MADE IN BRYNE

01.06.2005
MADE IN BRYNE
Gunn Auglend Nedrebø

Året et 1977, det er sommar, og toget kjem til Bryne stasjon. Dørene vert åpna, og ut kjem der ei som gjev jærbuene hakeslepp. Ikledd tettsittande pilotdress og høge platåsko er ho etter mange år i nord vendt heim igjen. Snart skal ho lære jærbuar, nordmenn og kineserar kva som er Gunns stil.

- Æ skulle jo bare hjem på sommerferie, men den tok aldri slutt. Så her e æ fremdeles.

Sjølv om den nordnorske dialekta er framtredande, er Gunn Nedrebø, designer og eigar av butikken Gunns Stil på Bryne, ein ekte jærbu. Men då ho var seks år flytta familien frå Bryne og nordover til Tromsø.

- Det var ingen som skjønte ka æ sa der oppe, så æ måtte legge om språket.

Ho skulle berre vitje familie nokre veker sommaren 77, men så såg ho ein stilig mann i dress. Ho ba han opp til dans, og dei forlova seg.

- Æ har han ennå. Og han e fremdeles en staselig kar. Selv om han ikke går så ofte i dress lenger som æ kunne ønska, haha.

Ho ler av seg sjølv, der ho sitt bak glasspulten sin i eit hjørne av den lille butikken i Storgata, omgitt av kjoler, prøvedokker og stoff. Veggen bak ho er dekt av bilete frå tidlegare moteshow. Den karakteristiske lange svarte og grå håret hennar er det ein først legger merke til. Ho er sommarleg kledd i kort skjørt og slingbacks, sjølv om det blæs ein sur vind i gata utanfor. Og så er ho misunnelsesverdig brun etter å ha sola seg ved sommerhuset på Sørlandet.

- Eg har gått berrføtt i fem veker, og har ikkje tenkt jobb ein einaste dag. Jo, siste veka tok eg til å tenke på alt eg hadde å gjere. Sjølv om det er travelt, er det godt å vere tilbake igjen.

 

Ho har mykje å gjere. Kanskje for mykje, på for lita tid. På bakrommet sitt der ei dame som klipper og syr for harde livet. Sjølv har ho ikkje lenger tid til anna enn å teikne kleda. Berre dagen før fekk ho inn bestillingar på fem nye brudekjolar, og om to månader skal kjolen til syklisten Gunn Rita Dale sitt bryllaup vere klar.

- Nei, den har eg ikkje begynt på endå. Det burde eg vel ha gjort. Hehe. Men så jobbar eg alltid best under press. Eg garderer aldri, og det pleier å gå bra

Tydelegvis. For sin eigen brudekjole sydde ho kvelden før bryllaupet. Den blei kvit, kort og utradisjonell. Som bruda sjølv. Året etterpå gjorde han nytte som dåpskjole.

 

 

Made in China.

Ho starta å sy dokkeklede då ho var seks, og då ho var tolv lagae ho sine eigne 17-maiklede.

- Eg sydde ei bukse som ingen i Trømsø hadde sett før. Eg hugsar ho ennå, det var ei raud hoftebukse med kjempesleng. Og året etterpå kom faktisk slike bukser på mote.

 

Det gjekk endå ein del år til før ho starta med å sy for andre. Men etter å ha høyrt på gjentatt klaging frå damer som aldri fant dei rette kjolene med den perfekte farge og passform, bestemte ho seg for å sy dei kjolene som ikkje fanst.

For fem år sidan åpna ho Gunns Stil på Bryne. Det har blitt ei solskinnshistorie. No har ho kunder over heile landet, og syr kjoler til misser og kjendisar. Og snart også til kineserar.

- Jau, eg har konkrete planar om å distribuere og produsere mine design i Kina.

Det heile starta med ei motevisning av Gunns Stil design i Kina tidlegare i år.  Allereide før showet var over blei designeren kontakta av ein kinesisk gründer som ville ha klde Made in Bryne til Kina. Etter nokre hektiske møter med bruk av tolk blei avtalar inngått.

- Eg skal designe ein kolleksjon for den kinesiske marknaden. Desse kleda skal produserast i Kina og seljast til kinesiske damer. Samtidig så skal det produserast min design i Kina som skal importerast tilbake til Norge, og seljast i butikkar her. Vi planlegg å ha min design i butikkar i alle dei norske storbyane med tida.

 

Ho har oppretta eit eige firma saman med ei barndomsvenninne. Venninna skal ta seg av den administrative delen, og så skal designaren sjølv gjere det ho kan, nemlig lage kleda. Om kort tid startar dei  med konkret planlegging om korleis dei skal gå fram. Og snart dreg dei tilbake til Kina og jobbar vidare med avtalar.

- Tenk på kor stor markanden er der borte. Gunn sperrer opp augo.  Eg prøvde å føre opp eit budsjett over kor mykje eg kunne tene når eg ganga kleda med potensielle kundar, men det blei så store tal at eg blei heilt svimmel. Eg kan ikkje tenke på det. Då blir eg galen. Ho ristar sjokkert på hovudet. Nei, eg kan ikkje tenke på det.

 

Syr ikkje svart.

Så kva er det som er så spesielt med desse kjolene frå Gunns Stil som er blitt så populære?

- Eg må alltid sjå personen som eg skal designe kjolen til. Eg ser kva snitt og farge den dama ville passa best. Eg er veldig oppteken av å framheve dei kvinnelige formene, det feminine. Og så er eg opptatt av fargar. Du får ikkje sydd ein svart kjole hos meg brukar eg å sei til kundene mine.

Er norske kvinner flinke til å kle seg?

- Dei har kome seg, hehe.

- Kva gjer dei feil?

- Dei er ikkje flinke nok til å vise kropp. Det er ikkje vulgert å vise fram det ein har. Men eg trur altfor mange damer er redde for det. Dei har vrangforestillingar om at dei ikkje ser bra nok ut. At dei ikkje er tynne nok. Kva er vitsen med å ha dei smalaste hoftene og dei minste puppene? Æ blir så provosert.

Gunn Nedrebø har blitt ivrig, og fortsett talen

- Æ blir så provosert av den evinnelige slankinga. Den har jo tatt heilt av. Kvifor skal ein type kropp vere betre enn ein annan? Tenk så kjedeleg livet hadde vore om alle skulle sjå like ut. Vi skal ikkje vere A4, men unike. Nei, gløym den slankinga seier eg, og gjer det beste ut av det du har.

Designaren snakker med engasjert røst.

- Æ får hønseskinn på arman når æ tenke på kor usikre dei fleste damene som kommer inn hit e på sin egen kropp. Dei eig jo ikkje sjølvtillit. Vis fram formene dine seier eg til dei, ikkje gøym deg bak klerne. Eg vil gi folk sjølvtillit når æ lage klær til dem. Det er så mange som har blitt så overraska over kor fine dei kan sjå ut berre dei får ein kjole med eit snitt og ein farge som passer dem. Da blir eg glad.

 

Ho har hatt kundar frå 14 til 80 i løpet av dei åra ho har dreve butikk på Bryne. Og ifølge ho sjølv har dei alle blitt nøgde.

- Det har aldri vore nokon som har sagt at”Gud, nei dette kan eg ikkje gå i”. Det hadde vore grusomt. Ho ser alvorleg ut før ho smiler. Eg har jo ganske stor makt når eg kan bestemme kva folk skal gå i. Men dei blir som regel enige med meg etter litt nøling. Dei pleier å sei at jo den kjolen var fin, men eg passer nok ikkje noko sånt. Og så blir dei like overraska kvar gong dei prøver han på. På kor fine dei ser at dei kan bli.

 

Når ho får spørsmålet om kva som inspirerer ho når ho lagar kjolene sine, stoppar taleflommen og dama blir taus et øyeblikk.

- Hmm, ingenting, hehe. Det høyrest kanskje dumt ut, men eg har ei kjensle av at eg befinn meg på mi eiga vesle aude øy iblant. Eg følgjer ikkje med i moteblad eller på dei nye trendane.  Eg treng ikkje slike impulser, eg køyrer heller mitt eige løp.

- Men kor får du ideer frå då?

- Dei bare kjem. Eg visste jo eigentleg ikkje at eg kunne dette her, hehe. Eg har aldri visst at eg skulle bli designar. Det var berre ein hobby som tok fullstendig av.

 

Dama i platåsko

Det var mange som snudde seg etter ho då ho ankom Bryne for 28 år sidan. Og ein kan ikkje sei at ho glir umerkeleg inn i mengden i dag heller.

- Det var ikkje mange som spjåka seg ut i den tida. Dei turde ikkje. Det var viktigst å ikkje skille seg ut. Eg fekk mange blikk, og det var nok mykje snakk. Men det var sånn eg var, det va mæ. Ein må tore å gjere det ein vil, og ikkje vere redd for kva andre synes. Ein må ha tru på seg sjølv. Tore å gjere det ein drøymer om. Det er derfor eg og mine design skal til Kina. Eg skal få dette til. Eg skal ut i verda, seier Gunn Nedrebø bestemt.

 

Blir ikkje Bryne litt for trangt for deg då?

Ho ser uforståande på meg.

- Nei, ikkje i det heile tatt. Eg storstrivest her. Det går fint å vere på ein liten plass så lenge ein har eit produkt som selg bra. Folk kjem til butikken frå alle kantar av landet. Så uansett kva som skjer i framtida, så vil eg fortsette å drive Gunns Stil på Bryne som før. Og så fekk eg jo byutviklingsprisen for Bryne i fjor. Så nå kan eg iallfall ikkje flytte, haha.

 

 

FAKTA:

Namn : Gunn Auglend Nedrebø

Alder : 45

Sivilstand : Gift, 3 barn

Yrke: Designer

Aktuell : Skal starte med design i Kina

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Gunn Auglend Nedrebø,

Nyheter

Jerndikt

Jerndikt

Et forsøk på å forstå ...

Da bikkjene gikk løse

Da bikkjene gikk løse

Tilhørlighet Å bli tatt imot med ...

Aller helst vil eg danse

Aller helst vil eg danse

Det lakkar og lir … - Kom, lat oss snu timeglaset ...

«‘DAYÊ’» Er lyden av kjærlighet»

«‘DAYÊ’» Er lyden av kjærlighet»

En gripende reise gjennom generasjoners kamp, ...

Trollet på hytta hjalp til med kveldsstellet

Trollet på hytta hjalp til med kveldsste...

Kristine Buettner blander gjenkjennelig hverdagsproblematikk ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...