Eg måtte overtalast

01.09.2005
Eg måtte overtalast
Åshild Ø. Osaland

81-årige Åshild Ø. Osaland debuterer som utstillar denne månaden. Den pro-duktive kunstnaren seier at ho likar ikkje å vere i fokus, men at ho vart overtalt til slutt.

- Eg kan berre seie at dei var dyktige som klarte å overtale meg, for eg målar kun for min eigen del, og likar meg ikkje i søkelyset, seier Osaland ei veke før utstillinga er opna. Det var gjennom mannen Knut at Vara-tun Gård fekk greie på den store samlinga hennar.

Åshild har vore allsidig i kunstfor-mene gjennom åra, og meistrar alt frå glas -, porselen-, akvarell- og oljemåling. Heimen til Åshild og Knut er fylt med masse kunst, både eigenprodusert og innkjøpt.
- Eg byter ut mine eigne bilete etterkvart som eg kjøper inn frå andre, fortel Åshild. Sjølv om ho er oppteken av å måla for sin eigen del, er ho også oppteken av kva andre får til.

Ikkje på oppdrag
- Målar du nokon gong på oppdrag for andre?
- Nei, eg gjer det kun for mi eiga glede. Men det er sjølvsagt kjekt når andre også likar det eg lagar. Ja, det kan faktisk vere at dersom eg ikkje hadde fått den responsen utanifrå på arbeida mine, at gleda mi ikkje hadde vore like stor, forklarar Åshild.
- Har du hatt nok tid til målinga gjennom åra?
- Nei, ein får aldri nok tid. Skjønt, no er det jo litt annleis sidan eg er pensjonert. Men så har eg mange andre interesser også som tek mykje tid, seier Åshild.

Åshild er lidenskapleg oppteken av lesing, og les bøker frå eit svært variert spekter. Aller best likar ho historiske bøker. Elles spenner det frå Harry Potter til Lars Oftedahls biografi. Til frukosten – som alltid er lang og god – les ho 4-5 aviser. Ho må halde seg oppdatert, meiner ho.
- Dessutan er høyrsla så dårleg at eg har vanskar med å få med meg noko frå tv eller radio. Eg har aldri hatt god høyrsle, men då det vart markert verre for om lag 20 år sidan, valde eg å tre ut av arbeidslivet. Men det gjekk ikkje så lang tid før eg
byrja å halde kurs i porselensmåling, eg sakna å dele kunnskapane mine med andre, fortel ho.

 

Allsidig
Og i meir enn 20 år har ho inspirert andre til å bli betre. Sjølv har ho lagt porselensmålinga på hylla, no går det mest i akvarellar og oljemåleri. Men på utstillinga på Varatun Gård vil ein stor del av hennar produksjon av porselensarbeid vere å finne. Ho trur responsen vil vere like ulik som dei som ser arbeida.
-Eg er verken nervøs eller spent i høve til utstillinga. Eg har ”akseptert” situasjonen, kan du seie. Men det er klart eg tenker ”Er det bra nok?” Likevel, publikum vil nok strekke seg heilt i frå dei som ikkje forstår kva arbeid som ligg bak, til dei med meir profesjonelle auge som sikkert vil studere arbeida mine meir kritisk. Siste åra har eg jo konsentrert meg meir om akvarell- og oljemåling – med porselensmålinga
har eg nesten stoppa opp. Utviklinga har gått vidare, men eg har ikkje følgt med på utviklinga siste åra. Men eg er ikkje nervøs, eg er faktisk heilt roleg i høve til at mange skal gå rundt og studere arbeida mine, fortel Osaland.


Målar kvar veke
Åshild O. Osaland målar enno kvar veke og helst på føremiddagen når ho er mest opplagt. Inspirasjonen kan vere så mangt, men ho har fleire gonger teke utgangspunkt i eigne eller andres fotografi. Målet hennar er at motiva skal framtre så presist og naturleg som muleg, og arbeida rundt omkring i stova viser at det har ho lukkast med veldig mange gonger.
- Eg har tenkt; no vil eg sette meg ned i ein gyngestol og strikke ”labbar” til borneborn og seinare oldeborn, medan eg kan verte ”oppvarta” av dotter mi. Men eg er så
glad i så mange aktivitetar, at det vert det nok ikkje noko av, ler Osaland.

Redaktør -

Nyheter

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

Viktig bok om ME

Veit ikkje om eg no er åleine

Veit ikkje om eg no er åleine

Ei sterk forteljing om familie, kjærleik ...

Til min obdusent

Til min obdusent

Om de store, klassiske spørsmålene ...

Perspektiver og ettertanke

Perspektiver og ettertanke

Poesi på en helt ny måte

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...