Goe greie begge veie

01.04.2005
Goe greie begge veie
Arne Braut

Han har spelt trommer for kongen og har hovedfag i plendyrking. Så fekk han ein glimrande ide om kva ein kunne gjere med møkka til titusen høner. Nå opplever han eit aldri så lite industrieventyr, og utfører kun eit trommestunt i raude strømpebukser.

På veg frå Klepp til Bryne er det eit skilt som det er umuleg å ikkje sjå. Plenkrutt står det med gigantbokstavar på tvers av eit heilt løetak. Ein blå plenkruttvarebil tar ein brå sving inn på gardsplassen. Og ut kjem Doktor Plenkrutt himself. Nyklippa og blond i håret.

- Eg måtte til frisøren, eg kunne ikkje se ut slik som eg gjorde.

Men det er ikkje håret eg først bit meg merke i med denne mannen. Noko nede med bakken dreg merksemda mi vekk frå den nye frisyren. Mannen framføre meg har ein blå og ein raud sko. Merkverdig.

 

Det er mange fine plenar i Rogaland

- Så lenge ein får eit godt resultat, så er det berre å drite i lukta.

Tretti prosent av alt fjørfe i landet bur på Jæren. Og det dei legg igjen ifrå seg, har alltid vore eit stort problem for bøndene. For hønsegjødsel er kraftige saker, og må derfor spreiast utover store areal slik at den ikkje skal øydelegge jorda. Redningsmannen blei Arne Braut den yngre. Etter å ha skrive hovudoppgåve i plendyrking fann han ut at kompostert fjørfegjødsel var som balsam for sjuke plenar. Plenkrutt blei namnet på medisinen. Og på garden heime var det nok å ta av. Her bodde der titusen høner.

- I plenkrutt finn du alle næringstoff som plenen treng. Det ligg eit utrulig stort potensiale i produktet. Braut er sikker i si sak.

Men det har han ikkje alltid vore. Det gikk tregt med butikken i starten. Braut selde ikkje nok, og mista til slutt nesten motet. Men så fatta ein journalist frå lokalavisa interesse for den unge mannen med det duftande produktet. Han skreiv ein artikkel om plenkruttet, og ballen starta å rulle.

200 sekkar med plenkrutt blei selt i 1994, ti år seinare var talet oppe i 80 000.

- Livet er en haug med tilfeldigheiter, seier Braut og smiler.

 

Ein illeluktande bransje

- Plenkrutt har eit stort potensiale på landsbasis. Det er ein kjempeetterspørsel etter gjødselen. Arne Braut kunne snakka om plenkrutt i fleire døgn dersom ein ikkje hadde stansa han. Han fortel om korleis han har tenkt å utvida produksjonen, og starta med utsal på austlandet.

- Men det er ein kynisk bransje, dette her. Braut blir alvorleg.

- Etterkvart har dei store grossistane fått auga opp for det eg driv med, så det har blitt ein del møte om leveransar og pris. Men då ein stor aktør i bransjen kom med eit kontraktstilbod om femten kroner sekken for plenkrutten, vart Braut irritert.

- Eg sa han kunne ta å stappa den kontrakten der du har det høgaste punktet ditt når du plukkar jordbær. Haha! Braut gliser.

- Nei, ein skal ikkje slite ut dei som arbeider for ein. Det finst nok av blodsugande bedrtifteigarar. Braut sin personalfilosofi er å vere kompis med dei som jobbar for han. Det er det som gir dei gode resultata, meiner han.

- Det er gutta på golvet eg alltid har, og alltid vil like best. Det finst nok av pløsete sjefer. Og humor, det er utruleg viktig, understreker Braut.

- Eg hadde vore hjelpelaus utan humor. 

Og så får eg høyre om eit litt spesielt julebord plenkruttgjengen hadde.

- Eg ringte til Grand Hotell i Egersund og bestilte bord til oljeselskapet GG Consulting. Ein forkortelse for Gobbli Gobbli Consulting, haha. Eg fortalte dei at me nyleg hadde fått i land ein svær kontrakt og skulle feire skikkeleg. På førehand hadde eg snakka med ein kompis av meg som er ingeniør, og hadde lært dei oftast brukte ord og uttrykk desse folka bruker. På bussen til Egersund lærte eg dei vidare til dei andre. Og på julebordet var me alle ingeniører. Dei andre dro spøken så langt at eg til slutt blei flau, innrømmer lystløgnaren. Men når han er på jobb, lyg han nesten aldri.

- Det er viktig å vere ekte med kundane.  Eg kunne ikkje vore bilselgar for å seie det sånn. Nei då er det ærlegare å selje rein skit.

 

Det lokta, men det virka

Doktor Plenkrutt sin draum er ei heilsides annonnse i VG der det kun skal stå med store bokstavar : Det lokta, men det virka.

- Men ei slik annonnse må ein ut med over 200 000 kronar for.

- Du har vel råd til det du? Har du ikkje tent nokre pengar på kruttet ditt?

- Nja, Braut drar på kvar bokstav.

- Det meste har gått tilbake til driften. I fjor tok han ut overskudd for første gang på den store sum av femti tusen kroner.

- Det meste har gått til markedsføring. Braut er hellig overbevist om plenkruttets vanvittige salspotensiale. Flesteparten av pengane han har tent, er gått til marknadsføring. Etter ikkje heilt fullførte studier i marknadsføring på DH i Stavanger, innså han verdien av å gjere produktet sitt godt kjend. Det er vanskeleg å ha unngått å ha lese ei plenkruttannonnse i lokalavisene, eller sett eit reklameinnslag for og med Braut og kruttet hans på TV Vest.

- Ein skal ta ein liten kunde like alvorleg som ein stor. Eg legg vekt på å hjelpe kundane mine, å gi dei veiledning. Braut forklarar.

- For eksempel ber eg dei ta med seg litt av plenen sin, slik at eg kan ta ei jordprøve av han. Så kan eg fortelle om kva som er gale. Og om plenen treng plenkrutt eller noko anna.

- Om plenen ikkje trong plenkrutt, ville du sagt det då?

- Ja, du skal ikkje tru at kunden er dummare enn du. Då har du drete på draget.

 

Ar`e mødje nå

Medan vi sit og snakkar, blir vi med eit avbrote av ei stemme som synest å komme frå ingenstans. Det er ringelyden til Braut sin mobiltelefon.

- Andre enden. Ja..mhm. Resten av samtalen dreier seg om hønsegjødsel

- Kva var det telefonen din sa da den ringte, lurar eg.

- Å, haha, den sa Ar`e mødje nå? Ettersom eg ser ut som eit spørsmålsteikn, forklarar Braut at utrykket oversatt til meir forståeleg norsk, er eit jærsk uttrykk som tyder at det er mykje som skjer på ein gomg. Eit utrrykk ein gjerne kan bruke når det er mykje som skjer og ein blir litt stressa. Braut har overtatt uttrykket frå ein tidlegare ansatt.

- Eg traff ein gammal mann i banken for mange år sida, som skjelte meg ut fordi plenkrutten min ikkje virka. Då sa eg til han at han skulle komme innom meg dagen etter og få ein palle med plenkrutt av meg. Men han kom aldri, så eg ringte heim til han. Det synte seg at han nettopp var blitt pensjonist, og bare gjekk heime og kjeda seg. Kom hit, så skal du få jobb, sa eg då. Og så jobba han her hos meg i over 5 år. Heilt til han ein dag plutseleg fekk kreft og døde. Det er to år sidan no. Mannen overfor meg blir blank i auga. Karen lev enno her i veggane. Det finst nokre menneske som du trykker heilt inn til hjarta ditt. Braut tørkar vekk ei tåre. Vi går over til å snakke om noko langt meir lystig.

 

 

 

Trommestunt

Hausten 1993 var det opprørsstemmning blant slagverkseksjonen i Klepp Hornmusikk. Korpset hadde nemleg bestemt seg for å innføre leieavgift for bruk av korpset sine instrument. Slagverkarane fann dette heilt urimeleg, då det ville vere heilt urealistisk for dei å eige alt utstyret sitt sjølv. Ei eiga protestrørsle blei stifta, og fekk det klingande namnet SAKMIL. Eller ”Slagverkernes Aksjonskomite Mot Instrumentutleie”. På neste øving stilte dei utelukkande med eigne instrument av varierande kvalitet, for å sleppe å betale avgifta. Etter mye rabalder blei den upopulære instrumenavgifta fjerna.

- Sidan SAKMIL blei danna som ei protestgruppe, var det aldri meininga at gruppa skulle få noko langt liv. Braut smiler.

Men til Klepp Hornmusikk sin nyttårskonsert i 94 hadde slagverkarane øvd inn eit overraskelsesstunt, som dei andre medlemmane ikkje visste om.  Stuntet blei møtt med jubel, og førte raskt til nye sjølvstendige oppdrag. Namet blei beholdt. SAKMIL har reist både i inn- og utland og underhalde med sine trommestunt. Kvar sommar er dei blant anna å sjå på Glamatfestivalen i Stavanger i sine karakteristiske raude strømpebukser

- Kvifor raude strømpebukser?

- Nei, bruken av dei var eigentleg berre ei impulshandling på eit oppdrag i 96, men dei ble så godt mottekne at at dei seinare har blitt eit fast følgje.

Det var som slagverkar i Garden at Arne Braut fekk opplæring i trommestunt. Et trommestunt er kort forklart eit musikkstykke skrive for ei gruppe paradetrommer, der det visuelle er minst like viktig som sjølve musikken. Det mest iøyenfallande er stikkeløft og ulike triks med stikkene medan ein spelar.

- Etterkvart har vi blanda inn meir og meir innslag av crazyhumor i stunta. Det blir mye hoing og skriking. Braut ler.

- Det som er viktigast for meg, er å fremma og spre glede. Somme hoppar i fallskjerm, medan eg får eit kick av å få folk til å le seg i hel.

 

Goe greie begge veie

SAKMIL medlemmane følgjer med i tida, og har oppretta eigne internett-sider. Her kan du blant anna lese SAKMIL-nyheitene.

- Det er rykte og rauaraddel om folk og fe på Jæren, fortel Braut.

- Rauaraddel?

- Ja, sladder, då.

På nettsidene finn du og ei eiga ordliste, med ein del sterke ord og uttrykk med tilhøyrande forklaringar. Som for eksempel utsgnet ”Goe greie begge veie”. Ein vanleg kommentar i Arne braut sitt vokabular, og som kan tolkast ganske fritt.

- Ordlista består av visdomsord som kjem frå lokale heltar, pluss ein del gamle jærske uttrykk, seier Braut.

- Men mange av dei er ganske på kanten.

- Hehe, ja me har fått påpakning for det. Derfor er ordlista utstyrt med ein advarsel for sarte sjeler. Arne Braut gliser lurt.

To små jenter kjem inn i stua og fortell faren kva dei har gjort på skulen. Arne Braut har vore produktiv, og har tilsaman fire jenter.

- Eg har alltid blitt godt likt av ungar.  Det er nok mange i den eldre garden som synest at eg er litt for gal, men ungane liker det. Dei er så ærlege og direkte. ”Du har damesko” seier dei til meg  når eg har på meg treskoa. Så har eg alltid eit par laustenner i lomma, og shower litt med dei. Da eg var liten, gadd aldri mennene å snakke med oss ungar. Hvis du ikkje tar deg tid, så har du tapt den dagen du er sjuk og ungane dine ikkje gidd å komme. Eit par blå auge blir alvorlege.

- Eg betemte meg for at eg ikkje skulle vere sånn med mine ungar. Nå har eg fire jenter, og ser fram til ein god alderdom. Auga blir smilande igjen.

- Det er slike små ting, som for eksempel at ei av jentene har gjort noko kjekt på skulen, som gjer meg glad, og som betyr mest for meg. For ei tid tilbake fann eg eit storspovereir med fire egg i utpå marka. Då sette eg opp ein pinne ved reiret, og sa til dei andre at dei ikkje skulle pløye der. Eg tok med meg jentene bort for å sjå på egga. Og medan dei sat forsiktig på huk ved reiret og sa ”å, så fint”, tenkte eg ; så smått og flott somme ting kan vere.

 

Here, there and everywhere

Arne braut sin helt heiter John Lennon.

- Eg har alltid vore stor Beatles-fan, medgir han. Lennon var eit ikon. Han var lynande skarp, og han hadde og humor. Han valgte å seie tydeleg fra om det han sto for. Braut sjølv er ikkje alltid like direkte.

- Eg har lært meg til å vere avmålt i visse sammenhengar. Som for eksempel med kundane. Ein må hugse på at folk er forskjellige.

Men det er eit par politikarar som han gjerne skulle sagt eit par alvordsord til. Han lanserer ein ny ide.

- Det skulle vore arrangert ein ekte skittkastingskonkurranse for politikarar, der dei kunne kasta hønsegjødsel på kvarandre. Så kunne det vore nokre dommarar som avgjorde kven som var best. Til slutt kunne ein hatt ein paneldebatt om kvifor politikarane alltid er så usaklege. Braut ler høgt.

-  Det er jo ein kongeide. Det hadde vore jekla festleg. Til slutt kunne ein spylt dei i dusjen. Haha.

Intervjuet er slutt. Vi er på veg ut for å ta ein kikk inn i ”Poddebuå”, Arne Braut sitt kontor.

- Eg fekk overbevist dama på opplysninga om at ei poddebu var eit jærsk uttrykk for varelager, så nå står namnet på gule sider. Han tar på seg treskoa. Ein blå og ein raud.

- Kvifor har du to ulike sko?

- Hehe, vil du høyre den historia? Jo, det hadde seg slik at eg kjøpte meg nye raude tresko. Det er jo så in med det nå. Men så møtte eg ein dag ein gammal bekjent i butikken. Han såg på dei raude skoa mine, og spurte om eg var blitt ein skap-homo. Etter det måtte eg nesten kjøpe meg eit par blåe tresko. Så nå går eg likeså greitt med ein av kvar.

- Du tar med andre ord framleis vare på den feminine sida i deg?

- Hahaha , ja ein kan vel seie det slik.

  

FAKTA :

Navn : Arne Braut jr.

Alder : 40 år

Sivil status: sambuar, 4 born

Yrke : bonde og klovn

Aktuell : selg plenkrutt som aldri før og utfører overraskande trommestunt

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Doktor Plenkrutt, Arne Braut jr.,

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...