Inspirert av Jan Erik Vold

19.10.2021
Inspirert av Jan Erik Vold
Lyrikkforlaget
Bent Eia

– Eg har skrive dikt sidan ungdomsskulen. Det var Jan Erik Vold som inspirerte meg, fortel Bent Eia, som er aktuell med si femte diktsamling. Den har fått tittelen Puslespelbrikker.

Eia har markert seg som ein dyktig og folkekjær lyrikar. Han får gode meldingar i pressa kvar gong ei ny diktsamling er på trappene. Dikta er prega av hans kjærleik til naturen, hans skepsis til religion og hans nære kjennskap til psykisk sjukdom.

– Det eg skreiv dei første åra, egnar seg ikkje for å koma i bokform. Det eg har skrive i dei fire første bøkene mine, syner at eg er glad i naturen. Det at eg har psykiske vanskar – eg er bipolar – kjem òg til uttrykk i bøkene mine.

Eia er medlem i Mental Helse. Han er ateist og humanist, og er følgjeleg medlem av Human-Etisk forbund.

– Men kona mi er kristen, så eg er tolerant, legg Eia til.

 

Bent Eia er fødd i 1957 i Asker, som yngst av fem brør. Han vaks opp som einebarn hos tante og onkel på småbruket Tjednareid på Eia i Sokndal lengst sør i Rogaland. Dette småbruket dreiv han frå 1980 til 2006.

– Adoptivforeldra mine var med i drifta så lenge dei var arbeidsføre. Etter dette var eg med ein snekkar som hjelpemann omlag sju år ved sida av uføretrygd, fortel Eia.

Han var alvorleg psykisk sjuk i 2018 og 2019, og det har sett sitt preg på ein del av dikta i den nyaste boka, Puslespelbrikker. Dei handlar om djupt mørke og om døden.

– Men motstykket til dette er krafta i kjærleiken som lyftar meg opp der eg vil at livet mitt skal vera.

Eia vonar at boka kan vera av interesse for dei som er opptekne av psykisk helse, men og av lyrikkvener som pris på dikt om filosofi, natur og kjærleik, tema som ofte er innvevd i kvarandre.
– Eg trur at denne boka skil seg frå andre diktbøker ved val av emne, og at ho er ganske utleverande. Eg veit at der er menneske som ikkje har hatt noko forhold til lyrikk, men som likar dikta mine, forklarer lyrikaren.

Redaktør -

Nyheter

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024

PRESSEMELDING - LESERUNDERSØKELSEN 2024 ...

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

«Nazi-unge!», «homo-jævel!» …

– Mange bøker er skrevet om homser og ...

Norsk haiku

Norsk haiku

Herner Sæverot er aktuell med boken ...

Et liv på flukt

Et liv på flukt

Avin Rostami skriver dikt om en barndom i ...

Dikt om krigens skyggesider

Dikt om krigens skyggesider

Bojan Celise Skaar debuterer med diktsamlingen ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...