noko til overs for poteta som i over 200 år har vore standard middagstilbehør her i landet.

- Kva synest du om han.

- Hehe, det er jo trist at han har funne ut at han kan tene pengar på å drive vendetta mot poteter, og ta ågerpris for brødet sitt.

- Du skal ikkje invitere han ned til festivalen neste år då?

- Hehe, alle er velkomne hit. Men eg betalar ikkje nokon flybillett. Det får han gjere sjølv.

 

 

Sterke sakar

Kvifor bør eg ta turen til Bryne neste september?

- For å oppleve noko annleis. Treffe folk, drøse, bli underhaldt og oppleve folkeleg kultur på mange plan. Og sjølvklart, få tilgang til allslags poteter. Det strømmer på med superlativar frå potetpredikanten, men eg tenker vi stansar der. Berre eit spørsmål heilt til slutt.

- Du er medlem av både ein Cognac og ein whiskyklubb. Burde du ikkje ha vore sjølvskrive medlem i akevittens venner og? Sidan akevitt faktisk er laga av poteter.

- Potetsjefen flirer. Jo, det skal eg sei deg. Det har ikkje mangla på forespørslar, men eg kan ikkje vere med i alle brennevinsklubbar som finst. Tenk korleis nekrologen min hadde blitt sjåandes ut. ”Olaf Ausdal var aktiv medlem i Cognac, whisky og akevittens vener.” Hehe, nei det hadde ikkje gått ann. Eg hadde nok aldri slukt heller når dei skulle kremere meg. Men eg drikk nå akevitt i godt lag.

 

 

FAKTA

 

NAVN : Olaf Ausdal

ALDER : 50

SIVIL STATUS : Gift, 3 born

YRKE : Sentrumsleiar i Bryne Handelsforening

AKTUELL : Potetgeneral for åttande året på rad for Potetfestivalen på Bryne.

 

 

 

 

 

 

 

 

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Olaf Ausdal, Potetfestivalen på Bryne,

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...